April - spart minst 1100 kroner på sola!

Det sluttar aldri å vera moro å sjå slike tal i Tibber. I skrivande stund er forbruket mitt MINUS 3561 watt! 

Det held fram med ekstremt dyre straumprisar i sør, men i praksis er det ikkje så ille for hvermannsen sidan staten dekker alt over 70 øre. Det er ille nok i forhold til "normale" prisar for april tidlegare år, men alternativet er verre - å betale 2-3 kroner. 

Gjennomsnittsprisen i min region var 174 øre i april, så då blir straumstøtta 104 øre.

Eg har som forventa satt nye rekordar for solcelleproduksjon i mai.
  • Totalt sett produserte eg 837 kWh i ein solrik april. 
  • Den beste dagen i april, som også er hittil beste dagen sidan start, produserte eg 38,7 kWh


Av dette brukte eg 63% av produksjonen sjølv, og solgte 37% for ei total inntekt på 512 kroner

Pga når eg i tillegg tel med det eg sparar på nettleige for straumen eg ikkje kjøper fordi eg produserer sjølv, så blir total besparelse pga solcellene nesten 1200 kroner i april. Det reknar eg ut av:
  1. Inntekt på salg av straum
  2. Spart nettleige på eigen produksjon
  3. Spart kjøp av straum på grunn av eigen produksjon. 

Konkrete tal pr månad kan du sjå i dette regnearket

Dei høge straumprisane og straumstøtta har eg tidlegare skrive om har ein effekt for dei som har lav fastpris på straum. Dei tener faktisk pengar på straumstøtta. Men det har også ein konsekvens for oss som har solceller. 

Det løner seg å kjøpe straum om kvelden framfor å bruke eigenprodusert gratis straum! 

I mitt område er det ein break-even-pris på 136 øre/kWh. Når prisen er høgare enn det (som den er konstant for tida), så lønner det seg ikkje å flytte f.eks elbillading til dagtid med mykje sol. Det er meir lønnsomt å selge straumen eg produserer på dagtid til høg spotpris og i stedet kjøpe straumen når sola har gått ned, fordi eg får dekt alt over 70 øre!
Difor stresser eg overhodet ikkje med å flytte verken klesvask, dusjing eller elbillading til dagtid når eg har full sol. Det taper eg faktisk pengar på. Om enn ganske lite. 

Eg har satt opp eit regneark som viser skilnadene basert på mine data for april, og då er forskjellene slik: 

  1. Dersom eg hadde greidd å selge all produksjon. 
  2. Om eg hadde greidd å forbruke all produksjon.
  3. Slik det faktisk var i april. Eg brukte 63% sjølv. 



I praksis blei min straumkostnad på 1977 kroner i april - og det er inkludert elbillading.

Det er heilt gjennomsnittleg for april samanlikna med åra 2013-2022. 




Det har variert ganske stort med kva straumen har kosta meg dei siste 9 åra i same månad. Om eg ikkje hadde hatt solceller hadde straumen i april kosta totalt 3224 kroner. Det er framleis ikkje veldig ille, sidan ein stor del av det utgjer lading av bil, som eg ikkje hadde før i år, og som betyr at eg ikkje har utgifter til diesel slik eg hadde i fjor. 

Totalt sett er eg veldig nøgd med situasjonen. Eg overlever fint. Det er mykje verre for alle som ikkje har solceller og som må fylle fossilt drivstoff til over 20 kroner literen!


Kommentarer