Første døgnet heime. Frisk snart?

Det var fint å koma heim i går, men det var rart å koma heim til eit tomt hus framleis rotete etter bryllupet, og full av visne blomar. Det var ikkje den oppturen å koma heim som eg venta, og som eg skreiv i går var det ikkje så lett å ta inn over seg dei umiddelbare endringane, og at eg no er  medlem i den klubben.

MEN! Det var fantastisk å få heim jentene mine på 3 og 8 som hadde vore nesten ei veke hos besteforeldra sine. Med ein gong dei var heime, blei alt nesten som før, og dei hadde laga nydelige kort til meg...


Det blei ein taus kveld i sofaen med skriving av blogginnlegg, men greidde å nyte ein boks med øl før eg fann senga saman med min kjære.

Onsdag vakna eg ikkje før nesten halv elleve. 11 timars søvn er ikkje vanleg for denne karen.

Minsta var levert i barnehagen, mens største var begravd i eit spel på laptopen sin. Eg kokte egg til frokost. Titta i kjøleskapet. Tenkte på kosthaldsråd. Såg etter matvarer som kunne gjera dette kjipe med meg. Fann ikkje noko spesielt. Var det Stabburets Leverpostei? Jarlsbergosten? Kan eg eta leverpostei igjen? Sjølvsagt kan eg det. Eg har ikkje spist så himla usunt. Ei og anna skive med peanøttsmør, og kanskje ei med Nugatti på laurdag. Men spiser fisk og grønnsaker, og får i meg minst fem om dagen.

Eg trener karate vekentleg, går turar i skauen vår minst eit par gongar i veka, men det er klart at eg kan røre på meg enda meir. Med heimekontor og travle dagar, blir enkelte dagar veldig stillesitjande. 30 min. om dagen har ikkje vore ein realitet, og det må eg gjera noko med. Eg veier også 15 kilo meir enn eg burde, og det har sjølvsagt noko å seia. Men alle mine verdiar var gode på sjukehuset ved alle målingar. Blodtrykk på 120/70. Kvilepuls på 60-65, normalt kolesterolnivå, normal blodprosent, osv. osv.

Likevel blei eg hjartesjuk.

Dagen før skulestart i dag. Eg har vondt i armen. Det kjennest som eg har fått eit par harde slag med balltre på musklane.
Eg kjente eg også var tung i kroppen, men blei likevel med åtteåringen og mamman ut på shopping etter ny skolesekk og skolesaker. Det gjekk greit ei stund, men kjente eg blei meir og meir sliten, og armen gjorde vondt. Då vi kom til kjøpesenter nr. 2 ville eg ikkje meir. Eg var ganske enkelt ferdig. Ekkel kjensle. Eg som var så god form etter inngrepet på mandag! Eg hadde håpa på å få meg ein tur i skogen i dag, men i staden måtte vi berre gjera oss ferdig på kjøpesenteret og køyra meg heim. Eg slappa av i sofaen og kjente at ubehaget roa seg, mens Tone handla middag og henta minsta.
Kjenner meg litt usikker. Er alt som det skal? Burde eg ikkje vera i betre form to dagar etterpå?

Men eg skjønar at eg må ta tida litt meir til hjelp. Det er normalt å vera utilpass etter ei veke på sjukehus. Ei veke heilt utan fysiske aktivitetar og med berre grubling gjer også noko med ein. I morgon skal eg prøve meg på ein tur i skogen. Håpar berre armen kjennest betre. Den er meir plagsom enn eg trudde den skulle bli. Også når eg skriv no. Skriv mest med venstre. Skjønar at eg ikkje hadde kunne jobba i dag, sjølv om eg hadde hatt lyst. Utkvilt no, det kjennes greit. Gode naboar hadde høyrd om alle dei visne blomene, og kjem med blomer på døra og er med inn på eit glass vin. Eg er heldig!

Skal lokke fruen med meg ned i tv-stua no og sjå eit par episodar med Fringe! Og den nye sesongen med FaceOff har starta også! Kanskje eg kan bevilge meg eit par peanøtter også... :-P

Kommentarer