Musikk

Noko av det viktigaste eg har i livet er musikk. Eg har vakse opp med musikk frå eg vart fødd, og eg er aktiv utøvar og konsument av musikk. Eg høyrar på musikk i bilen, på reise, på jobb og på kjøkkenet. Overalt.

Eg har spelt i band sidan eg var 12 år gamal. For tida har eg eit band som heiter The Catsharks og spelar også i ein duo som heiter Marylock. Private prosjekt gir eg ut som Kustus

Mamma og pappa spelte alt frå klassisk til viser på sitt stereoanlegg, medan eg hadde eldre søstre som flaska meg opp på Beatles, Queen og Pink Floyd.

Eg var tenåring på 80-talet, spelte i band og var DJ. Eg modna musikalsk på 90-talet og var på dei første konsertane til Pearl Jam og Rage Against The Machine i Oslo. Tung melodiøs rock ligg nærmast hjartet, men har også sterke kjensler for electronica, hip-hop og tradisjonell pop/rock. Likar både det som er gamalt og det nye som kjem. Prøver å ikkje stagnere i musikksmaken.

Dersom det er slik at musikken du spelar fortel noko om den personen du er, kan du her finna ut meir om meg.

Her er nokre av dei viktigaste spelelistene mine i Spotify.

Dette er Creme De La Creme, toppen av kransekaka. Dei beste låtane på Spotify. (IMHO)



Her er spelelista med det eg høyrar på for tida, den lista som alltid er lasta ned på mobilen



Her er mi norsk-på-norsk-liste.



Og den svære 80-talslista.





Kommentarer