Ukraina er under åtak, medan vi bekymrer oss for straumpris på 8 kroner

 Det er surrealistisk å sitja trygt og godt i eit varmt hus og skulle vurdere kor mykje eg har spart på solceller når Putin samstundes bombar Ukraina og meir enn ein million menneske er på flukt frå Ukraina. 

Eg vaks opp på slutten av den kalde krigen. Mamma var sterkt engasjert i Nei Til Atomvåpen. Eg blei også det. Atomtrusselen var alvorleg og reell til tider, men muren falt og 90-talet brakte med seg optimisme, sjølv om oppløysinga av gamle regime resulterte i grusom krig på Balkan. Sovjetunionen blei oppløyst. Nabolanda våre blei tryggare. Eg var sjølv i Estland og i St. Petersburg i 1994. Glasnost ga oss tru på framtida. 

Eg trudde verkeleg at ting kom til å bli betre. At demokrati var vegen å gå. At folk flest ville velja dei folka som kjempa for fridom og tryggleik for alle. At rasismen var på hell, at LGBT-rettar og kvinnerettar var på frammarsj. 

Det har ikkje skjedd. Mykje har blitt betre, ein del har blitt verre, og mykje er like ille som det alltid har vore, og den siste tida har ting blitt veldig mykje verre mellom aust og vest. 

Men så sit vi her då. Livet skal gå vidare. Energikrisa er reell og blir verre pga krigen. Russisk olje og gass er viktig for prisane på energi i Europa, og prisane i Europa blir vi påverka av direkte.

Det ser difor ut til at eg tima kjøp av solcelleanlegg perfekt.... Dessverre, for alle andre. 

I skrivande stund er spotprisen 818 øre (om morgonen, 8. mars). Gjennomsnittspris I dag blir 313 øre. Eg hadde verkeleg ikkje trudd at vi kom til å gå inn i mars med slike prisar. Heldigvis blir regjeringa si støtteordning for straumpris vidareført i april også. 

I februar har solcelleproduksjonen tatt seg opp kraftig frå dei foregåande to månadene, og grafen viser enda kraftigere hopp i første veka av mars. 

Fasiten for februar blei produksjon av 185 kWh. 

98% av dette blei brukt av meg sjølv, medan 2% gjekk tilbake til nettet. 

Totalt sett brukte eg 2447 kWh. 

Altså utgjorde eigen produksjon 7% av det totale forbruket mitt. Ikkje så mykje, men det er gjennomsnittet. Det var mykje meir i slutten av månaden enn i starten. Den første veka i mars ligg andelen på 13%.

Det betyr at solcellene mine sparte meg for ca. 391 kroner i februar. Eg held fram med å publisere tala mine og utrekninga mi i dette regnearket. Det viser at februarkostnaden min blei på 3322 kr. Det er kostnad for kraft og nettleige minus støtta frå regjeringa (som denne månaden utgjer 1145,-) 
Det er også inkludert lading av bil. Dersom eg tar bort elbillading blir total kostnad 3010,- kroner.
Det er til å leva med. Det er 700 kr mindre enn i januar 2021. 
I 2020 var februar-kostnaden 1756,- og i 2019 3179,-


Kostnaden ligg på det jamne, men forskjellen frå i fjor til i år utgjer omtrent det eg har spart på at eg i år har solceller, og det hadde eg ikkje i fjor. 

Eg håpar inderleg at ikkje spådomane om skyhøge energiprisar i uoverskueleg framtid blir sanne. Det har store konsekvenser for mange, og eg er ein av av dei heldige no. 
Med bensin- og dieselprisane som er no viser det seg at eg også har gjort eit godt val med å selge dieselbilen og byte til elbil denne vinteren. Alle kostnader over er jo inkludert "drivstoff", og i dag bikka dieselprisen 25 kroner literen. 

- Men våre problem og utfordringar er bokstaveleg talt ingenting samanlikna med dei som har flykta frå Ukraina og ikkje minst alle dei som framleis er der. Det vi kan gjera er å støtte hjelpeorganisasjonene med pengar og ta i mot flyktningane med opne armar. Og leggja press på russiske styresmakter for å få ein slutt på krigen.
Slava Ukraini! 




Kommentarer