The Beatles

Eg snikstarta ein serie med å skriva om musikkoppvåkninga mi med Toto IV i går, men eg har jo eigentleg starta for lenge sidan å skriva. Eg har berre ikkje publisert noko av det enda.

Musikk er enormt viktig for meg -  både å lytte til og som utøvar og produsent. Eg kom ikkje frå eit spesielt musikalsk opphav. Foreldra mine var relativt tradisjonelle, men dei hadde plater og eit ok stereoanlegg, og høyrde mest på klassisk musikk.
Det var imidlertid ikkje eg interessert i. Eg hadde faktisk eit lite hatforhold til noko av operamusikken dei spelte. La Traviata f.eks. Eg hata den intenst.

Eg hadde imidlertid eldre søstre. Tone er 15 år eldre enn meg, og hadde flytta heimefrå før eg var ferdig i barnehagen og visste kva musikk var. Siri, derimot, var 10 år eldre og vi var nærmare. Eg snoka litt i platebunken hennes før ho flytta heimefrå då eg var 8 og ho var 18. Eg var m.a.. ekstremt fascinert av Queen - A Night At The Opera, og veldig glad i Beatles. Siri hadde dei blå og raude best-of-albuma til Beatles.



Då eg var 9-10 år fekk eg kassettspelar til jul av mamma og pappa, og av Siri fekk eg opptakskassettar med opptak av dei. Desse høyrde eg på konstant, og eg blei sjølverklært Beatles-fan på min hals. Eg samla på alt eg kunne av Beatles-materiale. Ekte fanboy!
Eg drøymde tidleg om å kunne vera The Beatles - å stå på ei scene og lage musikk som dei.

Den draumen delte eg med eit par kompisar, og vi ville bli det "nye Beatles".
8. desember 1980 blei John Lennon drept i New York. Eg hugsar godt at eg høyrde nyheten på radio på kjøkkenet før eg skulle på skulen, og kor mykje vi prata om det på skulen den dagen. det gjorde eit uutsletteleg inntrykk!

Denne popstjernedraumen førte til at eg måtte lære meg å spela noko, og det mest nærliggjande var sjølvsagt gitar. Eg spurte mamma og pappa om eg kunne byrja på gitarkurs, og det fekk eg lov til.
Eg lånte ein halvakustisk gitar av svigerbroren min med eldgamle strengar og som var nesten umogleg å stemme. Lillebjørns gitarbok var starten, men eg gjekk fort i gang med å lære meg å spela beatleslåtar.

I femteklasse debuterte eg saman med Erling Andre og Tore S som gjekk i klassen min. Vi spelte From Me To You på klasseavslutninga det året. Året etter, i sjette klasse, spelte eg med Tore H. Då hadde eg fått lånt ein elgitar med forsterkar, og Tore H spelte trommer. Då spelte vi A Hard Day's Night.
Takk og lov at det ikkje fantes mobilkamera på den tida! - Eller kanskje ikkje. Det hadde vore moro å sett, om enn litt flaut.

Eg var verkeleg ekte Beatles fanboy - og sidan alle andre på skulen og i verda var Kiss-fans, var Erling Andre og eg anti-Kiss og pro-Beatles. Det har eg jo angra litt på i etterkant, men det er ei god historie, om ikkje anna!

Medan eg skreiv dette innlegget kom eg til å tenkje på at eg samla på Beatles-utklipp, og eg kom på at eg laga ei utklippsbok. - Trur du ikkje eg klarte å finna den i arkivet?!

Det var så moro å sjå den att at eg måtte lage ein liten video der eg viser den fram. Sjå her:




I år er det 20 år sidan eg var med og starta bandet Piggyback - det første bandet til Tommy Tokyo. Det første vi spelte inn som fullt band var eit bidrag til Dagbladets Beatles-cover-konkurranse i 2000. I want you (She's so heavy) frå Abbey Road - eit av mine favorittalbum:




Eg innser at Beatles har fulgt meg heile livet, og om eg ikkje høyrer på dei dagleg, så er det i alle fall jamnleg. Musikken er ganske enkelt blitt ein del av pulsen min.

Kommentarer

Legg inn en kommentar