Ut på tur - som femtiåring.

No har eg gjort det. Og det er delvis Per Heimly si skuld... 

Eg vaks opp i nord - med hytte både ved sjøen og på fjellet. Eg var aldri eit utprega vintermenneske, og det er eg framleis ikkje. Det er trass alt ein av årsakene til at eg bur sørpå og ikkje nordpå i dag. 

Eg har alltid likt meg ute i sumarhalvåret. Mamma, og spesielt pappa dro meg med på fisketurar i fjellet frå eg var tre år. Fjella rundt Narvik - og spesielt med utgangspunkt i hytta vår ved Skogvannet var besøkt mykje, og eg var ekstremt interessert i sportsfiske i desse vatna frå veldig ung alder. 


Dei fleste som kjenner godt vaksne Lockertsen som har budd i Oslo i 23 år og har tilbrakt meir tid med Playstation enn på tur dei siste åra vil kanskje ikkje heilt tru at fjellturar med fiskestang er i DNAet mitt.

Men det er det faktisk. Eg var abonnent på bladet Villmarksliv i mange år som barn og tenåring. Eg kjøpte fluestang for eigne pengar og lærte meg å kaste ved å stå i timesvis i kirkeparken å øve meg. Pappa støypte sin eigen store flotte glassfiberkano som eg hadde fri tilgang til på hytta. Eg KAN faktisk padle kano! 

Eg kan namna på vatna vi gjekk og fiska i på rams. Skomakeren, Jekselen (Jeksla), Kopperfjellvatnet, Neverfjellvatnet, Kubergvatnet, og det mystiske "Lillevannet" - som var fast mål for dei fleste turane eg gjorde med pappa, og også saman med gode vener i seine tenår.

Lillevatnet har ikkje noko namn på kart, så vidt eg veit, og er eit lite vatn som pappa gjekk forbi ein gong på tur aleina. Han prøvde nokre kast i vatnet og fekk to store ørretar på kort tid. Han dro alltid tilbake - kvart år - så lenge han greidde å stavre seg opp bakkane frå Urdalen og innover fjellet. Eg var ofte med. 


Dette vatnet var spesielt. Nokre turar fekk vi ingenting, medan andre gonger kom vi heim med over 10 stk., men det som var mest spesielt var at vi aldri fekk fisk på under kiloen der! Ellers var det jo mykje småfisk å få i desse vatna vi gjekk til.

Kva var det som skjedde då? Kvifor har eg ikkje tatt det med meg vidare i vaksen alder? Kvifor blei fjellsuget borte? Og kva kan eg gjera for å få det tilbake?

Då eg flytta til Oslo verka fjellet veldig langt borte, men eg dro gjerne på fjellturar då eg var heime i Narvik på ferie om sumaren. Fjell- og fisketurar var ein sosial aktivitet for meg. Eg har alltid vore slik at eg helst vil dela opplevingar med andre - ellers har dei på ein måte ikkje like høg verdi. 

Gjennom heile 20-åra prioriterte eg bylivet i Oslo. Fiske både i ferskvatn og i fjorden høyrde til Nordnoreg. Ikkje fekk eg fisk her nede dei gongene eg faktisk prøvde, heller. 

Så runda eg 30. Mamma gjekk bort. Det var travle år med mykje jobb og speling i band. Det blei korte turar til Narvik, og då eg var der prioriterte eg hytta ved sjøen. Eg fekk meg ny kjærast som ikkje var noko fjell- og teltmenneske. Pappa gjekk bort i 2003, og då slutta eg å reise nordover. Det blei korte turar med år mellom. Eg blei pappa i 2006 og 2010, og det blei mindre og mindre aktuelt å oppdage fjellet. Til slutt trur eg at eg tenkte at det var noko som var eit tilbakelagt kapittel. Det var ikkje noko som passa for meg.  

Så flytta vi til Telemark, og Bambleskauen kom nært. Eg har blitt glad i marka her og spesielt etter at eg blei skilt har eg fått meir tid til å utforske nærområda, men har ikkje dratt til fjells enda. Eg har ikkje hatt utstyr, har eg sagt til meg sjølv, og eg har ikkje prioritert kostnaden... Men eg dro på hyttetur i bambleskauen aleina i fjor, og har gått mykje turar i haust/vinter. 

Så har eg og kidsa byrja å sjå på Lars Monsen-dokumentarane på NRK.no og vi elskar det. Monsen på villspor er ein herleg serie, og Canada på tvers har eg sett før, men har vore eit herleg gjensyn. Trangen til å oppleve noko av det folk på tur opplever trenger seg på. 

Så var min gamle ven Per Heimly med i årets sesong 12 av 71 grader nord - som eg vel berre har sett ein sesong av - for tjue år sidan. Men eg har ganske enkelt blitt heilt hekta på serien. I skrivande stund er ikkje sesong 12 ferdig, men eg har brukt kveldane på å sjå sesong 11, 10 og har no starta på sesong 9 også... 71 grader nord er eit herleg samansurium av rare og fine kjendisar som tar store utfordringar og blir gode vener og støttar kvarandre som lag, og får oppleva norsk natur på sitt aller beste - og det inspirerer! Når Per og Isabel Raad greier å kravle seg opp på ein fjelltopp med ryggsekk så skal fanmæ eg også greie det! 


Til slutt har eg jo merka på kroppen at den ikkje tåler alt - eg har fått fleire reservedelar satt på plass. Eg har hatt ein alvorleg nakkeprolaps som har gitt nummenhet og nervesemertar og har pressa så mykje på ryggmargen at faren for lammelser var stor. Eg har imidlertid fått bytta ut to av putene mellom ryggvirvlane med kunstige alternativ, og er i skrivande stund i rekonvalesens, men ser ut til å bli heilt bra igjen. 

Så no har eg gjort det! Takk til Per! - I ein alder av 50 har eg bestilt meg ein skikkeleg ryggsekk - eigentleg min første eigne skikkelege ryggsekk tilpassa meg! Eg har også bestilt ein lang nok sovepose og kompass og har nyleg også kjøpt meg ein ny bålkjele! Små steg, men så har eg nesten ingen unnskuldingar igjen, og eg kan starte å planlegge dei turane eg vil oppleve.  

Fjellsko kjøpte eg for nokre år sidan. Telt har eg, og liggeunderlag.  Har også planer om å sove ute under tarp når været tillet det.  Og eg har ein ny kjæreste som er turglad og som har lyst til å vera med. Våren kan ikkje koma fort nok!

Eg er motivert for å slite litt, og eg håpar å få med meg kidsa på eventyr også, men er redd for at eg har starta for seint. I alle fall for ho som er nesten 15. Men ho er glad i fisking, så eg får bruka det som lokkemiddel. 

Eg innser at eg ikkje er 30 lenger. Eg klarar ikkje alt eg klarte før, nødvendigvis, men eg klarar meir no enn eg kjem til å klare om 10 år eller 20 år, og livet er no. Eg har inga tid å miste!



 

 

Kommentarer