Bikka 1 megawatt-time i mai - og no er den nye nettleigemodellen klar

Den beste årstida for oss med solcellepanel er her, og det er stort sett berre fryd og gammen når ein ser på straumregninga... I mai produserte eg 1010 kWh - av det brukte brukte eg 53% sjølv, og solgte 47% til ei total inntekt på 768 kroner. 

  • Straumkostnad  (straum/nettleige) fråtrukke straumstøtta og eks. elbil i mai blei 1031 kroner
  • Lading av elbil inkl nettleige kom på 429,- kroner
  • Totalt sett sparte eg 1365 kroner på å ha solcellepanel i mai. 
  • Eg har totalt sett spart minst 5317 kroner på solcellene sidan august (forsiktig utregning).  

Her er alle tala mine i år: 

Med bensin- og dieselprisar på godt over 20-talet så er det godt å ha elbil. Tibber gir meg også 20% smartladingsgaranti på prisen, så prisen pr km blir svært overkomeleg. 

Det er sumar og eg skal snart på vatnet med båten og fylte akkurat opp bensinkanna med under 16 liter. Prisen på det blei nesten like mykje som eg brukte på elbilen i mai... 



Det blir mykje sakte fart i sumar, gitt...

Ny nettleigemodell 

Ellers er no dei nye nettleigeprisane klare for dei fleste nettselskapa. Eg har Lede som netteigar og dei har lagt opp til ein moderert nettleigemodell i forhold til det dei gjekk ut med i fjor. 

No er det to ord ein må lære seg: Døgnmaks og månedsmaks. 

  • Døgnmaks er den timen i døgnet ein brukar mest kWh. 
  • Månedsmaks er gjennomsnittet av dei tre høgaste døgnmaksene i løpet av ein kalendermånad. 
Så om dei tre timane du brukar mest straum er 11kwh, 7kwh og 9kwh så vil du ende opp med beregning av fastleddet ut frå månedsmaks på 9kWh.

Den faste prisen på nettleiga (fastleddet) utgjer fylgjande: 
  • Under 5kWh månedsmaks: 205 kroner
  • Mellom 5 og 10 kWh månedsmaks: 350 kroner
  • Mellom 10 og 15 kWh månedsmaks: 493,75 kroner
Prisane pr kWh er faste. Det Lede skal ha saman med avgiftene utgjer frå 1. juli 41,76 øre/kWh.
I det opprinnelege forslaget var det forskjellig pris om natta og dagen. 

Det vil i praksis seia at om du har eit forbruk ein månad på 2000kWh vil nettleiga bli slik:
2000kWh * 41,76 øre = 835,20 kr
+ Fastledd 205 kroner = 1040,20 kr.

Klarer du ikkje under 5kWh blir regninga på 1185,- kroner, og klarer du ikkje å halda deg under 10kWh døgnmaks heller blir regninga på 1328,95,-

Eg har sett på mine eigne tal, og ser at eg i all hovudsak ligg på mellom 2 og 6 kWh i døgnmaks gjennom året. Også om vinteren. Når eg ser bort frå elbillading. 

På grunn av ladinga har eg imidlertid i dei fleste månadene i år akkurat bikka 10kWh. 
Det utgjer ei auke i nettleige på fastleddet på 143,75/mnd, altså 1725 kroner på eit år.  Det er pengar det også. 

Så kva kan ein gjera for å halda døgnmaks under 10 kWh? 

Eg spurte naturlegvis Tibber om dei har nokre planar, og eg blei glad (men ikkje overraska) for at dei svarte at det har dei:

Vi jobber hardt med å utvide på vår eksisterende funksjon for lastbalansering til ein form for effektbalansering. I første omgang så kjem vi nok til å sikte oss inn på at brukere sjølv kan stille ein maks effekt som vi prøver å holde oss under. Planene er å ha dette klart til lanseringen av dei nye tariffene nå til sommaren 👍

Så då har eg gode håp om at eg skal kunne klare å halda meg under 10kWh ved hjelp av lastbalansering på smartladinga, og at fastleddet på nettleigeprisen blir 350 kroner. 

For dei fleste med mindre hus og leiligheter vil truleg klare seg dei fleste månadene i året under 5kWh i månedsmaks, og då vil fastleddet gå ned frå 287,50 til 205,-

Men samstundes går prisen pr kWh opp frå 32,02 øre/kWh til 41,76 øre/kWh.

Forskjell på gamal pris og ny pris vil for meg med eit forbruk på 2000kWh bli: 

Mars 2022: 
  • 2000kWh*32,02 øre = 640,- kr + fastledd 287,50 = 927,50,-

Oktober 2022: 
  • 2000kWh*41,76 øre = 835,20 + fastledd 350,- = 1185.20 

Altså ei auke i nettleiga på 257,70 kr

Om eg hadde klart å halda meg under 5kWh hadde det likevel blitt ei auke på 114 kroner. 

I den første analysen av nettleigemodellen eg gjorde i november viste at små hus og leiligheter truleg kom til å spare nettleige i høve til den gamle, men det er ikkje tilfelle no, men det kjem ut på omtrent det samme. Med eit forbruk på 1000kWh ein månad vil gamal nettleige vera 608 kroner, men med den nye og med månedsmaks under 5kWh blir nettleiga 623 kroner.

Det er ikkje på grunn av nettleiga ein blir blakk, for å seia det slik. 

Og straumen er dyr, men pga straumstøtta er det ikkje så ekstremt som ein var redd for i haust. Ein får trass alt dekt det meste av straumkostnaden over 70 øre/kWh. 

I juli skal eg for øvrig teste ut ladenettverk i norden. I løpet av fire veker skal eg kjøre Enyaqen min nesten 5000 km i Sverige, Danmark, Finland og Noreg. Eg skal koma med ei oppfølging av det når eg er tilbake.

Her er kombinasjonen min av heilt ny teknologi, og svært gamal. 


(Eg skal ikkje køyre rundt med den gamle båten min i Norden, altså)






Kommentarer