Nytt år - nye tider - endeleg elbil.

Eit nytt år er i gang, og det blir eit spennande år på energifronten! På godt, og kanskje på vondt.  

Desember 2021 blei eit rekordår for straumprisen, og det gjer eit solid innhogg i månadsbudsjettet for oss alle. Eg reduserte forbruket i desember 2021 med 13%  i forhold til 2020, men med den auka straumprisen blir rekninga hard å svelge likevel. Det er interessant å sjå at eg greidde å redusere straumforbruket så mykje, enda eg fekk levert min Skoda Enyaq IV80 14. desember og rakk å lade 150kWh den månaden. 


Når eg trekk frå elbillading så er nedgangen i forbruk på 17,3%.

Då skal det seiast at det har vore kaldt. Både ute og inne.  Eg har i praksis nesten slutta å bruke TV-stua no om vinteren og har skrudd varmekablane kraftig ned. Eg har ungane annakvar veke, og eg senker temperaturen til 18 grader på romma deira når dei ikkje er her. Eg har også fyra mykje i ovnen og dermed brukt opp 3/4 av veden eg hadde tenkt å bruke i vinter, og lurar litt på om det kjem til å halda inn til mål... Det blir spennande.

Regjeringa sitt tilskot til straumregninga hjelper også litt. Basert på at eg kjøpte 3009kWh og gjennomsnittleg straumpris på Nordpool var 177,08 øre, så vil eg få 55% av det som er over 70 øre tilbake over nettleiefakturaen. 

Slik reknast det ut: (Gj.snitt områdepris - terskelpris) * komp.grad * mva

177,08 øre - 70 øre = 153 øre. 

55% av 153 øre = 58,894 + 25% MVA = 73,61 øre

73,61 øre pr kWh er altså det staten dekkjer av regninga mi:

3009kWh x 73,61 øre = 2215 kroner. 

Totalt blir kraftkostnaden 6088,- i desember. Mot 2721,- i 2020 og 3032,- i 2019. 

Det merkast godt, men utan støtte hadde den vært på 8303,-

Oppsummering av 2021

Totalt sett var året totalt sett bra, energimessig. Eg brukte 22.928 kWh, og det var ein nedgang på 0.9% frå 2020 då eg brukte 23.129 kWh 
Eg brukte forholdsmessig mykje straum i januar og februar i fjor. Eg var definitivt ikkje på straumsparingsballen, så det vistes på straumregninga. Eg lot varmekablar stå på mykje, og hadde ekstra varmeovnar på. 
Resten av året sparte eg jamnt og trutt, slik at totalsummen blei mindre. Om eg trekk frå elbilladinga, blir også resultatet betre: Totalt 351 kWh mindre på reint forbruk i huset i 2021 enn i 2020.


Kostnadsmessig gjekk det ikkje like bra då, men kostnad blir ikkje så ille som ein skulle tru samanlikna med tidlegare år. Her ser ein også kor eksepsjonelt billig 2020 var:

 

Solcellene

Eg har ikkje starta dette innlegget med å skriva noko om status på solcelleproduksjonen, og årsaka til det er sikkert forståeleg: Det har nesten ikkje vore noko i det heile tatt. 
Mange dagar i desember har det ligget snø på solcellepanela, og sjølv dei dagane det har vore sol har sola ligget lavt over horisonten, og på vestsida forsvinn sola raskt bak husa i skråninga om ettermiddagen. 

Totalt blei det 7,2 kWh. Alt gjekk til forbruk, og det sparte meg for 24 kroner på regninga. 
Ingenting å snakke om, altså.


Til samanlikning produserte eg 36kWh på ein dag i august...  

Men no har sola snudd, og det går raskt mot lysare tider. Eg må nok forvente like lav produksjon i januar, men så vil det ta seg opp. Det vil også vera avhengig av om det kjem mykje snø eller ikkje i vintermånadene. 
Her er eit interessant verktøy som viser solgangen på ein gjeve dato på vald stad: 
https://www.sunearthtools.com/dp/tools/pos_sun.php?lang=en

Det var kanskje ikkje den beste timinga å få levert elbil i kanskje den aller dyraste månaden for straum, men sjølv med dei dyre elprisane løner det seg i forhold til å kjøpe diesel. 

I 2021 har eg beregna at eg tente 1857 kroner på å ha solcelleanlegg etter det blei satt i drift 19. august. Det blir spennande å sjå resultatet for 2022. 

Ny bil

Det var ei fantastisk oppleving å få ny bil, men det har vore eit langt lerret å bleike... 
Bilen blei bestilt 1. juni og eg fekk først leveringsdato 20. juli. Då den datoen nærma seg blei det klart at den ville vera ferdig med unntak av microchips til infotainmentanlegget. Dermed blei det forsinkelse på to og ein halv månad. 4. oktober fekk eg beskjed om at bilen var på veg, så då starta eg med å prøve å selja den gamle dieselbilen. Det skulle visa seg svært vanskeleg, og eg hamna til og med i riksmedia med problemet... 

Etter to månader ga eg opp og lot den gamle bilen gå i innbytte, og henta ut den nye bilen 14. desember. 


Så er spørsmålet mange lurar på: Er det ikkje dyrt å kjøpe ny bil, og løner det seg ikkje å kjøre den gamle til den er utslitt? 

Det korte svaret er: Jo, det løner seg nesten alltid å køyra gamal bil til den er utslitt, men sanninga er også at ein ynskjer maskimal trygghet, komfort og den nyaste teknologien når ein har mulighet til det. 

Eg har ein god ven som gjerne preiker om verditap når ein kjøper bil, og den kostnaden er reelt stor, men det er ein kapitalkostnad som folk flest til vanleg ikkje tenkjer på - like lite som ein reknar mykje på om ein betalar ned eit hus på 20 eller 25 år, eller om ein vel avdragsfrihet. Alt slikt kostar. 

Det som tel til sjuande og sist er om månadsbudsjettet går rundt, og sidan eg framleis hadde lån på den gamle bilen så blei ikkje månadskostnaden for eit nybillån veldig mykje større. Eg betalte 2700 i lån på den gamle, og betalar 3600 i lån på den nye. Når eg trekk frå det eg sparar i drivstoffutgifter, bompengar, parkering, forsikring og servicekostnader så er det klart at eg sparar minimum 1500 kroner i månaden på å bytte frå ein seks år gamal dieselbil til ein splitter ny elbil. 
Eg har satt opp regnestykket slik, og har tenkt å skriva eit eige innlegg der eg går litt meir inn i tala og viser korleis det løner seg. 



Når eg framover kan fylle "gratis" solkraft på batteriet så løner det seg dessutan enda meir. Ikkje minst om straumprisen held seg høg. Usikkerheten ligg evt i om vi må betale meir bompengar og parkering i åra som kjem. Det er sannsynleg, men det vil løne seg nær sagt uansett. 

Så må eg heller leva med litt rekkeviddeangst og å beregne fleire stopp på langturar, men det er ein liten pris å betale for å køyra så billig og behageleg bil utan utslepp. Eit pluss er også at den gamle dieselbilen min har gått vidare til nokon som kanskje har byta ut eller vraka ein eldre og mindre miljøvenleg og mindre trafikksikker bil. På den måten går verda vidare! 


Kommentarer