Straumprisen i vinter - kan vi ha det sånn?

 Då eg i november skreiv at denne vinteren kom til å bli dyr såg eg ikkje for meg kor dyr den kom til å bli. 

Desember blei brutal for månadsbudsjettet, sjølv med støtte frå regjeringa. 

Regnestykket mitt i førre innlegg tok utgangspunkt i at eg var i villfarelsen at det var min eigen straumpris som låg til grunn for straumstøtta på 55% av beløpet over 70 øre/kWh. 

Det burde eg skjønt ikkje var tilfelle. Netteigar eller staten veit sjølvsagt ikkje kva eg betalar pr kWh hos Tibber
Dei har tatt utgangspunkt i gjennomsnittpsprisen i Nordpool for min region. Denne gjennomsnittprisen var noko lavere enn faktisk betalt pris, så støtta blei ca 300 kr mindre enn eg hadde regna ut. 

Men ok, greit nok. Litt støtte er betre enn ingenting. 6088,- i totalt straumkostnad i desember i motsetning til 8303,- som den ville vært utan støtte. Men det øydelegg jo eit stramt budsjett totalt. 

Heldigvis har regjeringa innsett at det må meir støtte til. I januar, februar og mars blir det 80% støtte over 70 øre/kWh. Er det nok? Nei. Dei burde dekt 100% av alt over, spør du meg.


Og vi er nødt til å adressere at slik støtta blir utbetalt i dag slår det litt skeivt ut i forhold til personlege forhold i kvar husstand, og utfordrar rettferdighetssansen til folk flest og bidrar dermed til både frustrasjon og meir politikerforakt. Det er uheldig. 


Real life eksempel: 

  • Person 1 har fastprisavtale på 120 øre/kWh hos straumselskapet sitt.
  • Person 2 har spotprisavtale og har ein faktisk snittpris på 223 øre. 
  • Begge brukar 3000kWh i januar. 
  • Nettleiga blir den samme for begge: Ca 1550,- kr

Snittprisen for desember i region sør-øst: 177,9 øre. Dersom vi legg til grunn at det blir det samme i januar bli resultatet slik: 

Straumstøtte:

  • 80% av 107,9 øre x 3000kWh : 2589,60 kr. 
  • Dette får begge. 

Person 1 betalar til sitt straumselskap 3600,- og får igjen 2589,60 av staten.
Straumkostnaden blir 1010,40. 

Person 2 har snittpris på 223 øre i januar og betalar til sitt straumselskap: 6690, og får igjen 2589, av staten.
Straumkostnaden blir 4100,40

Det er stor skilnad, og det opplevast truleg som urettferdig for mange når ein får samme støtte (73,61 øre i region Sør-Øst) uansett om ein betalar 40 øre eller 3 kroner pr kWh .  


Samtidig vil eg sjølvsagt argumentere for at person 1 får betalt for risikoen ved å binde seg til ein relativt dyr pris over lengere tid, og det kan hende at det slår negativt ut når vi kjem til mars/april. 

Person 2 har tilsvarande tatt ein sjans på at det vil løne seg med spotpris, og det har absolutt vore lønsamt i tider med lav pris samanlikna med andre som har hatt høgare fastpris.

Men skal den økonomiske kvardagen til norske husstandar vera avhengig av eit slikt sjansespel? Og er folk flest og spesielt tante Olga på 75 kvalifisert til å ta riktige val som får så store konsekvenser?

Er ikkje forutsigbarhet eit viktig ideal når ein snakkar om faste kostnader? Dei kommunale avgiftene er faste gjennom heile året. Forsikringa er fast gjennom heile året. Bankrenter er faste for lenger tid om gangen. Dette gir trygghet. 

Eg jobbar med å lage og sende ut fakturaer for svært mange av straum- og nettselskapa i Noreg. Eg ser at mange betalar for dyrt for dei straumavtalene dei har. Det er spesielt trist når eg veit at ein stor prosentdel av desse er eldre eller andre som har dårlege forutsetningar for å finna ut kva som løner seg. Mange binder seg til svært dyre avtalar berre for å få forutsigbarhet. Er avtalen lukrativ for straumselskapet blir den aldri reforhandla. Er den ikkje lukrativ blir den endra så snart som råd. 

Å ha eit forhold til kor mykje straum ein brukar er viktig. Det er også viktig med tiltak som begrenser at folk ikkje brukar for mykje straum. Det bør vera slik at dei som brukar "unødvendig" mykje må betale meir enn dei som brukar mindre. Det bør også finnast tiltak slik at folk må betale noko meir på tidspunkt av dagen da folk brukar mykje. Vi MÅ ta ansvar for straumkapasiteten i nettet. 
Men korleis dette gjennomførast er ei stor nøtt.

Eg trur vi må setja tak på kva straum kan koste, og straumsparingstiltak og straumproduksjon må belønnast betre enn i dag. 

Vi må også byggja ut kapasiteten innanlands. Det betyr meir vind- sol- og vatnkraft. 
Og når neste generasjon atomkraftverk er mogleg, så er det eit innlysande satsingsområde. 




Kommentarer