Denne vinteren blir dyr! - Status november 2021

No byrjar det gjera litt vondt. Oktober var dyrt, men det var sånn nokonlunde innafor normalen på utgiftsida. November, og spesielt dei siste dagane i november har vore brutale for økonomien.

Mørketida har satt inn, og det merkast på solkraftproduksjonen. I november produserte eg totalt sett berre 78kWh, og 74 av dei brukte eg sjølv. Eg brukte totalt 1932kWh i november, ein nedgang på 353kWh frå november 2020. Eg har no spart i gjennomsnitt ca 555 kr pr månad sidan eg fekk solcelleanlegget.

Det betyr at nesten 4% av energibehovet mitt blei dekt av solceller i november, og eg sparte ca 185 kroner i forhold til om eg ikkje hadde hatt solcellene. Det er jo ikkje akkurat noko å bli rik av, men det er som forventa, og betre enn ingenting. Når dei tre mørkaste månadene er over vil eg sjå meir positive tal.

Det alle snakkar om for tida er jo sjølvsagt straumprisen, og det er klart litt kjipt å sjå på den fine statistikken for forbruket for andre halvår og sjå at det går kraftig ned år for år: 


Men når ein ser på kostnaden pr månad, så er november ikkje noko hyggeleg syn! 


November 2020 var svært hyggeleg då. Då var total kostnad for straum+nettleige 1435,- 
Kraftdelen var på berre 182 kroner! November i år er kraftdelen 2665,-!

November 2021 totalt blir på solide 3728,- enda eg brukte 15% mindre straum i år i forhold til 2020.  Det kjem nok til å bli rekord til jul. Den dyraste månaden eg har hatt frå 2013 til i dag var januar 2021. Då var regninga mi på 4318,-. Den ligg an til å bli slått av desember som vi er i. Berre i dag, 1. desember har eg brukt kraft for 133 kroner, og i morgon blir det enda dyrare.  

Julegåven til tenåringen min i år blir vel at ho får lov til å dusje som normalt! :-P

Eg ser i gruppene på Facebook at det er stor interesse for solkraft privat pga dei høge prisane. Det er nok gode tider for tilbydarane, og det er mykje å spare over tid, men som eg viser over; ikkje så mykje å hente frå november til mars. 

Framleis er det viktigste å spare på forbruket sitt. Om eg hadde hatt samme forbruk som i november 2016 med dagens pris, hadde straumregninga mi vore på nesten 7000 kroner

Eg sparer altså 2700 kroner berre i november på enøktiltak sett i forhold til forbruket for fem år sidan. 

Men pengane blir fort borte med dei prisane vi har no for tida. Eg håpar myndighetene kjem med tiltak som monner for dei som har det tøffast no. Eg skal nok greie meg. Det er viktig at folk ikkje sitt på gjerdet og brukar straum som før. Det er mykje å spare på smart straumbruk! 


Kommentarer