Straumstøtta - og korleis den slår ut for oss med solceller

Eg har i eit tidlegare innlegg skrive om straumstøtta og korleis det slår ut for enkelte - mellom anna at dei med fastprisavtale faktisk får netto betalt for å bruka meir straum. 

No har regjeringa bestemt at straumstøtta blir vidareført i eitt år til, og det er sjølvsagt isolert sett bra, men eg trur det er naudsynt å sjå på korleis heile straummarknaden er organisert. 

Mange tar til orde for makspris på straum, og eg er sjølv tilhengjar av det, men det betyr ei total omorganisering av straummarknaden i form av etablering av eitt statleg kraftsalsforetak, og/eller nedleggjing av Nord Pool, eller at Noreg trekk seg ut. Noko anna vil vera meiningslaust. Slik det er lagt opp har noko av ansvaret for å driva med konkurranse på straummarknaden ligget på privatpersonane. Det betyr at ein tar ein viss risiko ved å velja straumselskap/straumprisavtale. Det er i praksis ein gjettekonkurranse. "Kor kan eg få den beste avtalen som er billigst for mitt bruk". Eg hevdar at dette ikkje bør vera opp til kvar enkelt. 



Straumstøtte og solcelleanlegg

Modellen som er vald for straumstøtte no slår også litt feil ut for oss som har solcelleanlegg. Med dei prisane som er no kan det sjå ut til at det ikkje løner seg lenger å bruka gratis straum sjølv.  

Er det meir lønnsamt for meg å selja mest mogleg av straumen eg produserer til spotpris? 
Det har eg regna på under. 

Eksempel:

Dersom eg ein månad har eit forbruk på 3000 kWh. 
Eg produserer av dette 450 kWh sjølv. (15%)

Gitt at gjennomsnittleg straumpris blir 120 øre (eks mva), så får eg 50 øre tilbake frå staten for kvar kWh eg kjøper (inkl mva). 

Formel for utregning av støtte er: (gj.snitt områdepris - terskelpris) * komp.grad * mva

Dersom eg brukar all straumen eg produserer sjølv 

(det er vanskeleg, men dette er eit eksempel)

2550 kWh * 120 øre  = 3060 kr 
+ 25% MVA 765,-

Total straumkostnad: 3825,- 

2550 kWh * 50 øre = 1275 kr støtte

Reell kostnad til straum blir 2550,- kr

Nettleige for kjøp av 2550 kWh:
32,02 øre * 2550 kWh = 816,51,-


Total energikostnad: 3367,- kr

Dersom eg i staden sel all straumen eg produserer:

120 øre * 450kWh = 540 kr (eg får ikkje pris inkl mva)

Så må eg kjøpe alle 3000kWh: 
3000 kWh * 120 øre = 3600,-
+ 25% MVA: 900,-

Total straumkostnad: 4500,-

3000 kWh * 50 øre = 1500 kr støtte 
Kostnad minus støtte = 3000 kr
Eg kan så trekkja frå inntekta på salg av straum: 3000 - 540 kr


Reell kostnad: 2460,- kroner. 

Nettleige for kjøp av 3000 kWh:
32,02 øre * 2550 kWh = 960,60
Minus plusskunderabatten: -5 øre * 450 kWh = -22,50,-

Total energikostnad: 3399,- kr

Eg tener altså 90 kroner på å selge all straumen sjølv til straumselskapet, men må ut med 122 kroner meir i nettleige. Det løner seg framleis å bruke mest sjølv. For meg. 

Eg har eit så lite anlegg at det ikkje gjev stor skilnad, men for andre med større anlegg og andre nettleigeutgifter kan det ha ein del å seia. 

Kva skal vi gjera framover?

Energikrisa vi er midt oppe i ser vi ikkje ein ende på på kort sikt. Vi må nok regne med å bruke meir av løna vår på både straum og drivstoff i tida som kjem, og det er liten tvil om at ein frå sentralt hald må tenkje nytt. 

Fordelen med at energiprisane stig er jo sjølvsagt at det vil løne seg å byggja ut fornybart, og det er bra for planeten på lang sikt. Det gjer nok mest vondt no i starten. 

Eg godtek å bruke meir av løna mi på energi. Eg er i ein posisjon der eg kan gjera ein del med det sjølv, også. Det må imidlertid tiltak til for industri/transport-sektoren på kort sikt, og ein må ha system som ikkje gjer kvardagen mykje verre for dei svakaste i samfunnet, og ein må hjelpe folk flest med å begrense energibruken - både til beste for eigen økonomi og for samfunnet. 

Kommentarer