Båtliv, karbonavtrykk og forurensing

Eg bur på "Solkysten" ved kysten av Telemark. Ein herleg plass nær naturen og sjøen. Eg bur omtrent midt i skjærgården, og båtlivet er som for mange andre her viktig om sumaren. Det er stor glede for både store og små!

Eg har ein 17 fots daycruiser frå 1987 - ein klassisk KMV With Dromedille som eg kjøpte billig av ein nabo i 2015.




Båten i seg sjølv er fin-fin. Eg treng strengt tatt ikkje større, og eg er fornøyd med løysinga med overbygg, kalesje og utanbordsmotor, men problemet er motoren. 

Motoren er ein 50hk Evinrude påhengsmotor frå 1988 som stort sett går fint, men innimellom er det naturleg nok teknisk trøbbel med ein gamal motor som får meg til å rive meg i håret eg ikkje har.

Det største problemet er imidlertid fylgjande:
Driftsikkerhet, bensinforbruk, forurensing og støy.




Motoren er ein klassisk totakter og bråker ganske enkelt som eit helvete. Dessutan luktar det ille av eksos og bensin, små drypp av bensin og olje går i sjøen stadig vekk og eg røyklegg omtrent heile marinaen når eg startar opp treskeverket. - Dersom eg er så heldig at den startar. - Og joda, den gjer som regel det - men det kan ofte ta tid, og det er frustrerande og usikkert. Eg ynskjer meg berre ein motor som startar og går - slik bilen min gjer. 

Energieffektiviteten til ein slik gamal påhengsmotor er sjukt dårleg, den brukar masse dyr bensin, og karbonavtrykket blir stort. Eg brukar meir bensin på ein ettermiddag med båten enn eg brukar diesel på bilen på ei veke... Det føles ikkje bra.




Om det berre fantes ein måte å driva båten framover stille og utslippslaust!? 

Og då burde du sjølvsagt tenkje "VINDKRAFT!" 
- Og det er sant - innan transportsegmentet er det ingen som har tatt i bruk vindkraft på betre måte enn seilbåtar. Vi har brukt vindkraft til å forflytte oss på sjøen i bokstaveleg talt tusenvis av år! Det er genialt!

- Men er seiling noko for meg? 

Nei dessverre. 
Seiling er for spesielt interesserte. Ein må ha mykje kunnskap, ein bør ha mykje tid til å bruka på den, og ein må finna seg i å berre koma seg fram på stader der ein ikkje kjem borti botn med kjølen. 
Der er ikkje eg. 
Eg ser sjarmen, og eg likar å sjå andre seile, og kunne godt tenkje meg å dra på seiltur. (Eg har aldri satt mine sjøbein i ein seilbåt). Eg fylgjer "Sailing Uma" på Youtube og drøymer meg bort i korleis dei lever, men veit at det ikkje er for meg. 

Eg vil kunne gå i land på ei sandstrand. Eg vil kunne tøffe rundt ein holme og fiske etter sjøørret. Eg vil kunne dra opp båten på henger og ha mulighet til å setja den ut i ein innsjø og dra på tur der. Eg vil kunne ha båten i den lokale marinaen og ikkje bruke alle pengane på båtplass og opplag. 

For økonomi er jo definitivt ein faktor her. Eg er deltidspappa med litt over gjennomsnittsløn som bur litt over evne og prøver å få endene til å møtast. Eg må jobbe meir enn andre, og leige ut eit rom på AirBNB for at det skal gå rundt. 

Eg er mykje heldigere enn mange andre, for eg bur i enebolig med sjøutsikt. Eg har råd til ny bil, solcelleanlegg og å ha ein liten båt. Båt er luksus for dei fleste. 

Så kva kan eg gjera? Kva alternativ har eg når seilbåt ikkje er aktuelt?

Robåt? 
Det er ikkje å kimse av. Mange klarar seg med ei jolle og årer. Det er betre enn ingenting. Spesielt på innsjøar og vatn. For mine jollebehov brukar eg imidlertid allereie minebaater.no som tilbyd gratis utlån av joller overalt i landet dersom du er medlem av Norges Jeger og fiskerforbund. 
Alternativt kan ein velja kano. Eg har vakse opp med kano som pappa bygde sjølv då eg var barn. Eg ynskjer meg absolutt kano, men i tillegg til båt i saltvatn. 

Kva slags båt er eigentleg aktuell?

Draumebåten er ein båt på 21-23 fot med elektrisk framdrift, overbygg og mulighet til ei marsjfart på 10-12 knop. Overbygg så det går an å overnatte i båten når ein har lyst, og dra litt lenger. 
Fart er moro, men ikkje eit krav, og om eg skal tenkje elektrisk framdrift er det ikkje mogleg med dagens teknologi, eller gitt kostnaden. Sjølv om den båten eg har har toppfart på 26 knop, køyrer eg 90% av tida i 5-7 knop. 

Kva elektriske alternativ finst der ute?

Det har kome mange aktørar på banen for elbåtar dei siste åra. Det pågår ein stille revolusjon! 
Med alt frå Kruser som tilbyd elbåtdeling i fleire byar, Evoy som lagar norske elektriske utanbordsmotorar og innanbordsmotorar. Green Waves som både lagar elbåtar og elektrifiserer eksisterande båtar - spesielt eldre snekker. Canal Boats som tilbyd utleige av elektriske cabincruisere på Telemarkskanalen til små aktørar som t.d. Strømsø Boats som foreløpig tilbyd joller med elektrisk utanborsmotor. 
I Sverige finst m.a. Candela som har løyst rekkeviddeproblemet med ein båt som kan gå verkeleg fort på hydrofoil. 




Det er mange alternativ, men felles for alle er at det kostar. Ein 150 hester Evoy utanbordsmotor kostar frå 600.000 kroner med minste batteripakke. Ein Candela Seven kostar over tre millionar - for ein 20 fots åpen båt. Å leige den minste båten til Canal Boats ei veke kostar 40.000 kroner. 

Kva alternativ har eg då reelt sett?

1) Kjøpe ny båt? 
Med det meinar eg sjølvsagt brukt båt. Det har eg ikkje råd til. Prisane på båtar har gått i været etter pandemien. Sjølv om eg sel den gamle båten min vil eg ikkje ha råd til å betjene eit lån på ein båt i tillegg til hus og bil. Eit rimeleg elektrisk alternativ er evt å kjøpe ei gamal plastsnekke og pusse den opp og elektrifisere med hjelp av Green Waves. 
Det har eg ganske enkelt ikkje tid til. Eg vil bruke den lille fritida mi i ein båt på sjøen - ikkje i ein båt i hagen. 

2) Droppe å ha båt. 
Det er det billigste. Eg kan selge båten med henger og få mange tusenlappar som eg kan bruke på ny bassgitar eller oppussing av kjøkken eller noko anna teit. Eg sparar også driftskostnader og leige av båtplass og vinteropplag. 
Problemet er at då kjem eg meg ikkje på havet. 

3) Eg kan beholde båten og motoren slik den står. Motoren funkar. Det er berre mykje greier og frustrasjonar, og eg veit ikkje når den plutseleg tar kvelden. Eg må ha nytt undervannshus og diverse andre delar uansett. Den bråkar, forurenser og brukar veldig mykje bensin. Eg likar ikkje å skru på gamle motorar. Eg får det til, men eg blir sur av det. 

4) Eg kan kjøpe ny elektrisk utanbordsmotor? Nei det kan eg ikkje, realistisk sett. I alle fall ikkje før om minimum fem år når eg betalar mindre barnebidrag og eg tener litt betre. Det er få alternativ til min båt i dag, og dei altenativa som eksisterer passar ikkje min båt eller er alt for dyre. 

5) Eg kan bite i det sure eplet og kjøpe ein ny firetakts bensinmotor. Det er dyrt nok. Ein ny 50hk motor kostar minst 70.000 kroner. Det er pengar eg ikkje har. Eg vil kunne spare miljøet for mykje i forhold til den gamle, men det føles ekstremt baklengs å kjøpe noko nytt som brukar fossilt drivstoff i 2021. Og sjølv om drivstoffkostnaden går ned vil eg få eg utgifter til service som eg ikkje har hatt + dyrare forsikring og lån til sjølve motoren. Det er også sannsynleg at drivstoffprisane går opp framover. 

Har eg blitt noko klokare?

Ja kanskje eg har det. Alternativa mine er klarare. Det kostar mykje å ha båt - sjølv ein liten båt. Eg veit at andre eg kjenner har årlege utgifter på båten sin som overstig prisen på ein ny femtihester, men det hjelper fint lite. Eg er meg. Eg har det budsjettet eg har. Eg må prioritere. Eg kan ikkje få i pose og sekk. Kanskje eg skal klare meg med minebaater.no og låne jolla til kjæresten inntil vidare?
Det sparer miljøet mest og eg minkar karbonavtrykket mitt og det er bra for lommeboka. 

Alle må finna seg i å gjera offer i det grønne skiftet. Er det å droppe dette fossilet eit av mine? 

Men... Det er trist. Eg elskar jo båten min... Eg må gå i tenkjeboksen i vinter...  

Vær med meg på tur ein magisk sumarkveld: 


Er du interessert i elbåtar vil eg tilrå denne gruppa på Facebook: 
https://www.facebook.com/groups/1648602208779498

Sjekk også Youtubekanalen til Grønnere Tider. Veldig interessant ombygningsprosjekt dokumentert. 

Lydløs Elbåtfestival i Arendal har også mykje interessant på programmet. 









Kommentarer