Januar 2022 - dyrt og kaldt - og breiflabb overalt!

No blir det litt morsommere kvar dag å ha solceller. Desember var trist - og dyr. 

I løpet av januar har eg nærmast sett produksjonen auke kvar dag, og 30. januar produserte eg 7,2kWh - nøyaktig det same som eg produserte i heile desember!

Det er framleis ikkje noko å bli rik av, men det går i det minste rette vegen. Totalt sett produserte eg 63kWh i januar. 


Eg sparte totalt sett ca 145 kroner på å ha solceller i januar 2022. 

To prosent av straumforbruket mitt kom frå sola i januar. 

Eg har også hatt heile første månad med elbil, og sidan det samstundes har vore heimekontor, har eg ikkje brukt mykje straum på kjøring. Totalt sett brukte eg 199kWh og 315 kroner på lading av bilen i ein særdeles dyr januar. 

I januar får vi dekt 80% av det som overstiger 70 øre på gjennomsnittleg straumpris i regionen. Det utgjer 70,63 øre pr kWh. 

Sidan eg kjøpte 2907 kWh straum i januar blir straumstøtta mi på 2053,- kroner
Nettleiga har gått litt ned og utgjer 1218,- kroner (mot 1543,- i desember)

Regnestykket for januar blir: 

Kraft:5129,-
+ Nettleige:1218,-
= 6347,-
- Støtte frå staten 2053,-

Totalt sett blir då straumregninga mi på 4.333,-

Det er faktisk berre 15 kroner meir enn januar-regninga i 2021 som var på 4.318,-

Det er kjipe pengar, men det kunne vore verre. Desember var mykje verre. Eg trøyster meg også med at dette er inkludert "drivstoff" til bilen. Det kjem ikkje noko regning frå drivstoffselskapet denne månaden!

Sjølv om eg har lada bil i januar brukte eg 805 kWh mindre straum i januar 22 i forhold til januar 21. Det fortel meg først og framst at eg sløsa vilt med straumen i fjor vinter, og at det var ein del kaldare.  

No går det raskt mot enda lysere og varmare tider, så eg trur vi er over det verste! 

Kommentarer

  1. Best Casino Locations in Michigan
    Here are the best places to play in 남양주 출장샵 Michigan. Visit Mapyro to 전라남도 출장샵 find 남원 출장마사지 your favorite 하남 출장샵 Michigan casino. Find all of 의왕 출장안마 your favorite casinos now!Mobile casino games: Slots, Blackjack, RouletteLive casino: Play Roulette, Blackjack,

    SvarSlett

Legg inn en kommentar