Innlegg

Viser innlegg fra 2019

The Beatles

Bilde
Eg snikstarta ein serie med å skriva om musikkoppvåkninga mi med Toto IV i går, men eg har jo eigentleg starta for lenge sidan å skriva. Eg har berre ikkje publisert noko av det enda.

Musikk er enormt viktig for meg -  både å lytte til og som utøvar og produsent. Eg kom ikkje frå eit spesielt musikalsk opphav. Foreldra mine var relativt tradisjonelle, men dei hadde plater og eit ok stereoanlegg, og høyrde mest på klassisk musikk.
Det var imidlertid ikkje eg interessert i. Eg hadde faktisk eit lite hatforhold til noko av operamusikken dei spelte. La Traviata f.eks. Eg hata den intenst.

Eg hadde imidlertid eldre søstre. Tone er 15 år eldre enn meg, og hadde flytta heimefrå før eg var ferdig i barnehagen og visste kva musikk var. Siri, derimot, var 10 år eldre og vi var nærmare. Eg snoka litt i platebunken hennes før ho flytta heimefrå då eg var 8 og ho var 18. Eg var m.a.. ekstremt fascinert av Queen - A Night At The Opera, og veldig glad i Beatles. Siri hadde dei blå og raude best-of-a…

Mi musikkoppvakning: Toto

Bilde
I 1982 var eg 12 år. Til då hadde eg vore mest opptatt av dei banda som søstra mi høyrde på. Eg har enda eit sterkt forhold til platene med Beatles, Bee Gees, Pink Floyd, Queen, Supertramp og 10CC, og skriv kanskje noko om dei seinare, men i dag kom eg tilfeldigvis over videoen nederst i artikkelen, og blei inspirert til å skriva om Toto.

Då eg byrja i sjette klasse blei det meir listepop. Mi musikalske oppvåkning starta for alvor.
"10 i Skuddet" var stort blant alle barn og ungdomar, og eg tok opp programmet kvar veke på min monokassettspelar. Resultatet blei "mixtaper" som sakna eit sekund eller tre i starten og avslutninga var gjerne miksa med litt applaus frå publikum og røysta til Steinar Fjeld eller ein av dei andre som var programleiarar. På dei fann ein alt frå Dexys Midnight Runners til Eye of The Tiger og F.R. David - Words.

Då Toto kom med "Africa" blei eg heilt hekta - ikkje minst på den fantastiske introen på låten med den ikoniske Yamaha …