Populær gamal pus

Vi har to kattar. Pepsi som er tre år gamal og flytta inn hos oss hausten etter at vi flytta til Stathelle, og Pondus, som Tone og eg adopterte same dag som Tone flytta inn i husværet mitt på Sinsen i Oslo for snart 14 år sidan.

Pondus er verdas beste gamle pus, som no dessverre har ein del problemer med kroppen. Artritt i ryggen og avslitt korsband. Men han held det no gåande og passar på ungane og kan vera leken som ein kattunge enda. Og fotogen er han definitivt!

På under ein månad har to ulike bilete eg har tatt av han blitt vald ut til vekas TwitterTuesday-showcase på Flickr Blog. 


10. desember vart dette bildet utvald med tema #fish:




Og i dag vart dette bildet vald ut med tema #CuddleUp:


Moro!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Eg klarar ikkje halda kjeft lenger...

Ein rommann på Kiwi

Korleis finna mutter når den er på botn...