Ei rar historie

Her er ei rar historie eg har delt på Facebook før. men som fleire kanskje kan ha glede av For 30 år sidan, i 1985, kjøpte eg eit stereoanlegg. Eg var 15 år og hadde neppe spart, men det kan tenkjast at eg hadde tent nokre ekstra pengar.

Anlegget var rimeleg state-of-the-art til 1985 å vera, og det inkluderte m.a. eit par store Jamo-høgtalarar og golvstativ til desse. Høgtalarane likte eg svært godt og dei blei flittig brukt heilt til 2003 då vi flytta til Holmlia og dei svære høgtalarane ikkje fekk plass i stua lenger. Høgtalarane hamna dermed på loftet, og stativa blei gjeve til loppemarked ikkje så lenge etter.




I 2012, nesten 10 år seinare flytta eg frå Oslo til Stathelle i Telemark. Der fekk eg inreidd heimekontor og studio/mancave over garasjen, og endeleg kunne eg ta i bruk dei store gamle høgtalarane igjen!

Dermed fann eg høgtalarane frå restane av flyttelasset og bar dei ut i furtebua. Eg tenkte då at det eigentleg var innmari synd at eg hadde gjeve bort golvstativa, for dei hadde eg hatt god bruk for no!

Så, berre eit par-tre timar seinare samme dag drar eg ut eit ærend, og tar i farta med meg litt søppel og leverer på den lokale gjenbruksstasjonen. På denne gjenbruksstasjonen hadde dei nyleg ferdigstilt eit lokale der ein kan setja frå seg og ta med seg brukbare møbler, bøker o.a. heilt gratis. Ekte gjenbruk, altså.

Eg hadde ikkje vore der før og stikk difor innom og tittar - og der - rett innanfor døra - ligg to høgtalarstativ. NØYAKTIG same type som eg kjøpte 27 år tidlegare og ga bort for 12 år sidan.

Kva er oddsen for det??

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Open og personleg jobbsøknad

Eg klarar ikkje halda kjeft lenger...

Om han pappa, Ernst Lockertsen (1931-2003)