Status solkraft og straumsparing september 2021

Den første heile månaden med solcelleanlegg i drift er no over og eg har gjort opp status. 

Det har vore ein dyr månad pga tørke og lav fyllingsgrad i vatnkraftverka, kombinert med lite vind i europa og dyr kraft der. 

  • Totalt forbruk: 932 kWh (392 kWh mindre enn sep 2020)
  • Av dette var 238 kWh solarkraft, altså 26%
  • Total produksjon i solcelleanlegget mitt: 482 kWh
  • Eg solgte 244 kWh til nettet som utgjer 244 kr i inntekt.
  • Total kostnad straum i september: 1287,- kr 
  • Sidan 19. august har eg spart 1195,- på solcelleanlegget mitt. 

Her kan du sjå komplett statistikk

Eg har enda ikkje fått levert elbilen min pga microchipmangelen i verda. (Eg har heller ikkje fått tak i PS5 av same grunn ;) Difor held straumforbruket seg også ganske lavt. Når bilen endeleg kjem og blir kobla til straumen her kjem eg til å skilja ut elbilladinga i straumstatistikken min, så eg ser kva eg faktisk brukar på transport og kva eg brukar på huset. 

Lurar du på kvifor det er dyr straum for tida, tilrår eg varmt denne artikkelen frå Faktisk.no. Det er mange som skuldar på ACER og utanlandskablar og at det eksporterast straum over ein lav sko. Det er ganske enkelt ikkje tilfelle. Eg tilrår at alle sett seg inn i fakta før ein uttaler seg. Tala er opent tilgjengeleg. Konspirasjonsteoriar er ikkje vegen å gå! 


Ellers er det viktig å ta med seg at sjølv om det har vore ganske dyrt denne månaden er det lys i tunnelen. Det er mykje nedbør no, og vatnmagasina fyllast raskt opp. Det har positiv innverknad på prisane.

Mykje sol har vore positivt for oss som har solcelleanlegg, men vi treng regn no! 

Sidan sist har eg også oppdaga denne Facebookgruppa for Solceller og alternativ energi som er fin for å utveksle erfaringar, stille spørsmål og bli inspirert!

Straumsparing

Eg fann to nye Heatit termostater på Power i Skien som var demovarer til svært god pris. Eg sparte 600 kroner berre på det. Dei skal no installerast i staden for to "dumme" termostater til varmegolva i furtebua og i TV-stua. Eg hadde opprinneleg tenkt å bytte ut 1-2-3-brytarane på badene, men eg har funne ut at det truleg er meir lønsamt å styre varmefolie på rom som er i mindre bruk enn å installere dei på bada som gjerne står med ein jamn bra temperatur konstant likevel, og som eg besøker mange gonger om dagen likevel og har difor eit aktivt forhold til om dei er på eller ikkje. 


1-2-3-brytarane på bada skal definitivt bytast ut dei også, men pga kostnader kan eg ikkje berre cashe ut alle eg treng. Dei kostar trass alt over 1000 kr/stk + elektriker til montering. 

Solcelleproduksjon og straumsparing har blitt ein morosam hobby, og det har både innverknad på økonomien og i ytterste konsekvens for klimaregnskapet. Jo fleire av oss som får eit aktivt forhold til straumforbruk og sparing jo betre er det for alle.

Nedbetaling av solcelleanlegg

Det er mange som er interessert i solcelleanlegget mitt og alle spør om når det er nedbetalt. 

Eg er, som skrevet tidlegare, eigentleg ikkje så veldig opptatt av det.

Eg er omtrent like lite opptatt av det som eg er opptatt av når sofaen er tjent inn, eller eit nytt kjøkken, eller ein ny garasjeport. Det skjer jo ikkje. Når kjøpet er gjort, så er det gjort. I mitt tilfelle refinansierte eg huslånet og betalte solcellene med ein del av det. 

Eg synes det er rart korleis alle er så opptatt av at investering i eit solcelleanlegg skal gå i null for ein kvar pris, mens dei samtidig lett svir av 100.000 på ekstrautstyr til bilen, eller ein ny hekk, eller fibernett på hytta.

For meg er det viktigste: 

  1. Vera ein del av løysinga på klimakrisa.
  2. Skrelle litt av månadsutgiftene

Når det er sagt, så er eg jo nysgjerrig på resultatet likevel. 😉

Her er foreløpig status 1. oktober. Her har eg rekna ei gjennomsnittleg innsparing på 750 kroner pr månad, som er eit nokonlunde realistisk gjennomsnitt pr no, men det er mange faktorar som spelar inn. Det er godt mogleg at gjennomsnittet blir ein del høgare, og det vil då gå mykje fortare å ha tent det inn. Spesielt når eg startar å lade bil heime - og dersom det evt blir veldig dyr straum i vinter.

Vi må regne med at straumen blir dyrare for kvart år uansett, gitt at konsumprisindeksen aukar. Men alt er jo veldig usikkert. Jo meir eg sparer straum heime, jo meir solstraum kan eg også selge til markedet. Det er både pengar spart og pengar tent...

Eit element til er at anlegget aukar verdien på huset. Salgbarheten til eit hus der kjøpar kan rekne med å spare 500-1000 kvar månad i straumutgifter er noko å ta med seg. 

Nedbetaling av solcelleanlegg
Innkjøp108 000,00 kr
Minus faktisk innspart1 195,34 kr
Rest106 804,66 kr
Gj.sn.innsparing pr mnd750,00 kr
Antall år til nedbetalt:11,9
Dato ferdigtorsdag 11. august 2033


Kommentarer