Eg er sjalu

Eg er sjalu. Dvs eg er ikkje så veldig sjalu, men ganske sjalu. Eg er i alle fall misunneleg.  Ikkje på kona mi, heldigvis. Eg høyrer om folk som slit hardt med sjalusi i forholdet, men slik har vi heldigvis aldri hatt det heime. Eg har heller ikkje opplevd å vera saman med nokon som er sjalu før.

Men eg er misunneleg på alle som kan gjera det dei har lyst til, og leva av det. 
T.d. musikk. Tenk å kunne leva av å spela musikk? Fortrinnsvis sin eigen? Tenk dei som lagar musikk som streamast tusenvis av gonger om dagen? Som lagar ein song som mange vil la bli spelt i si eiga gravferd! Som kan få folk til å gråte eller bli glad! Som kan fylle konsertsal etter konsertsal med publikum som lengtar etter å høyra DEG spela og synge!?

Tenk å lage dataspel? Tenk å lage Star Wars-spel i DICE eller Criterion? Eg ser jobbar bli utlyst hos DICE som utviklar favorittspelet mitt; Star Wars Battlefront. Jobben består til dømes i å sitja å finne på gode idear til korleis spelet skal funke og heltane mine bli brakt til live for millionar av menneske og kanskje korleis ei historie skal forteljast! Tenk det!

Eg er sjalu på dei som kan skriva bøker. Som har heile univers i hodet sitt! Som ikkje berre kan koma opp med ein idé til ei historie om noko som aldri har skjedd og som er fantastisk spennande, men som har tålmodighet og ståpåvilje til å skriva hundrevis av sider. Og om dei er heldige så er det tusenvis som vil lesa historia som dei kom på ein dag dei satt på trikken - og kanskje det blir til ein film eller tv-serie! Så kan dei sitja og sjå historia bli levande!

Eg er sjalu på dei som kan lage video med seg sjølv og få tusenvis av følgjarar på Youtube. Å sitja og prate tull, eller enda betre: snakke om noko som betyr noko, og faktisk leva av det. 

Eg er misunneleg på dei som kan reise på fototurar eller definere prosjekt i studio, lage ei fotoutstilling og selja bilete og leva av det. 

Eg er misunneleg på dei som kan plukke opp ein pensel og litt akrylmaling og skape kunst på eit lerret!

Eg er sjalu på dei som kan blogge om noko som opptar dei - kvar dag - og ha folk som likar å lesa det dei skriv om - og greier å leva av det. 

Eg er sjalu på dei som kan vera skodespelarar - jobbe med andre og få lov til å vera heilt andre fiktive personar, på film, tv eller teaterscene. 

Eg er sjalu på dei som er tjue år yngre og som har sjølvtillit og drivkraft til å fylgja draumane sine og bli det dei har lyst til - ikkje det som er forventa av dei, eller det som er trygt. 

Hadde eg gjort noko annleis då eg var 25 om eg visste det eg veit i dag - om eg hadde sjølvtilliten eg har i dag? Ja heilt klart. 

Eg er ikkje misnøgd med kor eg er i dag. Eg ville ikkje bytta ut familien min med noko anna - sjølvsagt ikkje. Men etter å ha kome ut av ein jobb som tok litt knekken på meg, og gå ut i arbeidsledighet som 47-åring ser eg litt mørkt på framtida. Ikkje bekmørkt, men det får meg til å tenkje. 

I 1995 kom eg ut av mitt første lange forhold. 25 år gamal. Ingen barn. Ingen jobb. Ingen plass å bu. Verda og livet var verkeleg heilt open. Men eg var bunde av eigne forventningar og ynske om økonomisk fridom og konformitet. Ønske om materiell rikdom. Lukka og draumen var eit forhold med ei kvinne eg elska, ein jobb eg trivast i, og mulighet til å driva med kreative hobbyar på si. Eg utvikla ikkje meg sjølv. Eg valde på mange måtar den lettaste og tryggaste vegen. 

Då eg var 19 drøymde eg litt om å bli skodespelar. Eg var aktiv i Narvik Teaterlag, spelte i russerevyen, laga tøysete videoar med lånt VHS-kamera. Eg søkte på teaterhøgskulen i Oslo. Det var vegen eg måtte gå, trudde eg. Eg var på første opptaksprøve i Tromsø og fekk god kritikk, men kom ikkje vidare. Eg flytta til Oslo og prøvde aldri igjen. 



Eg hadde på en måte ein draum om å bli rockestjerne. Vi gjorde det bra som unge tenåringar, men eg la musikken på hylla då eg flytta til Oslo, og tok ikkje opp musikken igjen før eg var 26 - då oppdaga eg at eg hadde det i meg framleis. Eg kunne gjort det til levebrød då - om eg hadde satsa. Men eg turte ikkje. Eg hadde ikkje sjølvtillit, og eg var bunde av forventningar til materiell velstand. Eg var ikkje villig til å bytte ut ein trygg jobb og leilighet med å "gønne på" - skaffe meg dei kontaktane i bransjen eg trengte til å bli den bandmusikeren eg hadde potensial til å bli. Eg hadde kontaktar, eg spelte i bra band, og i bandet Piggyback hadde vi mykje av det som skulle til, men satsinga var ikkje nok. Eg tok ingen sjansar. Tommy Tokyo var vokalist i Piggyback. Han byrja med musikk då han var 26, berre eit par år før vi byrja å spela i lag. Han hadde det i seg. Han satsa alt - ofra mykje i mange år, men lukkast til slutt. Eg er så glad for at han greidde det!



No er toget mitt gått. Eg er 47. Har familie, hus, stasjonsvogn, garasje, båt, katt. Eg er forsørger. Det er berre ein ting som gjeld - å betale huslån, å gje ungane mine eit godt liv, mat og klær, ein ferie eller to i året.  

Eg lagar forsåvidt enda musikk, og eg prøvefilmar og søker på statistjobbar når eg kan, sjølv om eg ikkje har landa noko rolle i reklamefilm på 14 år.  Eg tar bilda, lagar musikkvideo når eg har tid, og eg skriv litt - mest i denne bloggen. Men eg er ikkje god nok. Eg KUNNE vore god nok, om eg hadde satsa meir. Det angrar eg på. 

No har eg gått arbeidslaus i 7 månader. Det har eg aldri gjort før. Eg har kome ut av ein depresjon, og har i år fått litt sving på kreativiteten igjen med ulike virkemiddel, men er redd for kva som skjer når eg får meg jobb igjen. Ein krevjande jobb som heilt sikkert gjev meg masse - både i form av månadsløn, sjølvtillit, sjølvutvikling og sosial kontakt med kolleger og evt. kundar. Men eg veit eg mistar ein del av meg sjølv igjen då. 

Eg er sjalu på alle dei som har jobbar dei får vera seg sjølv fullt og heilt. Som gjer det dei er gode til og det dei trivast med. Eg veit eg har eit luksusproblem. Men luksusproblem er også problem. Dei er berre lettare å leva med enn andre problem fordi dei er så luksuriøse! Det er mange som verkeleg må ta til takke med kva som helst. Dei er eg ikkje sjalu på... 

Så er det sjølvsagt alle dei som har fulgt hjartet, som er kreative og prøver og prøver. Som lagar låtar og spelar ute så mykje dei kan. Som må vera borte frå familien store delar av året og turnere. Som maler og maler men sjeldan får selt eit bilde. Dei som ikkje tener nok eller ikkje har så regelmessig inntekt at dei kan få huslån. Dei er eg sjølvsagt ikkje sjalu på. Eg kunne hatt det slik. Eg tenkjer jo at truleg hadde eg faktisk HATT det slik, og då hadde eg vore sjalu på dei som har det som meg - fast inntekt, hus og familie, ny bil og likevel mulighet til å vera kreativ når eg har lyst. 

Dei som både kan skape noko som dei elskar og som dei kan leva av er eit fåtal. Det er eg smerteleg klar over, og eg turte aldri prøve å bli ein slik. Det kan eg angre litt på her eg sit i min midtlivsmelankoli, men når det kjem til stykket - er eg så misnøgd likevel? Eg veit ikkje...

Kva for råd vil eg gje mine døtre og vil eg støtte dei om dei vil satse på sine kreative evner i staden for ei trygg utdaning eller ein jobb på Kiwi?
Eg seier "kjør på!". Eg skal gjera alt eg kan for at dei satsar så mykje som dei vil og har lyst. Dei bestemmer, men dei skal både "få lov" og den støtta dei treng.  

Det er betre å angre på det ein har gjort enn det ein ikkje har gjort!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Open og personleg jobbsøknad

Eg klarar ikkje halda kjeft lenger...

Om han pappa, Ernst Lockertsen (1931-2003)