Holger reddar verda

Neida, eg reddar ikkje verda aleina. Ingen av oss kan gjera det aleina, men eg meiner det er svært viktig å vera ein del av løysinga, ikkje ein del av problemet. Eg er som alle andre berre ein enkeltperson, men heile verdas befolkning består faktisk av enkeltpersonar, og det kvar og ein av oss gjer kvar dag påverkar heile klimaregnskapet i positiv eller negativ retning. 


Alle har eit ansvar for å minke karbonavtrykket vårt - både privat og på jobb. Spesielt vi som bur i eit kraftkrevjande land har eit stort ansvar. 

Eg har vald å ta ansvar for eigen energibruk og å minke mitt eige karbonavtrykk, og mange spør kva ein kan gjera, og her er ei oversikt over kva eg aktivt har gjort dei siste tre åra, og kva resultatet har vore for meg så langt. Nokre av dei vala eg har gjort nyleg vil ikkje visa nokre resultat før om eit års tid, så eg vil fylgja opp med ny bloggpost på eit seinare tidspunkt. 

------------

Sidan eg blei sitjande aleina igjen i huset etter skilsmissa mi i 2018 starta eg på eit prosjekt for å energiøkonomisere huset mitt. Eg tener greit, men det er dyrt å bu aleina, så eg har samstundes også hatt eit mål om å minke energikostnaden på månadsbudsjettet. 

1) Automatisering/smarthjem

Eg gjorde mykje research på Smarthus hub og vurderte mange alternativ, men landa til slutt på Samsung Smartthings som sentral hub. Eg har installert lyskjelder frå IKEA og andre smarte piller for å styre når lys går av og på. 

Eg brukar Sensibo Sky til å styre den gamle varmepumpa mi med nattsenking av temperatur, og eg er i ferd med å bytte ut alle 1-2-3-brytere og "dumme" termostatar med smarte termostatar for automatisk nattesenking og senking av temperatur når eg er borte. 

For dei resterande varmegolva eg har utan smart kontroll, er eg bevisst på å skru ned/opp temperatur etter når eg er heime/borte. 

Dette har ført til ein reduksjon i straumbruken frå ca 30.000kWh pr år i 2017 til ca 23.000 i 2020, og det i eit år der eg har vore mykje meir heime pga covid-19. 

Straumforbruket mitt 2013-2020

2) Kraftproduksjon solceller 

Eg har tenkt på det lenge, og ved inngangen til sumaren 2021 har eg endeleg bestilt solcelleanlegg på taket mitt. Eg bur ved Langesundsfjorden i Bamble, og området blir kalla "Solkysten" fordi vi har så mange soldagar i året. Dette er ein klar fordel, og når eg ellers har eit relativt flatt tak med stor flate, er det godt eigna til å installere solpaneler. 


Eg får plass til totalt 19 premium solcellepanel som i teorien skal gje ein produksjon av 2900kWh i året. Det blir spennande å sjå det i praksis. 

I skrivande stund ventar eg enda på installasjon. Eg kjem til å skriva eit nytt innlegg med oppdatering på eit seinare tidspunkt. 

Dersom du er interessert i solceller, bruk gjerne denne lenka for registrering. 
https://www.otovo.no/r/1zhbb5d

Brukar du den vil du få eit avslag på installasjon, og eg får ein vervepremie. 

3) Tibber

I 2018 bytta eg frå vanleg straumleverandør til Tibber. Tibber shoppar straum for deg dagleg og passar på at den både er billig og miljøvenleg. Den gjev deg uovertruffen kontroll på straumforbruk og har mange "powerups". Det er funksjonar og dingsar som gjer at du kan styre energibruken din ut frå når produksjonen i nettet er lavt og dermed har  lågast pris og belastar nettet minst.

Du har heile tida kontroll på straumforbruket ditt i appen. Det er ingen tvil om at Tibber har spart straum for meg.  


Dei kjøpar også krafta som eg produserer med solcelleanlegget mitt og ikkje brukar sjølv!

Dersom du er interessert i Tibber kan du registrere deg her for meir informasjon, og om du registrerer deg via lenka får du (og eg) heile 500 kroner å bruke til smarte dingsar i Powerups-butikken, 

 https://invite.tibber.com/5bbf7f86

4) Elbil. 

Eg har køyrd dieselbil i mange år, og eg har ei god stund hatt lyst på elbil, men samstundes som ein ynskjer å bidra til minka co2-utslepp, luftforureining og minsdre svevestøv, så har ein jo andre ynskje og krav når ein investerer i bil. 

Eg brukar bil til jobb kvar dag. 3 mil kvar veg. Eg er avhengig av at bilen går, er påliteleg og at den har god plass og sittekomfort for meg som er 192 cm høg. Den må også ha plass til mine store barn i baksetet. 

Eg treng bra med bagasjeplass.  Eg har køyrd store bilar heile livet, og mellomklasse stasjonsvogn er minstekrav. Eg køyrer ein del med musikkutstyr og videoproduksjonsutstyr som tar plass, så dette var eit krav. Eg skal også køyra på ferie med mine store barn, og må ha plass til både folk og bagasje!

Eg treng tilhengerfeste. Eg har båt på tilhenger som eg må kunne trekke hit og dit når eg vil utan å måtte leige bil. Eg vil også ha mulighet til å køyre søppel og frakte ting i tilhenger lokalt. 

Eg vil ha minst femti mils rekkevidde på batteri. Fordi eg har planar om lengre turar.

Bilen kan heller ikkje koste skjorta. 

Det er i praksis først i 2020 at det kom nokre bilar som tikka av alt på lista mi, og i 2021 har det endeleg blitt eit utval. Eg har sett på Volvo XC40 Recharge -  men den blei for dyr. Eg har sett på Ford Mustang, men den er dyr og har relativt lite bagasjeplass. Så kom VW ID.4 - ved første anledning prøvekjørte eg den hos forhandlar, og den var fin, men det sa liksom ikkje pang i topplokket. 

Så fekk eg muligheten til å låne heim ein Skoda Enyaq IV80 ein kveld, og den tikkar av alle punkta på lista mi,  prisen var overkomeleg, den ser kjempebra ut og har fått toppscore i alle testar, så då har eg bestilt ny bil og, og eg gleder meg som ein unge til å få den!

5) Elbåt?

Dette er ein liten parantes. Utviklinga har ikkje kome langt nok enda for oss vanlege folk, men:
Eg bur ved kysten. Eg har ein gamal båt frå 80-talet med ein gamal påhengsmotor som er like gamal. Denne brukar relativt sett mykje fossil energi i form av bensin. Det er ein totaktsmotor som også bråkar veldig mykje! Det er noko eg tenkjer meir og meir på når eg er på sjøen. 

I 2020-2021 har det byrja skje mykje spennande på batteridrift av båt. Men prisane er dessverre enda veldig høge. Det er ikkje elmotoren i seg sjølv som er utfordringa, men energibæraren, og dermed batteriprisane. Sidan det heller ikkje er momsfritak på elmotorar og batteri til båt så blir det ekstra dyrt. 

Eg har likevel håp om og tru på at eg i mi levetid vil sjå tekniske framsteg på energibærarfronten som gjer at elmotor på båt vil kunne bli tilgjengeleg for hvermannsen - og dermed meg. 

Eg har planar om mogleg ombygningsprosjekt, men må ha noko betre økonomi og ikkje minst tid til å gjennomføre. Dette er allikevel noko som murrar i bakhodet, og eg fylgjer tett med på utviklinga av elbåtar. Er du interessert vil eg absolutt tilrå å bli med i denne elbåtgruppa på Facebok, og eg vil også tilrå å sjå videoane til Grønnere Tider på Youtube

Elbåt frå Greenwaves


Økonomien 

Alt eg har gjort og gjer har sjølvsagt kosta pengar. Når målet mitt med alt dette også er å spare pengar på månadsbudsjettet, så vil det likevel sjølvsagt koste i investeringar, slik at det isolert sett vil ta ein del år å tene inn store investeringar som solcelleanlegg og å byte ut alle termostater i huset. 

Men, det er mange ting vi menneska gjer fordi vi har lyst, som kostar mykje pengar og som kanskje berre aukar månadsbudsjettet. F.eks kjøpe ein dyrare bil enn ein faktisk treng, byte ut kjøkkenet som fungerer heilt fint, eiga ein dyr båt som ein brukar lite, osv. 

Eg vel dermed å bruke pengane mine på ting som gjer at eg minkar karbonavtrykket mitt. Vi treng meir kraft i landet vårt. Eg produserer litt av krafta sjølv. Eg er sjølvsagt også over gjennomsnittet interessert i teknologi og det gjer at vilja og lysta til å ha ein høgteknologisk heim også blir litt hobby. 

Men det viktigste er at eg viser at alt eg gjer har ein positiv verknad på klimaet vårt. Det er ingen tvil om at vi menneske, kvar og ein av oss, påverkar klimaet negativt, og sjølv om det mot formodning skulle vise seg at ein del av klimaendringane kjem av naturlege svingningar så kan og må vi likevel gjera vårt for å minke co2-utsleppa våre for å kompensere for dette også. Klimaendringane er reelle og fører til massedaud av plante- og dyreliv og har store negative konsekvenser for menneska over heile planeten med tørke nokre stader, meir nedbør andre stader og mykje meir ekstremvær over heile kloden. Dette må vi prøve å gjera noko med!

Eg forventar ikkje og vil ikkje at alle i Noreg eller i verda skal byte ut fossilbilen sin i morgon. Det er ikkje ynskjeleg eller realistisk. Men eg vil at alle vi som har RÅD til det, byter ut fossil energi med elektrisitet, og at vi alle bidrar  - med energieffektivisering/sparing osv. Vi har ingen grunn til å la vera, og uansett: Kva har vi å tape?







Kommentarer