Mi musikkoppvakning: Toto

I 1982 var eg 12 år. Til då hadde eg vore mest opptatt av dei banda som søstra mi høyrde på. Eg har enda eit sterkt forhold til platene med Beatles, Bee Gees, Pink Floyd, Queen, Supertramp og 10CC, og skriv kanskje noko om dei seinare, men i dag kom eg tilfeldigvis over videoen nederst i artikkelen, og blei inspirert til å skriva om Toto.

Då eg byrja i sjette klasse blei det meir listepop. Mi musikalske oppvåkning starta for alvor.
"10 i Skuddet" var stort blant alle barn og ungdomar, og eg tok opp programmet kvar veke på min monokassettspelar. Resultatet blei "mixtaper" som sakna eit sekund eller tre i starten og avslutninga var gjerne miksa med litt applaus frå publikum og røysta til Steinar Fjeld eller ein av dei andre som var programleiarar. På dei fann ein alt frå Dexys Midnight Runners til Eye of The Tiger og F.R. David - Words.

Då Toto kom med "Africa" blei eg heilt hekta - ikkje minst på den fantastiske introen på låten med den ikoniske Yamaha CS-80-brass-synthen og perkusjonen. Eg satt i senga med kassettspelaren og spolte tilbake og høyrde på introen om igjen og om igjen! Albumet Toto IV blei omtrent spelt sund då eg kjøpte det, og er framleis eit av mine favorittalbum, sjølv om det var meir som ein guilty pleasure på 90-talet.

Som 49-åring har eg imidlertid ikkje skruplar med å innrømme at det er fantastisk. Africa og Rosanna er heilt sjukt bra låtar. Sjå korleis Rick Beato dissekerer Rosanna i denne videoen:

 

Eg har eit par av dei andre albuma til Toto frå 80-talet, men har ikkje spelt dei etter 1990. Toto IV derimot - gjerne.

No er det også ganske vilt at Toto faktisk spelar nesten i bakgården min i sumar - dvs på Wrightegaarden i Langesund, og eg har ikkje billett...

Eg syntes nesten 1000 kroner for ein konsertbillett var litt drøyt, og no er det utselt uansett. Men hadde eg spurt 12 år gamle Holger om kvifor eg ikkje skal sjå dei, så hadde eg vel fått eit spark i skinnleggen...

Her er Africa live for nokre år sidan, og er vel den same gjengen som kjem til Langesund om eit par månader. 37 år seinare.

Kommentarer

  1. Et par år skiller mye, og selv om jeg husker låten, er jeg ikke sikker på at jeg hadde hatt min oppvåkning selv på det tidspunktet. Jo - jeg likte musikk; Når Elvis døde ble jeg Elvis-fan, og når Lennon ble skutt var det Beatles sin tur. Noe Kiss også, men jeg er usikker på tidspunktet og hvorfor. Som innbygger langs svenskegrensen synes jeg Ti i skuddet var noe møl - vi lå alltid to måneder forran ved å høre på Sveriges Trax-listan. Jeg spilte også inn, men mixet ikke - jeg spilte inn hele programmet (to timer), for så å la det gå om og om igjen i uken som kom. Da fikk man inn all informasjonen også.

    SvarSlett
    Svar
    1. Herleg, Stian! Takk for god historie. Vi hadde jo ikkje så mykje val her i Noreg. Det var ein radiokanal, og dette var det hotteste vi fekk. Det endra seg jo fort på ungdomsskulen då eg byrja å kjøpe plater og fylgja med i andre media.
      No kom eg på at i 81-82 fantes det nokre "Home"-kassettar som dei solgte på nærbutikken. Det var dei "siste" hitsinglane - men i coverversjon! Fantastisk.

      Slett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Open og personleg jobbsøknad

Eg klarar ikkje halda kjeft lenger...

Om han pappa, Ernst Lockertsen (1931-2003)