Elbil og solarlading

Eg ventar enda på den nye elbilen min. Microhipmangelen i verda gjer at bilen som var ferdig produsert 20. juli ikkje er sendt frå Tsjekka enda. Det er kjedelig å vente, men i mellomtida tenkjer eg og drodlar rundt korleis ladinga kan gjerast billigst mogleg med solkraft. 

Og eg har hatt tid til å oppgradere oppkjørselen min og installere elbillader og tatt facelift på garasjefasaden, så no er alt klart til bilen kjem!


Når eg får bilen ser eg verkeleg fram til å kunne lade bilen med solcellene mine - uansett grad eg klarar det. Tanken på å kunne gå frå å betale 2000 i månaden i dieselutgifter til 0, samstundes som eg prøver å bruka mest mogleg av den gratis solkrafta som kjem inn på taket til å lade bilen er veldig moro! 



Så korleis kan eg bruke mest mogleg solenergi til å lade bilen?

Aller først melder det seg eit lite problem, og det er det faktum at bilen ofte er i bruk på dei tidspunkta solcellene har best verknad. Klokka 12 i vekedagane er som regel eg og bilen på jobb i Larvik. 

Men er det eigentleg eit problem, og kva kan eg evt gjera for å hjelpe på det? 

  1. Eg vil sjølvsagt alltid vera kobla til nettet når bilen er parkert heime så eg får utnytta dei timane med solkraft bilen står parkert heime, og med solarsmartlading frå Tibber kan eg i teorien kun bruke solenergi til å lade bilen, i alle fall i dei månadene sola ikkje går ned før i 18-19-tida. 
  2. Heimekontor. Dersom eg som no kan halda fram med å vera ein til to dagar på heimekontor i veka kan eg lade bilen den dagen eg er heime, og heilt sikkert få  nok tid til å lade med solceller. 

Uansett er realiteten slik at året har flest kvardagar, og bilen brukast mest til og frå jobb og til og frå butikken og aktivitetar for ungane, og Skodaen har ei rekkevidde på 520km. Det er mykje!

Dersom eg berre køyrer til og frå jobb fire dagar i veka vil eg i prinsippet fint klare meg med berre ei lading i veka! 

  • Det er 38 km til jobb i Larvik. 
  • Det betyr 76km tur/retur.
  • 4 dagar i veka: 4x76km = 304km. 

Sjølv med nokre småturar til butikken og ellers, vil eg kunne lade berre ein dag i veka og likevel ha nok rekkevidde til å bruke bilen heile veka! 

Til og med når eg går tilbake til normalen og er på kontoret alle dei fem dagane i veka vil eg ha nok rekkevidde til alle 380 km med berre ei lading! - Sjølv om eg då byrjar å strekke strikken litt, og det vil truleg ikkje halda i dei kaldaste og mørkaste månadene. 

Men sidan eg i alle fall 8 månader i året vil kunne rekne med å kunne bruka berre solcelleenergien til elbilbatteriet vil det i praksis vera heilt gratis å kjøre! 

I teorien då. Eg skal sørge for å halda statistikken i orden og oppdatere dykk på utviklinga og resultatet. 


Utgifter

Eg har jo sjølvsagt også hatt utgifter til solcelleanlegg og elbillader for å koma i denne situasjonen. (Utgift til bil også, sjølvsagt, men det reknar eg ikkje på i denne samanhengen. Å kjøpa ny bil har mange fordelar og ulemper. Ingen kjøper bil for å spare pengar... Å eiga bil er eit personleg val) 

Elbilladeren er ein Easee laderobot med 32A trefase som kosta  12.300,- ferdig montert. Ettersom eg eliminerer dieselkostnaden som utgjorde omlag 2000 i månaden, vil laderen ha betalt seg etter eit halvt år, og i forhold til lånekostnaden på bilen kan eg då tenkje at eg trekk frå diesel og bomkostnader eg har hatt på dieselbilen min, og kjem svært godt ut av det økonomisk, med tanke på at eg faktisk hentar ut ein splitter ny bil.  

Kostnadseffektiviteten av solcelleanlegget vil også kunne bli mykje høgare når eg reknar med å bruka meir av den sjølvproduserte straumen på elbilen - altså meg sjølv. Det er trass alt billegare med gratis straum, sjølv om eg får betalt 1 kr pr kWh som går ut på nettet. 

Dei mørke månadene når eg likevel truleg må kjøpe straum frå Tibber til elbilen min tar eg i bruk smartlading frå Tibber, og lader då berre elbilen om natta når det er garantert billigst. Det handterer Tibber for meg. 

Tibber er altså meir enn ein straumleverandør som shopper rundt etter rimeleg straum. Dei leverer også funksjonalitet som gjer at dei ulike systema snakkar saman og gjer straumbruken rimelegare. 

Når straumen er så dyr som den er no i skrivande stund, og det ser ut til å bli ein dyr vinter, så blir eg berre meir og meir sikker på at eg har gjort eit rett val når eg har installert solceller. Fasiten kjem imidlertid ikkje før seinare. 


Eg har ført statistikk på straumkostnader frå og med 2013, så eg har eit godt grunnlag for å vurdere. Eg har no også utvida statistikken til å ta med produksjonen og utrekning av kva eg faktisk sparar. 

Det kjem eit innlegg seinare der eg presenterer dette litt meir inngåande, men du kan allereie no ta ein kikk på statistikken eg har gjort tilgjengeleg for 2021. Dette vil bli oppdatert framover. 

Klikk her for å gå til regnearket på Google Regneark


(Disclaimer - eg får ikkje betalt av verken Otovo eller Tibber for å reklamere for dei. Dersom du nyttar nokre av lenkene eg legg igjen til å registrere deg, så får eg vervepremie, men det er alt. Eg er faktisk så nøgd med produkta dei leverer)



Kommentarer