Det var vel kanskje på tide med ei oppdatering i bloggen min på korleis det går!
Så korleis går det no, 3,5 år etter at anlegget blei satt i gang?
I 2023 dro det seg til med lågare prisar og innsparinga minka til totalt
Eg starta dette prosjektet friskt og oppdaterte villig vekk det første året, men så gjekk lufta litt ut av ballongen og eg mista gnisten til å skrive.
Eg har imidlertid sjølvsagt hatt anlegget i drift sidan siste oppdatering i 2022, og oppdatert regneark og oversikt fortløpande.
Så korleis går det no, 3,5 år etter at anlegget blei satt i gang?
Status er at stabiliteten er god! Det funkar rett og slett som fjell.
Men:
Lønnsomheten har gått kraftig ned i takt med lågare straumprisar.
Det første heile året eg hadde anlegget i drift, altså 2022 var svært lønnsomt. I regnearket mitt der eg reknar ut kva eg faktisk sparer/tener på å ha solceller, kom 2022 ut med innsparing på
- 12.398 kr - 1033 i mnd i gjennomsnitt.
- 7.160 kr og gjennomsnitt på 596 kr pr mnd.
- 5.438 kr med gjennomsnitt på 453 kr pr mnd.
Korleis reknar eg ut besparelsen?
- Spart nettleige - Dette er mengden kWh eg har brukt sjølv i eige hus ganga med nettleige pris pr kWh + plusskundefordel hos Lede.
- Spart kraftkjøp. - Dette er mengden kWh eg har brukt sjølv i eige hus ganga med gjennomsnittleg spotpris pr kWh den aktuelle månaden
Så kva tyder dette?
Eg er relativt heldig og får ekstra mykje ut av mitt anlegg, fordi eg har mykje heimekontor og kan t.d. lade bil på dagtid når det er sol, men utan husbatteri forsvinn mykje av innsparinga pga lav spotpris.Eksempelvis var inntekta på sal av straum gjennom Tibber i august dei siste åra slik, til tross for ca samme produksjon:
- 2022: 841 kWh: 2166,-
- 2023: 729 kWh 296,-
- 2024: 731 kWh: 115,-
Det betyr at det vil ta mykje lenger tid å betale ned anlegget som kosta meg 108.000 om dette held fram slik.
Etter 3,5 år har eg spart inn ca 27.000 og gitt at 2024-standarden vil gjelde, altså ca 5.500 innspart pr år, vil det ta nesten 15 år til, altså ca 19 år å spare inn resten av kostnaden.
Då eg kjøpte anlegget var estimatet ca 11-12 år.
Det er mange usikre faktorar her, og utrekninga mi for innsparing er nøktern, men eg vil likevel pr i dag ikkje tilrå nokon å kjøpe eit solcelleanlegg av reint økonomiske årsaker. Det må i så fall betre insentiv, og helst inngå rimeleg batteriløysing for at potensialet skal kunne aukast. Spotprisen er for dårleg når det skin sol, rett og slett.
Det er framleis verdt det, i mine auger, fordi eg skrellar av ein god porsjon (450 i mnd i gjennomsnitt) av straumrekninga, og nesten 20% av straumforbruket mitt pr år kjem direkte frå sola, men reint økonomisk tar det for lang tid å få avkastning pr i dag. Vil du spare meir bør du heller satse pengane på etterisolering og andre tiltak.
Eg casha ut anlegget ved hjelp av refinansiering i staden for å låne til anlegget, og det gjer det heile lettare å spise. Pengane blei på ein måte brukt i 2021, og no står anlegget der og berre funkar.
Spent på å sjå korleis dette blir i framtida. Eg meiner at ein bør auke insentiva for solkraft både til private, men ikkje minst bedrifter som vurderer å fylle lager- og butikktak med solcellepanel.
Eg ser også fram til betre og billigare batteriløysingar.
Kommentarer
Legg inn en kommentar