Solkraftstatus i oktober - med dyr straum!

 I oktober bikka eg den første heile megawatt med straumproduksjon frå eige anlegg! Det er moro!

Til samanlikning brukte eg i 2020 totalt ca 23 megawatt straum, og eg har brukt i underkant av 18 megawatt hittil i år.

I følge tabellen min sparte eg 436 kroner på straumregninga i oktober pga solcelleanlegget mitt. 


Eg har enda ikkje fått elbilen min heim, så utnyttingsgraden er ikkje heilt maksimert enda. Det viser seg dessverre vanskeleg å få solgt dieselbilen min til den prisen eg må ha. 

Produksjonen går ned

No når mørketida har satt inn og det er færre soldagar, går produksjonen kraftig ned, og det er ikkje mykje av produksjonen som blir solgt til nettet.  Produksjonen i oktober var under halvparten så mykje som produksjonen i september. 

Produksjonen i september var 482 kWh. I oktober er den meir enn halvert med kun 220 kWt. Kortare dagar med meir skyar og regn merkast godt.  

Totalt hadde eg berre 32 kroner i inntekt på kraftsal i oktober, men utnyttelsesgraden var høgare.
85% av straumen eg produserte i oktober blei brukt heime, og det er eg godt fornøyd med, foreløpig.  

Det er jo blant anna fordi straumbruken naturleg nok har gått ein del opp frå september. 1432 kWh i forhold til 932 kWh i september. Meir oppvarming av huset er kostbart og merkast på budsjettet! 
Eg har imidlertid som alltid fokus på straumsparing og skrur ned varmen i rom eg ikkje brukar, og brukar nattesenking og senking når eg er borte.  

Mindre å tene på salg av solkraft?

Sidan sist har også Tibber meldt endring i vilkåra for sal av straum. Fram til 1.1.2022 er prisen fast med 100 øre pr kwh, men frå 1.1.22 er det spotpris som gjeld.

Det betyr at dersom prisnivået går tilbake til slik det var i fjor, så blir det lite å tene på sal av straumen, men det er vel strengt tatt ikkje så rart. Det er ikkje straumleverandøren si oppgåve å sponse oss som har solcelleanlegg når prisane er lave, og dersom prisane held seg så høge som dei er no (jamnt over 100 øre) så vil det jo faktisk løne seg. Tibber ga oss mulighet til å hoppe over på spotpris frå månadsskiftet allereie, så det har eg gjort, og foreløpig er det på papiret lønnsamt, sidan prisen er over 100 øre i skrivande stund 1. november. 

Men det vil neppe vare. Til våren når solproduksjonen går opp igjen vil nok også prisane falle. Då blir det viktigare å utnytte krafta heime i staden for å selja den til Tibber. Straumlagring blir definitivt meir og meir aktuelt. 

Eg veit at andre straumleverandørar har ein del betre avtalar for kjøp av straum frå private solceller, men for eigen del er Tibber ein del av kjerna i smarthuset mitt, og det eg får mindre betalt utgjer ikkje stort. Det er meir pengar å spare på t.d. smart solarlading av elbil som Tibber tilbyd i appen sin. 

Eg har dessutan eit relativt lite anlegg på 6,84kwp. Det er ikkje sal av straum eg skal bli rik på. Målet mitt er å bruka mest mogleg av straumen eg produserer sjølv. Det er også klart at når sal av straum blir mindre lønsamt så blir lagring av solstraum i batteri meir aktuelt. Eg er veldig spent på kva som skjer med marknaden for private husbatteri framover. Slike batteri kan bli meir og meir lønsamt å bruke, ikkje minst når nettleiga blir endra 1.1. og det vil bli dyrare med nettleige på delar av døgnet slik det er med kraft i dag. 

Nye muligheter for straumsparing og utnyttelse av solkraft?

Eg ser også på å bytte ut varmtvannsbereder med ein ny smart bereder frå Høiax som kanskje kan utnytte solenergien betre, og styre slik at ein ikkje brukar så mykje straum når den er dyrast. 
Ein varmtvannsbereder har ei gitt levetid, og eg veit ikkje kor gamal den eg har er, så eg prøver å vera litt i forkant, og samstundes vil eg sjølvsagt at den skal vera smart. 
Dette kjem eg tilbake til. 

Dyre straumprisar

Det er elles mykje fokus på straumpris og straumbruk i media for tida. Mange er veldig sinte og ein del får problemer fordi det er så dyrt, men personleg merkar eg ikkje så stor skilnad. Oktober-regninga for 2021 på straum blir totalt 2349,- før eg trekk frå produksjonsinntektene. 

I fjor då vi hadde vanvittig billig straum var regninga for oktober på 1433,-. 
Gjennomsnittleg kraftpris i oktober 2020 var 20 øre.
I oktober 2021 var gjennomsnittsprisen 108 øre

Under 1000 kroner større regning i superdyre oktober 21 i forhold til superbillige 2020.
Det kan eg faktisk leva med. 

Eg er framleis svært nøgd med investeringa eg har gjort, og no går vi inn i dei aller mørkaste månadene i året, så produksjonen er forventa å gå ned ein god del meir i november-februar. Det blir spennande å sjå kor mykje. Kor mykje snø (om noko) vil også ha ein del å seia. Foreløpig er det mildare enn normalt, og ingen minusgrader i sikte. 

Snø er for øvrig eit mindre problem enn ein skulle tru. Dersom det er sol, vil snøen skli raskare av dei glatte, svarte solcellepanela enn taksteinen. Er det ikkje sol, så er det lite solkraft å hente uansett. 
Kulda har for øvrig ingenting å seia på verknadsgraden. I den grad det spelar inn så er det positivt. Kalde panel yter meir enn varme. 



Nedbetaling av solcelleanlegg
Innkjøp108 000,00 kr
Minus faktisk innspart1 657,04 kr
Rest106 342,96 kr
Gj.sn.innsparing pr mnd750,00 kr
Antall år til nedbetalt:11,8
Dato ferdigtirsdag 23. august 2033

Kommentarer

  1. Liker disse innleggene dine. Veldig inspirerende siden vi har snakket om solceller på taket i flere år. Bare en liten kommentar i forhold til nattsenking. I denne artikkelen anbefaler de faktisk det motsatte! https://www.aftenposten.no/digital/i/41blWq/loenner-det-seg-aa-senke-temperaturen-paa-varmepumpen-om-natten-eksperte

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er interessant, og eg har sett den artikkelen før, men det er fleire omsyn å ta, blant anna jobbar varmepumpa saman med varmegolv i underetasjen for å halda varmen. Eg har også ulikt regime på vinteren og sumaren. Eg senker for øvrig også når eg er på jobb. Uansett senker eg berre frå 22 til 18-19 grader. Er det kaldt når eg kjem heim frå jobb eller står opp om morgonen i helga, fyrer eg i ovnen.
      Eg har no kutta over 30% av straumforbruket frå 2017 til 2021, så det eg gjer har definitivt ein effekt. :)

      Slett

Legg inn en kommentar