Tankar på stranda

Eg har vore heime nokre dagar. Formen er etter det eg kan kjenne heilt tilbake, og har vore på tur i lysløypa i Røsskleiva både i går og i forgårs. Herleg!



I dag har eg vore aleina med ungane medan Tone var på tur, og vi har mellom anna vore på handletur, og på stranda. Vi har to minutt å gå ned stien til den lokale stranda, og det var frykteleg deilig å dra ned dit og vera der. Dei siste dagane etter eg kom heim har det vore skiftande vær, og ikkje så varmt. Nærmast litt haust i lufta. I dag var det over 20 grader, og det var enda fin temperatur i vatnet. Eg presterte å gløyma både mi og minsta si badebukse heime, men det blåste vi i. Det var ingen andre der, så vi bada i underbuksa.


Storesøster snorkla og lillesøster satt i vannkanten og såg på. Ho kom med ivrige tilrop, mens eg soltørka etter dukkerten og nippa til termokoppen med kaffe eg hadde tatt med meg. Det var rart å tenkje tilbake ei veke. Då satt eg også i sola, men det var utanfor hovudinngangen på Ahus, og eg kjente på trykket i brystet etter å ha gått i sakte tempo frå rommet mitt og ut dit eg satt. Det var ikkje noko god kjensle, for å seia det mildt.

Eg var ikkje redd. Eg har vore svært lite redd. Det blei jo oppdaga i tide, og eg var i gode hender og fekk medisin fram til eg skulle inn til utblokking på mandag. Det verka på ingen måte dramatisk det eg har vore gjennom.

Når eg googlar "døde av hjerteinfarkt", derimot, ser eg jo kor alvorleg det kunne vore. Eg kunne vore i selskap med t.d. Aleksander Dale Oen og James Gandolfini. Ein del av kransarteria mi var 99% tett. Hadde den blitt 100% tett, hadde infarktet vore reelt. Det er 1% i min favør. Det var litt lite...
Det er godt mogleg at eg kunne overlevd eit infarkt. Mange gjer det. Romkameraten min på Ahus gjorde det. Men det er likevel den største dødsårsaka her til lands. Fleire døyr av hjarteinfarkt enn av kreft.

På den andre sida, eg har jo vore minst like nært døden før utan at eg har reflektert over det. Når eg har knust sidespeilet mot sidespeilet til motkjørande bil i tunnel, seier det seg sjølv at marginane var på mi side, og det var lite å gå på. Det er ei kjensgjerning at statistikken ikkje er spesielt god for t.d. bilkjøring. Det er framleis noko av det farlegaste ein kan gjera. Likevel reflekterer ein sjeldan over det når det er nære på. Kvifor skulle det vera annleis med det eg har vore gjennom?

Eg har fått mange klemmar og alvorlege (og glade) blikk frå vener og kjente i dei dagane som har gått. "Hvordan går det?" spør dei. Jo, det går knallfint! Eg er i fin form. Like bra, eller kanskje betre enn før bryllupet! I går tok eit par rolege pils saman med ein av dei beste kompisane. Det var godt! Han klagar på at han no har blitt ein blogglesar på grunn av meg. Synd for han!


Når eg sit på stranda og tenkjer ei veke attende så er eg berre utruleg takknemleg for at eg i staden kan sitja der enn i senga på eit sjukehus og skriva blogg. Å vera med jentene mine, og løpe ut i sjøen og ta ein svømmetur! Og eg har ingen andre å takke for det enn Tone som fekk meg til å ringe legevakta i tide, og moderne legevitenskap som gjer at det var eit enkelt inngrep.

Det einaste som bekymrar no er at eg er bekymra for å starte på jobb på måndag. Eg har ein plan for det, men likevel. Eg gruar meg likevel.

Dette er prikken som er einaste synlege
merke etter utblokkinga på mandag. 

Kommentarer