Det er bare stress

"Det er bare stress". 
Kor mange gonger har du sagt det til deg sjølv? Eller til andre. Er det bare slik? Er det bare bare?

Har du kjent stresset på kroppen? Fysisk?



Eg er relativt overfølsam på kva signal kroppen sender meg for tida. Ein bitteliten del av meg ventar jo omtrent bare på at hjartet skal slutte å slå... - Heilt utan grunn, sjølvsagt. Eg er jo reparert!

Så, seint i går kveld, midt under sesong 3, episode 20 av Fringe, kjente eg plutseleg trykk eller ubehag i brystet. Ein skikkeleg knute. Ikkje slik som trykket var då eg hadde anginasmerter, men ekkelt likevel.
Hjartet slo raskare, og eg kjente at eg blei svimmel. Eg prøvde å fylgje med på handlinga på TV, men mista fokus, og blei enda meir svimmel. "Jasså gitt, er det slutten som kjem?", er det ein liten stemme i hodet som seier, men alle dei andre stemmene i hodet seier unisont: "Hald kjeft".

Eg måtte setja på pause, og seia frå til Tone. Ho fortente eit forvarsel dersom eg besvimte, tenkte eg.

Snakk om å skremme vettet av kona si... Ho verka heilt roleg, men eg visste jo på førehand kva det kom til å medføre. Vi gjekk opp i daglegstua igjen, og eg kjente på formen. Ikkje så svimmel. Eg kunne gå og stå normalt, men kjensla i brystet var like ille. No var det nesten som ei brennande kjensle.

Tone overtalte meg (igjen) til å ringja legevakta, og eg fekk snakke med ein lege. Ho ville at eg skulle koma inn til EKG og blodprøver. Ja seff, tenkte eg. Lenge sidan eg har tatt ein EKG no. Heile 6 dagar. Sukk.
Vi ringte og vekte bestevenene våre, og fruen der i huset var hos oss før eg hadde rekt å få på skoa! Takknemleg!

Du veit det er alvor når det er kona som køyrer bilen, men det er ikkje langt til legevakta.
Det er rimeleg stor skilnad på køa på legevakta i Bamble og i Oslo... I Bamble var det ikkje ei levande sjel. Heldigvis ingen daude heller...  Vel innafor fekk eg gleda av å strippe ned litt for damene og få ei ny klistremerkesamling festa til kroppen. I know the drill:
EKG normal. Puls normal. Blodtrykk normalt. Blodverdiar normale. Bombe.

Ubehaget i brystet til stades, men ikkje svimmel lenger. Er det innbilning? Vær det gulrota eg nettopp hadde spist som eg ikkje tålte? Eller var det eit slags angstanfall? Var det bare stress?

Ingen grunn til å bli der. Tone køyrde meg heim, vi fekk sendt barnevakten i seng igjen, medan vi satt oppe litt. Eg tok ein samarin. Hjalp det på brystet? Ja det gjorde vel faktisk det. Kva i alle?

Alt normalt igjen. Eg blei stuptrøtt. Klokka var nærmare to, og eg visste at no får ikkje Tone sove meir den natta, mens eg fekk fem timar før ungane skulle opp på skule og i barnehage, og eg skulle starte på jobb igjen etter "ferien".

Opp klokka 7. 10 minutt etter Tone. Kidsa er allereie i gang med frukost. Eg har ondt i magen, eller brystet, eller ein eller annan stad midt i mellom. Ikkje svimmel, heldigvis. Gruar eg meg til å starte på jobb? Er det bare stress?


Eg får i meg eit knekkebrød, og tar med ein kaffekopp ut i heimekontoret mitt. Det er sju skritt ut av døra og inn i annekset. Der har eg ikkje vore på to veker. Framleis er det rotete etter at eg berre slengte inn instrument, mik-stativ og anna utstyr etter bryllupet. Eg slår på PC, og loggar på PC'en på jobb. Som venta er det nokre sider med uleste mailer, men etter å ha sletta alle varsel, nyheitsbrev og anna spam er det ikkje så ille det som er igjen som eg må ta tak i.

Eg startar å skrive ein mail til sjefen. Eg har planlagt kva eg skal skriva i nokre dagar, og det er lett å skriva. Omtrent så lett som det er å skriva blogg.  Eg får skildra problemet, og kva som må til for at eg skal få ein så lett kvardag som mogleg ei tid framover. Eg sender den av garde. Det knyt seg i brystet. Eg kjenner det att.

Det er bare stress. Eg har kjent det før, men det er også det som potensielt kan ha satt seg på innsida av arteriene mine. Kva i svarte er det slags idiotisk strategi av immunforsvaret?
"Jasså, du slit litt på jobben for tida? - La meg tette igjen blodårene dine. Det blir så mykje betre når du har DØYDD!??"
- For det er faktisk det som skjer dersom ein ikkje får hjelp!

Så - ta det på alvor dersom du er stressa på jobben og/eller i livet ellers. Få hjelp til å takle det som er vanskeleg, ellers tar kroppen din rett og slett hevn på deg! Mora mi fekk blødande magesår pga stress. Ho måtte fjerne to tredelar av magesekken. Det er alvor!

Eg veit ikkje heilt enda om stresset blir borte. Det kjem an på korleis det blir på jobben framover. Det kan jo henda at eg må byte jobb, men eg håpar eg slepp. Eg likar jo jobben min! No veit eg dessutan kor skoen trykkar, eg har skjønt at eg må seia frå, og eg kan få hjelp. Eg har ein plan.

Eg skal trene meir. Eg skal trene meir karate! Eg vurderer tai chi og yoga. Eg skal gå meir i skogen, og prøve å lesa mindre nyheiter. Eg er nyheitsjunkie både på vanlege medier og Facebook. Det er kanskje ikkje sunt. Eg skal gå ned i vekt. Drikke cognac til kaffen. Kose meg med familien.
Ikkje stenge stresset ute, men ta det på alvor og stresse ned. Eg trur at når ein stenger stresset ute, fortrenger det, så sett det seg i kroppen. Dersom ein stressar ned, blir det borte.

- Håpar eg!

Kommentarer

  1. Dette er et av de beste og mest innsiktsfulle innleggene i bloggen din så langt, kjære mannen min. Keep it up!

    SvarSlett

Legg inn en kommentar