Fleire piller mot misantropi

I går kom eg med eit hjartesukk i bloggen. Den var meint som ein plass der eg skulle samle desse pillene mine mot misantropien som slår meg i magen med jamne mellomrom.



Eg kjem jo over slike flotte statusar som dei eg delte i går også - og delar dei gjerne på veggen min - men Facebook er så flyktig. Etter å ha delt nokre bilda av ungane, nokre artige kattevideoar og den siste til Foo Fighers så er den fine statusen gjerne gløymd.

Kanskje eg kan bruke bloggen til å ta vare på nokre av desse? Ikkje berre hovudinnlegget, men også slik at ein kan gå inn og lesa alle dei fine støttekommentarane frå alle dei vanlege fine folka som trass alt finst her i landet - og i utlandet.

Her er eit utval:

"Ikke draper alle nettsider og kommentarfelt du finner med fremmedfientlig ræl. Kom heller til meg kjære kjellerrebell, så skal du få en klem. For det tror jeg virkelig du trenger"



"Er vi blitt en gjeng med ufordragelige og motbydelige egoister, som tror vi er berettiget et bedre liv enn alle andre i verden?"



"Point is, fuck off. I know who I dislike, and I know who I dont. I know who I appreciate, and I know who I dont. If you want to hate an entire race of men and women for the actions of a few dickheads feel free, but don't push your views on me, thinking I am an easy target because one douchebag decided it was my day to die."




"I en kompleks verden er det lett å komme med stygge generaliseringer og la hatet og uforstanden tale. Måtte det aldri vinne! Kanskje er det de gode generaliseringer vi trenger, mer enn noen gang, de gode eksemplene, de gode historiene"




Eg vil også tilrå å fylgja grupper som "Du skal ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer deg selv!" Denne er oppretta nettopp for å samle motiverande innlegg og positive folk, og er dermed full av piller mot misantropi.

Kommentarer