Nytt år, nye sjansar - til sjukdom og skade!

Er det ikkje typisk? Det har gått nesten fire månader sidan førre innlegg. Eg er ingen bloggar. Eg har ikkje drivkrafta som skal til. Eg orkar berre skriva når eg vil eller må.
Det er jo ikkje slik at eg ikkje har hatt tid og anledning. Eg har også fem påbyrja utkast til innlegg som eg ikkje har fullført.
Her er utkast nummer seks...

Det viktigaste som har skjedd sidan sist, skjedde heilt i starten av året. 6. januar stod eg opp kvart på seks om morgonen for å reise til Oslo som vanleg på ein tysdag. Eg såg fram til litt aleinatid utan ungemas etter den lange juleferien, og eg såg fram til karatetreninga om kvelden.

Lokalbussen var litt forseinka som vanleg, og eg hadde det travelt om eg skulle rekke Sørlandsekspressen frå Rugtvedt. Eg måtte løpe med sekken på ryggen. Over gangbrua over E18, men rett på andre sida var det stopp.

Pang, sa det.

Eg låg plutseleg og kava på bakken. Smerten var intens i høgre ankel, og eg brølte. Verkeleg brølte. Eg skjønte umiddelbart at ting ikkje var rett. Ankelen min skulle ikkje kunne bevege seg sånn.
Det første og einaste som eg tenkte var: "HELVETE FAEN! No går sortbeltegraderinga til helvete".

Eg låg eit par minutt og kjente etter. Hadde eg kanskje berre forstua foten? Det gjorde vondt, men eg stabla meg på føttene igjen, og gjekk nokre skritt. Det gjorde vondt, og eg kunne sjå bussen køyre ut frå busstasjonen framfor meg. Eg ropte ut nokre nordnorske gloser igjen. Ankelen svikta igjen, og eg låg og kava på isen igjen. Eg skjønte at det var kjørt. Eg måtte ha hjelp.

Kva kunne eg gjera då? Skulle eg ringja kona? Ringja drosje? Ringja 113?

Kona hadde ikkje stått opp enda. Klokka var halv sju, og ho hadde kidsa å ta seg av.
Det var kaldt, eg hadde vondt og låg i regnet på isen. Eg hadde jo knekt foten. Det er lov å ringja ambulanse då? Eg ringte 113.

Eg løfta beinet og kvilte det på ryggsekken mens eg venta. Det tok sikkert ti minutt før ambulansen kom. Ein mann og ei dame kom ut og hjalp meg. Han verka som han var skeptisk til om eg hadde knekt noko. Ho fortalte at ho hadde høyrd brølet mitt, og tenkt at no blei dei snart utkalt. Dei var stasjonert på Lasse's. Kanskje hundre meter frå der eg sklei.

Eg blei buksert inn i ambulansen og fekk sitja på benken bak. Ikkje på båra. Ikkje i setet. På benken. Ambulansefolka satt foran. Fire-fem km til legevakta tok ei stund. Framme på legevakta fekk eg snakke med lege umiddelbart, og han konstaterte bruddet kjapt. Eg kjente det klikka i foten då han klemte på den.

Det blei bestilt drosje, og eg fekk vente ein halvtime på den. Fekk gjeve den gode nyheiten til fruen på telefon, og posta bilde på Facebook...



Drosjeturen til sykehuset i Skien var kjip... Eg satt foran, det banka som besatt i foten, og vi måtte køyra ein stor omveg for å hente ei gamal dame som også skulle til sjukehuset. Pasientreiser vettu.
Endeleg framme, henta sjåføren ein rullestol, så fekk eg trille på eiga hand inn hovudinngangen og fekk spørre i resepsjonen kor eg skulle.

Røntgen ferdig, og eg fekk vente rullestolen på akutten ei stund. Så fekk eg eit rom, blei undersøkt av lege, og det blei bestemt at eg fekk operasjon snarast råd. Hell i uhell nr 1: Det var brot nederst i det tynne leggbeinet, ikkje i sjølve ankelen  Hell i uhell nr, 2: Det skjedde før frukost. Eg hadde ikkje spist eller drukke sidan dagen før, og alt var difor klart for operasjon.

Klokka to var operasjonen ferdig og eg blei vekt av narkosen. Så fekk eg eit rom på ortopedisk sengepost på Telemark Sjukehus. Vindua stod på vidt gap med lufting, men eg lukta likevel kva som hadde skjedd. Ein av dei nye romkameratane mine hadde tatt seg ein røyk...

Med opphald på sjukehus friskt i minnet, var eg ikkje spesielt happy for å måtte dele rom med tre andre. Ingen av dei andre var under 70 år, og to av dei var i grunnen ganske forvirra. Spesielt han eine. Dei tre dagane vi budde saman, var det i stor grad eg som passa på at han ikkje tok seg ein røyk, prøvde å gå med den knekte hofta, og eg måtte gjentatte gonger fortelja han at kona hans var daud når han ropte på henne. Ofte trudde han at han var ombord på eit skip. Det var i det heile tatt veldig kjipt til tider. Alle tre romkameratane mine snorka jo som eit uvær - ikkje berre på natta, men også på dagen, då dei gjerne sov titt og ofte. Redninga var øyrepluggar!



Men det var uansett berre tre dagar der. Fredag var eg heime att, og trass i litt smerter, var det ikkje ille. Eg gjekk på Oxycontin mot smertene i ein del dagar, men då eg ville slutte blei det søren meg kjipare enn eg trudde. Eg sleit med det som eg skjønte måtte vera abstinenser i tre-fire dagar før eg blei bra! Det har gjeve meg ny respekt for medisinar!

I går var det ein månad sidan det skjedde. Eg skal til kontroll på sjukehuset om 12 dagar, og då er planen at eg får sleppe krykkene. Eg slapp unna med å ha gips på ei veke, og operasjonssåret er nesten heilt grodd no.

Det kjipaste av alt med heile historia har faktisk vore det at eg går glipp av graderinga til sort belte.

Det var det første eg tenkte då foten knakk, og har prega heile denne månaden. Eg har kanskje kjent litt på ein form for depresjon i denne perioden? Eg er immobil og har vore ein byrde for Tone og familien. Eg var sjukmeldt i nesten to veker etter operasjonen, men jobbinga har fungert veldig bra etterpå. Eg har vel truleg gravd meg litt ned i arbeid.

Eg har ikkje tatt i eit musikkinstrument. Eg har ikkje tatt eit bilde, eller sett i arkivet etter bilda eg kunne redigere og publisere. Eg har ikkje skrive noko, eg har ikkje vore så aktiv på Facebook som eg pleier. Eg har ikkje vore innom Twitter. Eg har ikkje oppsøkt kjente, eller bedt om besøk. Eg har ikkje ringt nokon. Eg har lagt meg tidleg om kveldane, heilt ferdig.

Då eg fekk angina i fjor var det jo så greit. Eg fekk satt inn ein stent, og alt var "fiksa". Få dagar etter var eg på løpetur i skauen att. Eg var fast bestemt på ein ting, og det var at planen min om å gradere i mars skulle eg ikkje gje opp. Det var eit fast og bestemt mål som var viktig for meg då eg var blitt sjuk og alt var forandra!

I desse dagar er det nøyaktig ti år sidan eg byrja å trene karate, og eg skulle gå opp til sort belte saman med fleire gode vener som eg har trent saman med i mange år. Stein-Ove har trent med meg i alle desse ti åra, og vi har gradert saman dei fleste gongene.

At han og dei andre skal opp no om nøyaktig ein månad, utan meg, er så innmari kjipt. Ikkje for deira del, sjølvsagt, men for meg. Eg er misunneleg. Ja det er eg.

Eg veit jo med meg sjølv at det truleg berre er ei utsetjing. Eg får jo ein ny sjanse. Men den sjansen er truleg først om eitt år igjen. Dangraderingar gjerast berre med utanlandske senseis, og helst for vår stilarts hovudinstruktør, sensei Jon Wicks. Han er som regel i landet to gonger i året. I mars og i august/september, men vanlegvis er det ikkje graderingar på samlinga i september, og eg vil aldri i livet  kunne få trent så mykje som eg treng i sumar fram til då. Det er ei kjensgjerning. Så då er det berre å vente til mars 2016. Sukk.

Det er kjipt, kjipt, kjipt. Det er 13 månader til, og eg vil stort sett måtte trene heilt aleina fram til då og ikkje ha fellesskapet som har vore mellom oss som har trent fram mot denne graderinga. Eg vil sjølvsagt heller ikkje få den samme oppfølginga som alle vi fem har fått og dei andre har fått etter at eg falt frå. Å vera ein gjeng, har vore viktig.

Motivasjonen er på bånn, formen er på bånn, og alle venene mine har løpt forbi... Det er ganske patetisk, men sånn kjennest det... Ein del av meg har lyst til å slutte. Gje opp.

Men - det er sjølvsagt sånn det kjennest no når eg er immobil og ute av form. Eg får berre starte roleg att om to veker når krykkene er vekke. Ikkje tenkje på gradering. La alt bare gli forbi. Trene meg opp att. Så får eg evt byrja å tenkje på gradering igjen når hausten kjem. Trass alt; gradering er ikkje det viktigaste med karaten. Det er ikkje det å få sort belte som har sendt meg i dojoen kvar veke i ti år. I så fall hadde eg hatt sort belte for tre-fire år sidan. Eg har hatt brunt belte sidan 2009! I over fem år! Ein av dei som skal opp til sort belte om ein månad byrja faktisk å trene karate etter at eg fekk brunt belte...

Jaja. Det viktigaste er no at helsa trass alt er god. Foten blir bra igjen. Det går mot lysare tider. Eg gler meg til å koma meg i skogen att. Så får tida visa om det blir sort belte ein gong!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Open og personleg jobbsøknad

Eg klarar ikkje halda kjeft lenger...

Om han pappa, Ernst Lockertsen (1931-2003)