Kva kostar straumen EIGENTLEG no?

Straumprisane no er for jævlig høge, og er eit teikn på eit system som ikkje funkar slik det var tenkt. Noko må definitivt skje. 

Facebook-feeden min er fylt opp av skrekkeksempel på høge timesprisar på kraft. Spesielt i den dyraste regionen som eg bur i, NO2. Her har vi sett prisar på over 10 kroner/kWh den siste tida.

Men, kva kostar straumen EIGENTLEG?



Vi får straumstøtte inntil vidare. Fram til september har den vore på 80% av gjennomsnittsprisen over 70 øre. 

Det betyr at prisen ikkje er så ille som ein skal tru ut frå skrekkeksempla vi ser på timespris. Om du greier å unngå å lade bil, kjøre tørketrommel eller dusje i dei dyraste timane, så blir det ikkje så ille som det ser ut til. 

Eg brukar meg sjølv som eksempel:

I august kjøpte eg 588kWh straum til spotpris. For det betalar eg 3239 kroner. 

Det er 5,50 øre/kWh inkl MVA. 440 øre eks mva. 

Gjennomsnittprisen for straum i Nord Pool var i august 434 øre eks MVA. 

Det vil si at eg i gjennomsnitt betalte 6 øre meir for straum pr kWh enn gjennomsnittsprisen i Nord Pool. Det er normalt at det er litt høgare, men med litt fornuftig bruk, er det fullstendig mogleg å få den under også. 

Formelen for straumstøtta er (gj.snitt områdepris - terskelpris) * komp.grad * mva

Det vil si at det eg får i straumstøtte er: 

434 øre - 70 øre * 80% * 25% = 364 øre

Det tilseier at eg får tilbake 364 øre * 588kWh = 2140 kroner. 

Den faktiske regninga mi blir altså på 3239 kr minus 2140 kroner = 1099,- kroner

Altså faktisk pris pr kWh = 187 øre/kWh inkludert MVA. 

Det er mykje dyrare enn normalt i august, samanlikna med tidlegare år, men det er ikkje SKREKKdyrt slik alle facebookpostene skal ha det til. 

Frå og med september er dessutan kompensasjonsgraden på 90%, så med tilsvarande regnestykke som over, men med 90%, så vil den faktiske straumprisen teoretisk bli 141 øre/kWh i september. Det er berre 39 øre meir enn i fjor. 

Her er kva prisane mine har vore  i august og september tidlegare år (øre/kWh) 


AugustSeptember
20173842
20186459
20194640
2020714
202175102
2022187

Poenget med dette innlegget er å nyansere bildet og vise at det ikkje er totalt krise for private hushaldningar så lenge straumstøtta vedvarer. Med straumsparing og bevisstgjering er det mogleg å spare mykje framover, sjølv om det for mange hushaldningar utgjer ei utfordring med ei dobling av straumkostnadn

Det som ER krise er mangelen på straumstøtte for næringslivet! Situasjonen no trugar eksistensen til mange både små og store bedrifter. 

Personleg får auka i bankrentesatsene det siste året mykje, mykje større innverknad på privatøkonomi og kjøpekraft, og det snakkar nesten ingen om. 


(Eg har ikkje tatt med nettleige i regnestykket)








Kommentarer