577 mil med elbil i norden - korleis gjekk det?

Eg har nettopp hatt fire veker ferie som eg valde å tilbringe mykje av i bilen min, ein heilelektrisk Skoda Enyaq IV80 med ca 46 mil rekkevidde om sumaren. 


Eg har køyrd to turar. 

  • Første tur var med kjæreste rundt Kattegat og Skagerrak og var ca 145 mil lang. 
  • Andre tur var med mine døtre på 11 og 16 år og gjekk gjennom Sverige, Finland og Noreg og var ca 432 mil lang. 

Altså har eg køyrd 577 mil i juli og her er mine erfaringar med å reise så langt med batteribil. 

Skagerrak og Kattegat rundt 

Vi starta tysdag ettermiddag og køyrde den korte vegen til Sandefjord og starta med ferge til Strømstad. Så køyrde vi til Torp Handlesentrum i Uddevalla og fylte på litt på batteriet medan vi handla, og så køyrde vi ut til Henån der vi overnatta. Det var ei lita og stille bygd med ein triveleg og rimeleg vandrarheim. 

Neste morgon køyrde vi via småvegar til Gøteborg og lada litt ved ankomst på ein 50kWh-stasjon medan vi gjekk ein tur, før vi sjekka inn på Spoton Hostel sentralt i Gøteborg. Vi valde å parkere rett utanfor hostellet, som låg berre eit steinkast unna Liseberg.

Etter ein fin dag med utforsking av Gøteborg, og ei god natt køyrde vi frå Gøteborg til Mellbystrand der vi lada litt mens vi kjøpte lunch og strakk på beina, og turen gjekk så vidare til Danmark med Helsingborg-Helsingør-ferga. 

Ettermiddagen og kvelden blei for det meste brukt til sightseeing på Nord-Sjælland. Neste morgon lada vi ein liten halvtime mens vi handla på Netto i Frederikssund. og vi tok ein litt lengere ladepause i sentrum av Odense mens vi såg oss rundt. Her måtte vi vente litt på plass. Det var berre ein CCS-lader. 
Her gjekk vi dessverre på ein uventa smell. Vi lada på ein ladestasjon ved eit kjøpesenter, men la ikkje merke til at ein måtte ha P-skive synleg når ein stod og lada. Så då vi kom tilbake til bilen i god tid før ladinga var over hadde vi fått 1156 kroner i parkeringsbot. 
Ja. 1156 kroner for å gå frå bilen utan p-skive ein halvtime på ein gratis parkeringsplass, mens den stod og lada mot betaling. Det ga dessverre eit svært dårleg inntrykk av Odense. Det er ein praksis eg aldri har sett før. 


Vi fekk rista av oss skuffelsen og fortsatte vidare til Middelfart der vi overnatta. Neste morgon kryssa vi Jylland og stoppa i Esbjerg og lada ved ein Føtex. Der var det også berre ein lader, og vi måtte vente 20 min. på at den skulle bli ledig før vi kunne plugge inn og gå ein tur på brygga der skipa som deltok i årets Tall Ships Races 2022 var fortøyd før avreise. 


Med 100% straum på batteriet fortsatte vi så på småvegane langs vestkysten av Jylland oppover til Thorsminde der vi overnatta på hytta til ein god ven. 

Neste dag brukte vi god tid langs kysten oppover til Thyborøn. Der skulle vi ta ferga til Agger, men den stod på ubestemt tid, så vi køyrde difor rundt Nessum Bredning og til Thisted der vi lada mens vi gjekk ein tur og spiste sein lunch. 

Om kvelden kom vi til Hirtshals og vi tok ferga til Larvik og var straks heime igjen. 


Totalt blei det 145 mil - med relativt mange korte ladestopp på 50kw-ladere. Det var mange ladere tilgjengeleg i Danmark, og ganske mange elbilar å sjå langs vegen. Eg prioriterte å bruke ladere som er tilknytta Powerpass-kortet mitt, fordi det gjev stort sett best pris. 

Ein treng overhodet ikkje tenkje på kor ein skal kjøre eller kor ein skal lade når ein kjører i Sør-Sverige og Danmark. Når ein er på ferie er det fint å lade når ein har lyst til å stoppe og sjå på ting. Mange av laderene var knytta til supermarknader, og det er fint, men eg ynskjer sjølvsagt at det er enda meir destinasjonslading - altså at det finst ladere ved hotell og hostels/camping for lading ved overnatting, og også mogleg å lade ved turistattraksjonar. 

Sverige/Finland/Nord-Norge

[Rute]

Etter nokre dagar heime var det klart for neste tur. Denne gongen skulle reisa gå gjennom Sverige, Finland og Noreg saman med jentene mine på 11 og 16. Dei hadde sjølv vald å reise på bilferie til Nord-Norge, slik vi også gjorde for to år sidan, men eg tenkte at vi kunne gjera det enda meir spennande med å kjøre gjennom Sverige langs kysten og svippe innom Finland i Norrbotten før vi dro over til Noreg igjen. 

Vi starta heime med 100% på batteriet og køyrde direkte til Kongsvinger der vi skulle fylle opp litt på ein Recharge-stasjon. Der blei det imidlertid problemer med å få lader til å starte ladinga, og det endte med at eg måtte ringja inn og få dei til å reboote anlegget. Då gjekk det greit, men det var ein litt kjip start på turen.  Vi fekk imidlertid gått på do og spist is og dro vidare med 80% straum på batteriet. 


Så køyrde vi vidare gjennom Finnskogen, kryssa grensa og sjekka inn på Mora Life - Åmåsängsgården i Mora. Ein kjempefin campingplass rett utanfor Mora, men utan lademuligheter. 

Her lada vi på ein hurtiglader om kvelden mens vi handla på eit supermarked og koste oss i godværet om kvelden. 

Sånn skal gjerne ladestasjonane vera!


Neste morgon fortsatte vi gjennom Dalarne og kom til kysten av Sverige i Søderhamn. Der lada vi litt på ein lader ved McDonalds utanfor byen, nærme E4. Så blei det berre til at vi fortsatte vidare på E4 nordover. Vi pressa på for å koma til Örnsköldsvik så vi kunne finna på noko der, men det blei berre tid til middag på ein god italiensk restaurant. Vi lada på ein 22kw-lader i eit parkeringshus i sentrum mens vi spiste og såg oss rundt. Dei har eit fint badeland, men vi kom for seint fram til at vi kunne dra dit. 

Neste morgon vurderte vi om vi skulle bruka formiddagen på badelandet, men tenåringen var ikkje så hypp på det, så vi fortsatte vidare. Vi skulle kjøre nesten 50 mil den dagen også. 

Vi stoppa på ein herleg Ionity-lader ved ein Shellstasjon ved E4 i Sundsvall, og det var nok til dopause og å strekke på beina, men ellers lite å finna på. Vi heldt fram etter ein halvtime med 80%. 

Flotte taxier i Sundsvall!

Når ein nærmar seg Nord-Sverige blir det dessverre straks litt meir slik at ein må tenkje seg om kor ein skal lade. Det finst mange ladere, mange stader, men veldig få hurtigladere. 

Vi la difor bevisst turen til Tornio i Finland. I Finland er ladenettverket mykje betre utbygd, og ein opplever i mykje større grad at ein ikkje må tenkje på kor ein skal lade. Sjølv i nord. 

Vi endte opp med å lade på eit handlesentrum i Skellefteå. Vi kunne gjera unna litt shopping av nødvendigheter medan vi lada. Der var det imidlertid berre to 50kw-ladere med CCS-kontakt, og ekstremt mykje folk. Vi måtte vente ein halvtime på plass for lading, og lada ein time der mens kidsa fekk både sko og regnjakke. 

Så var det berre å følge E4 nordover og austover. Vi var framme klokka 20 i Tornio, og i det vi køyrde over grensebrua skifta vi tidssone så klokka blei 21. Og dermed var alt stengt der...

I Tornio hadde dei laga modell av fisken som slapp i fjor!

Vi budde på eit fint hotell i Tornio og spiste og såg oss litt rundt om kvelden, men det var lite å finna på. Kidsa blei installert med wifi på hotellet og eg avslutta dagen med å lade på ein kjempebra hurtiglader. Vi kunne dermed starte neste dag med ein god hotellfrokost og 100% på batteriet.

Ingen kø eller trengsel på hurtiglader i Tornio... 


Neste dag skulle vi køyra frå Tornio til Narvik via Pello, Pajala. og Kiruna. Tipptippoldefaren min kom frå dette området og tok med seg døtrene og barnebarnet sitt og rømte frå hungersnaud i Tornedalen til Narvik midt på 1800-talet. Eg har ikkje vore i det området sidan eg lærte historia, så det var fint å sjå. 

Det var for langt å køyre frå Tornio til Narvik utan lading, så eg visste eg måtte stoppe på vegen. Eg planla difor først å lade til 100% i Pello og så eventuelt fylle på litt på 22kw-lader i Kiruna, men i Pello var ladestasjonen på service, så då var det beste alternativet å køyra ein liten omveg via ein Tesla Supercharger i Puoltikasvaara i Gällivare kommune. Det var dyrt, men det blei i alle fall eit kort stopp i forhold til den lange strekninga.

Tomt då vi kom

Vi var for øvrig dei einaste som var der då vi kom, men før eg var ferdig var alle seks ladere opptatt - men ingen Tesla i sikte. To Enyaq, to Mustanger, ein E-tron og ein Kona benytta seg av Tesla sitt tilbod. Ingen tvil om at det er suksess. Eg tenkjer den lokale cafeen ved sidan av også er glad for at Tesla åpna laderne i Sverige før sumaren! Det hadde ikkje vore like stor omsetning om det berre var Teslakundar!

Ikkje ein Tesla i sikte!

80% fyllingsgrad var meir enn nok for å koma seg til Narvik og vi ankom om ettermiddagen i fint vær!

Ikkje gæren utsikt i Narvik. Og nært kjøpesenter og Biltema!

Vi var i Narvik-området i fire-fem dagar og lada litt på ein fin destinasjonslader i byen, men også litt heime hos søstra mi. Siste dagen i Narvik var vi på hytta hennes ved Kjeldebotn og fiska i bra fint vær. 


Neste dag var også kjempefin, så då tok vi sjansen og satte kursen mot Lofoten. 

Vi køyrde til Skarberget på E6 og tok ferga til Bognes, og så ferga frå Bognes til Lødingen. Med nesten skyfri himmel fekk vi sjå delar av Lofoten frå si aller beste side! 

Heilt grei utsikt i Svolvær også!

Vi stoppa og lada på ein rask og fin lader i Svolvær og spiste ein særdeles bra kyllingburger på Balloon Burger i nærleiken imens. Så satte vi kursen mot ein vandrarheim ikkje så langt frå Uttakleiv strand der vi tilbrakte kvelden fram mot midnatt. Magisk!  





Dagen etter var det imidlertid tilbake til striregn og skodde langt ned i fjella, så då satte vi berre kursen sørover. Vi dro tilbake til Kabelvåg og besøkte Lofotakvariet, og tenkte eigentleg å koma oss med Svolvær-Skutvik-ferga, men vi leste feil på rutetabellen, så det blei for lenge å vente, og skummelt om vi i det heile tatt ville koma med. 

Ny Kople-lader på Rognan. Rognan har meir å by på enn eg trudde!

Dermed var det ut på vegen igjen i retning Lødingen og ferga til Bognes. Med ei kort lading på Innhavet og ei på Rognan (anbefales) så ankom vi Scandic Meyergården i Mo I Rana klokka 23. 

Den store positive overraskelsen var at vi til trass for at vi kom seint fekk plass til lading over natta! Med omkring 15 ladere på parkeringsplassen som blei drifta av Charge365 var det fantastisk å kunne våkne til 100% batteri og ein god hotellfrokost. 

Scandic Meyergården har forstått begrepet destinasjonslading!

Som mange veit så blir ein gjerne gira på å koma seg heimover når ein er på road trip og sett kursen heimover. Vi planla derfor ingen overnatting, men ville sjå kor langt vi kom. 

Vi køyrde dermed i eitt frå Mo til Levanger, der vi stoppa og spiste middag og lada ein times tid. Då hadde vi god margin til vi droppa innom Ionity-laderen på Alvdal. Her måtte eg ringe Ionity og be dei reboote laderen før det virka, men det gjekk greit då. 

Siste stopp på Kløfta med strekk på beina.

Bilen er fantastisk lett å kjøre, det var lite trafikk, eg var godt utkvilt og eg fekk også gode pauser med ladinga, så vi pressa berre på ut over kvelden, og med ein 20 minutters stopp på Kløfta med lading for å vera trygg, køyrde vi heilt heim til Stathelle og var framme etter 17 timar. 

  • Totalt 432 mil unnagjort på 12 dagar. 

Oppsummering

  • Totalt for begge turane: 5770 km
  • Totalt kosta ladinga for begge turane 3260 kroner
  • Pris pr mil: 5,65 kr

Eg brukte nesten berre Powerpass-kort og app, då eg har gratis Powerpass eit år etter kjøp av bil. Unntaka var to ladinger med Incharge-app i Sverige, ei lading hos Tesla, og destinasjonslading med Charge365 i Mo I Rana. Eg lasta ned Clever-appen for bruk i Danmark, men trengte ikkje å bruke den.

Det var ei glede å vera på tur med min Skoda Enyaq IV80 på ein så lang tur. Den er så lett å kjøre. Den har plass til alt vi treng. Ein sitt høgt og fint og den kjører seg nesten sjølv med god adaptiv cruise control og lane assist. 

Ladenettverket i Norden er stort sett kjempebra sjølv om ein sjølvsagt ynskjer seg enda betre muligheter og ikkje minst betre utbygd destinasjonslading, og sjølv om vi måtte vente litt nokre få stader var det ikkje noko problem. Av alle stader eg lada var det berre to stasjonar som hadde problemer og trengte restart, og ein som var under service. Begge dei som hadde problemer blei fiksa av support på telefon som svarte umiddelbart. 

Dette gjekk så smertefritt at vi allereie undervegs byrja å snakke om ein biltur sørover i Europa. Kanskje Italia 2023? 



Kommentarer