Juni og juli - sommerbonanza for oss med solceller

Nokre gonger har ein flaks. Eg hadde flaks med at eg bestemte meg og gjekk all-in og bestilte solceller i mai i fjor. Dei blei satt i produksjon 17. august i fjor. 

Før det hadde eg overhodet ikkje noko aktivt forhold til straumprisar. Dei fluktuerte på eit normalt nivå. Så kom straumkrisa. Prisane gjekk i taket i haust og vinter og har som alle veit berre blitt verre i sumar. 
Forskjellen på vinter og sumar er imidlertid skyhøg når ein har solcellepanel på taket. 



Samanlikning juni 2021 og juni 2022

I juni 2021 brukte eg 957 kWh, og med normale straumprisar kosta straumen meg 1315 kroner (straum og nettleige slått saman). 
I tillegg brukte eg 1360 kr på diesel. Altså til saman 2675 kroner på energi. 

I juni 2022 brukte eg 980 kWh (inkludert elbillading), Av dette kom 410 kWh heilt gratis frå solcelleanlegget mitt. 
Total produserte anlegget mitt 1111 kWh. 
Dvs at eg kjøpte 570kWh. Dette kosta 1100 kr etter at straumstøtta var trekt frå. 
Det betyr at eg kunne selge 701 kWh til spotprisen i region NO2. Det fekk eg 1239 kroner for. Dermed gjekk eg i pluss med 100 kroner i juni - inkludert drivstoff til bilen.
Altså blei resultatet i juni 2022 minus 100 kroner på energi.  

No er det slik at det er større skilnader på energibruken til bilen når ein samanliknar månad for månad, år for år. Både ting som pandemien, skilnad på kor mykje heimekontor eg har, når eg tar ut ferie, og kor mykje eg køyrer i ferien spelar så mykje inn at regnestykket blir stort og vanskeleg. 

For juli tar eg difor utgifter til diesel og elbillading ut av regnestykket. Det gjev også ein viss peikepinn på lønnsomheten dersom eg hadde klart meg utan bil. 

Tal for juli:
I juli 2021 brukte eg 708 kWh til ein kostnad på 1094 kroner. 

I juli 2022 kjøpte eg 454 kWh til ein kostnad på 635 kroner etter at straumstøtta er trekt frå.

Eg produserte 1013 kWh. Brukte 293kWh sjølv og solgte 720kWh for 1675 kroner

Det vil seia at eg gjekk i pluss i juli med 1040 kroner!

Det er altså veldig fint med anlegg no, og det kjem til å vera fint i august og slett ikkje verst i september, men i oktober-mars er det berre marginalt å tene. Som du ser i grafen under er produksjonen frå oktober til februar til saman berre litt meir enn produksjonen i mars og september, og berre halvparten av produksjonen i mai, juni og juli, 

Under er siste års produksjon. August er merka med gult fordi det berre er produksjon frå den 17. i den månaden. Når august er over vil eg analysere siste år litt meir nøye. 


Inntening av anlegget

Eg er som eg har skrive før ikkje så veldig opptatt av nedbetalingstida av anlegget. Eg har kjøpt eit anlegg til 100.000 slik andre folk har kjøpt f.eks eit nytt kjøkken, men sidan eg likevel analyserer energikostnader og produksjon, så er det jo også gøy å sjå korleis eg kan liggja an med nedbetaling. 
Desse tala er veldig nøkterne og tar ikkje omsyn til alle faktorar som t.d. inflasjon etc., men gir ein peikepinn.  

For eit år sidan med anslaget av produksjon og gjeldande prisar låg det an til gjennomsnittleg sparte kroner pr månad på 700 kroner. Noko eg rekna som relativt optimistisk. Då såg det ut til at det ville bli ei nedbetalingstid på litt over 12 år. 

Pga dei høge straumprisane viser tala at  gjennomsnittleg innsparing pr månad det siste året har vore 840 kroner. Det betyr at anlegget vil ha tent seg inn før det er gått 10 år (frå no). 
Av dei 108.000 eg betalte for anlegget for eit år sidan har eg allereie tent inn minst 9000 kroner.

Det er også interessant at eg i det første innlegget etter produksjonssetting har notert at Otovo estimerte ein årleg produksjon på 2900kWh - som utgjorde ca 12% av forbruket. 

Dei konkrete tala viser at eg sidan starten har produsert 6300 kWh. Altså meir enn dobbelt så mykje. 
I perioden har eg også senka forbruket av straum med nesten 10% - Frå ca 23.000 pr år til 21.000. Og det er til og med inkludert elbillading sidan desember! Det betyr at solcelleproduksjonen min no utgjer 28% av totalt forbruk.  Det hadde eg ikkje trudd då eg starta! Men veldig positivt. 

Meir detaljert om dette kjem i neste innlegg i september. Då vil eg analysere heile første år med full produksjon. 




Kommentarer