No byrjar det bli moro

 Ny månad - ny oppsummering. Endeleg byrjar solcelleproduksjonen å gjera ein skilnad. 

Det har vore tre mørke og kalde månader i Noreg, og det har vist seg tydeleg på både straumregninga og solcelleproduksjonen. 

Fasiten for mars er imidlertid betre. I mars viser regnearket mitt at eg sparte (minst) 783 kroner på solcellene mine. 


Totalt sett blei kostnad for straum i mars 3120 kroner. 
I mars 2021 var kostnaden 2730 kroner, men det var utan elbillading. 

Forbruket i mars 2022 var 101 kWh mindre enn i fjor - sjølv med elbillading og ein veldig kald månad. 

Dersom eg trekk frå elbilladinga blir straumkostnaden for heimen i mars på 2280,- kroner. Det er veldig mykje mindre enn kostnad i mars 2021.

16 prosent av straumforbruket mitt i mars kom frå sola. 


78% av produksjonen blei brukt heime. 22% blei solgt. 


Eg brukte 118kWh mindre straum i mars 2022 enn i mars 2021 enda produksjonen i mars var inkludert  332kWh elbillading. 

Elbillading var totalt 332kWh og kosta 734 kr i straumkostnad. Det meste blei lada om natta og eg får då også nettleige i tillegg. 32 øre pr kWh gir 106 kroner ekstra. Altså kosta det totalt 840 kroner å køyra ein heil månad i den dyraste straummånaden nokonsinne. (Eg har dessverre ikkje notert km-stand slik at eg får ein kostnad pr km, men skal gjera det for april) 

Slik er kostnadane hittil i år pr mnd med elbillading separert:



Eg er ellers veldig usikker på kor mykje eg får utnytta solkraft til elbillading slik eg håpa på. Sidan pandemien er normalisert er eg jo meir på kontoret, og dermed får eg ikkje utnytta soltimane til lading, og det må ein jo regne med er normalen. Dette må eg erfare og analysere meir dei neste månadene. 

Det viser seg å vera veldig komplisert å regne på lønnsomhet og spesielt sidan straumstøtta blei innført.  Det er klart at det er store skilnader frå dag til dag - både i høve til produksjon/forbruk/pris etc. Det er også store skilnader frå time til time, så skal ein få eit meir nøyaktig regnskap må ein registrere kostnad/forbruk/produksjon pr time. Ein må óg eigentleg rekne på kva ein evt sparer på å flytte nødvendig forbruk frå dag til natt, eller frå kveld til solrik dag. Det er ekstremt mange faktorar å ta omsyn til, og det er litt overkill for ein amatør som meg. Eg brukar berre månadlege data, men eg vurderer å lage ein dagleg modell for ein månad for å samanlikne. 

Modellen eg brukar flikkar eg litt på innimellom, men eg trur eg har funne ein modell som gjev sånn nokonlunde peikepinn på kva eg sparer på å ha solceller. 

Totalt sett meiner eg dermed at eg har spart (minst) 2979 kroner sidan anlegget blei installert i august. 

Eg sparar lite om vinteren, naturleg nok, medan våren er best. Både høg produksjon og høgt forbruk pga kulde gjer det lønsamt.

Straumstøtta er også viktig for økonomien. Eg fekk totalt 2352 kr i straumstøtte frå staten i mars. Det skreller ganske nøyaktig halvparten av straumregninga frå Tibber. Sjølv om det betyr at eg sparer 382 kroner mindre den månaden på solcellene mine, løner det seg sjølvsagt uansett. 

Mange andre med solceller har opplevd april som den beste månaden for produksjon. Spent på kva fasiten blir om ein månad!


Kommentarer