Lockertsen kraftlag! Solceller i praksis!

Her er ei oppdatering på førre innlegg som omhandla mine straumsparingsprosjekt og mine planar om å få installert solcelleanlegg. 

Anlegget mitt blei bestilt 20. mai 2021 hos Otovo og det blei estimert at eg kunne installere 19 panel på taket mitt - med effekt på 6,84 kwp. Dette talet er høgst teoretisk og er å samanlikne med det talet speedometeret ditt går til på bilen din. Den kan teoretisk kanskje gå i 250km/t, men i praksis er farta ein god del mindre. 

Prosessen med å få bestilt var enkel. Eg trengte ingen befaring av montør, men sendte inn dokumentasjon i form av bilda av sikringsskap, tak og korleis huset ser ut til Otovo og dette blei sendt vidare til montørselskapet. 

Eg måtte også få status som plusskunde hos nettselskapet. Denne søknaden tok også Otovo seg av. 

Pga at mange har bestilt anlegg i år, og ferieavviklinga i montørselskapet, kom ikkje montør for å montere solcellepanela før 28. juli, men i løpet av to dagar var alle 19 panel på plass på taket. I prosessen gjekk det med ein del takstein, så det var bra eg hadde takstein på lager i reserve. 


16. august kom så elektriker for å montere inverter og koble anlegget til nettet. Det er boksen som gjer om straumen frå solcellepanela til kraft som anten brukast til forbruk i huset mitt, eller går ut på nettet. 

Min inverter er laga av Solis - ein kinesisk produsent og er montert på utsida av huset. Frå denne boksen går ein tjukk kabel inn til sikringsskapet. 

Elektriker blei ikkje ferdig med jobben den 16. august og kom tilbake 19. august og gjorde ferdig jobben. Anlegget blei kobla til nettet ca klokka 13, det var klar himmel og eg kunne umiddelbart sjå på inverter at anlegget produserte 4330 watt. 

Eg installerte så appen til Solis på telefonen min og kobla Solis til Tibber - som er straumleverandøren min - og via appen til Tibber kunne eg sjå at forbruket mitt plutseleg var i minus!


No har det gått fem dagar med masse sol og det er veldig moro å sjå at ein stor del av forbruket mitt no er eiga solkraft, og den krafta eg produserer og ikkje brukar går tilbake på nettet og eg får betalt 1 krone pr kilowatt-time for den. 

I praksis er dette eit anlegg som no i august kan produsere maks 4,7kw - altså eit stykke unna 6,84kw. 

Dagleg har eg produsert mellom 18 og 22 kwh kvar dag sidan 19. august.

 
Frå Otovo er det estimert at eg kan produsere ca 2900kwh pr år. Det utgjer ca 13 prosent av det årlege straumforbruket mitt. Det er ikkje mykje, men jo meir eg kan spare i straumforbruk, jo større prosentandel vil det bli. 

Desse tala vil sjølvsagt bli mindre og mindre fram mot solsnudagen i vinter, men vil så auke igjen, og det er først ved solsnu i juni når sola er høgast på himmelen at eg vil sjå kva anlegget  maksimalt kan produsere på ein gong.

Sola står no seinare og seinare opp, og er lavare på himmelen for kvar dag, så produksjonen går ned framover, men eg er like spent på å sjå kor lav produksjonen blir i desember som eg er spent på kor høg den kan bli i juni. 

Allereie har dette medført at eg er obs på når eg brukar mest straum. Eg passar på å kjøre vaskemaskin og oppvaskmaskin når det er sol ute, og eg brukar smart styring av varme til å varme meir i perioden det er solkraft inn, enn om kvelden når det er dyrt og mørkt. (Innanfor rimelege grenser)

Eg ventar enda på å få levert elbil, men lader er på plass ved garasjen allereie, og eg kjem også til å bruke smart styring slik at eg kan bruka mest mogleg solkraft til å lade bilen, og ved hjelp av Tibber kan eg også lade bilen når straumen frå nettet er billigst om natta. 

Kostnader

Dette er sjølvsagt ikkje billig. Eg har vald å refinansiere huslånet mitt og betale solcelleanlegget mitt på den måten. Det gjer at eg i praksis ikkje får noko høgare månadsutgift. 

Anlegget frå Otovo kosta 124.000 kroner ferdig montert. 

Enova gjev meg 16.000 i støtte, så i praksis kostar anlegget meg 108.000 kroner. 

Eg veit enda ikkje kor mykje eg vil skrelle av straumbudsjettet mitt i praksis, men berre på desse fem dagane har nesten halvparten av den straumen eg har brukt har vore mi eiga solkraft. Det er pengar spart, og eg får også kompensasjon frå netteigar på straum eg ikkje belaster nettet med. 

På dagtid produserer eg meir kraft enn eg kan bruke sjølv, så då kjøper Tibber straumen av meg for 1kr/kwh. På fem dagar utgjer det ca ein hundrelapp no. Det vil bli mindre og mindre ut over hausten når eg brukar meir straum, og eg kan produsere mindre kraft, men ein viss effekt på månadsbudsjettet har det. Spesielt når straumprisen er så høg som den er no. 

Likevel vil det ta tid før anlegget er sjølvfinansiert. For å finansiere det over 10 år vil eg måtte spare 900 kroner i månaden. Det er ikkje realistisk. 20 år er meir realistisk, men det kjem jo heilt an på straumprisen - og reknestykket er også komplisert når ein reknar inn fordelen med å bruka solstraum til å driva elbilen - då eliminerer eg i praksis drivstoffutgiftene totalt frå månadsbudsjettet!

Totalverdien på huset har jo no auka med 100.000 - så det kan løne seg ved eventuelt sal også. Utsikter til billig straum på kjøpet ved kjøp av hus bør trekke opp. 

Eg skal uansett prøve å halda dykk oppdatert på regnestykket utover. Spesielt når eg har all statistikk for september - både på nettleige/straumforbruk og produksjon og kan samanlikne med forbruket i september i fjor, kan eg få nokre meir konkrete svar. 

Er det verdt det? 

Det vil defnitivt ta mange år å tene inn eit slikt anlegg over straumregninga, så er det verdt det?

Ja, er svaret mitt. Berre å vite at ein del av krafta eg brukar er eigenprodusert er herleg nerdete og morsomt, men også gjevande og gjev deg ikkje minst godt samvit. 

Eg har vener som nesten ikkje nøler med å bruke 108.000 på stereoanlegg, eller 108.000 ekstra på ekstrautstyr til bilen, eller 108.000 på ein luksuriøs ferietur. Det er kostnader som er kun forbruk og gjev sjølvsagt masse glede, men har ingen verdi ut over den personlege gleda. Og kan også vera belastande på miljø og klima. 

Å bruka 108.000 på eit solcelleanlegg gjev både personleg glede når eg ser at det faktisk dag for dag og time for time sparar pengar for meg, og om eg aleina kan produsere 2500-3000kwh i året med svært lite karbonavtrykk, så er eg i praksis definitivt ein del av løysinga på klimaproblemet, om enn svært liten. Det er dermed også ei kollektiv glede. 

Vi er alle små og bidrar med lite kvar og ein av oss. Men det er som med skatten: Det kvar og ein av oss betalar i inntektsskatt merkast ikkje på statsbudsjettet, men til saman utgjer vi heile inntektsgrunnlaget til velferdsstaten vi alle drar nytte av. Slik er det med klimaregnskapet også, og det vi alle gjer på kvar vår tue får store konsekvenser globalt når ALLE gjer noko. 

***********

Dersom du er interessert i solcelleanlegg kan du få rabatt ved å bruke denne lenka: 
https://www.otovo.no/r/1zhbb5d

Eg tilrår også Tibber, og om du brukar denne lenka, får vi begge kroner å bruke i butikken deira:
https://invite.tibber.com/5bbf7f86


*********
Les meir om korleis det har gått etter ein månad i drift. 



Kommentarer

Legg inn en kommentar