Den nye nettleigemodellen

Edit: Den nye modellen blei utsatt. Informasjonen her er altså foreløpig ikkje aktuell. 

Frå 1.1.2022 blir det ny prismodell for nettleige. Informasjonen er no ute frå nettselskapet mitt og her vil eg prøve å gå gjennom og finna ut om eg sparer pengar eller om det blir dyrare etter nyttår. 


I skrivande stund (november 2021) består nettleiga av eit fast grunnbeløp på 287,50  pluss energileddet som er ein pris pr kWh du har brukt. Den er i skrivande stund på 41,74 øre/kWh

I oktober kjøpte eg 1244 kWh straum. 

1244kWh x 41,74 øre = 519,00 kr

519kr + 287,50 = 806,50 kr

Med den nye modellen vil prisen avhenge av to ting:

  1. Når på døgnet straumen blir brukt. 
  2. Kor mykje straum vi brukar den travlaste timen i månaden. 

Ein betalar altså for makskapasiteten ein treng i løpet av månaden. 

Dersom eg greier å halda meg under 5kw alle timar gjennom månaden vil fastprisen (kapasitetsleddet) vera 266,25 - altså 11kr lavare enn i dag. 

Når eg ser på forbruket mitt gjennom dagen i november ser eg at eg har klart det med nød og neppe nokre dagar, 


Men, med kaldare vær i vinter og med elbillading vil det halda hardt å klare det målet, så realistisk sett vil eg nok leggja meg på trinn to, 5-10kw. Då blir fastleddet 478,75 kr

Energileddet ligg foreløpig an til å bli slik:

Vinter:

Mellom 06 og 22: 16 øre/kWh
Mellom 22 og 06: 13,50 øre/kWh

I tillegg kjem forbruksavgifta på 20,86 øre og avgift energifondet på 1,25 øre. 

Det gir samla pris på dagtid: 38,11 øre/kWh

Og på natta: 35,61 øre/kWh

Altså blir energileddet 6,13 øre billigere på natta og 3,63 øre billigere om dagen. 

Gitt at eg brukar 75% av straumen om dagen, og 25% om natta ville dei nye prisane gitt meg ei oktoberregning som fylgjer:

933kWh x 38,11 øre = 355,56 kr

311kWh x 35,61 øre = 110,75 kr

Til saman: 466,30 kr

Energiledd + kapasitetsledd (straumpris + fastpris) gir samla månedspris for nettleige på

 5-10kw høyeste time: 945,06 kr

0-5 kw høyeste time: 732,56 kr

Altså ville nettleieregninga mi i oktober blitt 73,95 kr billigere med den nye modellen i oktober, fordi eg hadde klart å halda forbruket under 5kWh alle timane i månaden, men 138,55 kr dyrare dersom eg hadde bikka over 5kWh ein time i løpet av månaden.

Å ha meir av forbruket om natta får imidlertid ikkje stor konsekvens for prisen. 

I regnestykket over kjem eg ut med 732 kroner dersom eg brukar 75% om dagen og 25% om natta. Om eg skulle klart å i stedet bruke 25% om dagen og 75% om natta ville eg berre spart 15 kroner... 

Regnestykket for tilsvarande januar 2022 med samme forbruk (3771kWh) gir: 

5-10kWh høgaste time: 1892,- kr
0-5kWh høgaste time: 1679,- kr

Den faktisk regninga mi på nettleige i januar 2021 var 1861,- kr 
- altså går prisen opp med over 5kWh og ned ein del dersom ein held seg under.  

Når eg ser på forbruket mitt i januar ser eg at eg stort sett låg over 5 kWh nokre timar kvar dag i januar, så det er ganske fånyttes å prøve å koma under. Spesielt sidan det ikkje er så mykje å spare. 

Kva tenkjer eg om det? 

Jo, det betyr jo at for veldig mange som feks bur i leiligheter og mindre hus med jevnt, lavt straumforbruk vil nettleiga bli litt billigere enn no. 

For dei som bur i større hus med t.d. elbillader så vil nettleiga bli noko dyrare. Men det er altså snakk om 138,50 kr dyrare for 1244kWh - ikkje akkurat end-of-the world, og vi som bur i eneboligar med så stort straumforbruk skal nok ha råd til det... Eg ser på det som ei sosial tilpasning, og også bra at det blir billigere om natta. Det gir enda fleire insentiver til folk flest om å bruke straum smartare og på den måten spare masse på kraftkjøp også - og i tillegg er det bra for straumnettet, men det er nok meir å hente på kraftprisen enn på nettleiga ved å bruke straum om natta. 

Eg skjønar at folk ikkje har lyst til å endre på vanane sine, men vi har ikkje noko val når vi må endre på forbruket. Det er også mykje pengar å spare på det.

Dersom ein vil spare pengar er det meir å hente på å sjå på vanane sine ellers. Minke matsvinn, ha eit aktivt forhold til hvilke streamingtenester ein abonnerer på, kva mobiltelefonavtale ein har, si opp "støttemedlemskap" på treningsstudio, drikke mindre brus, etc...


Kommentarer