Om han pappa, Ernst Lockertsen (1931-2003)

Eg har tidlegare skrive eit innlegg med historia til ho mamma. Det låg sjølvsagt i korta at han pappa også skulle få nokre ord om seg her i bloggen, men det har tatt litt tid å bli ferdig...



Pappa blei født 27. september 1931 som nest yngst i ein ungeflokk med 6 gutar og døypt Ernst. Han vaks opp i eit hus som blei bygd av faren hans Wilfred Rinaldor Marinius på tomta til bestefaren, Anton Lauritz. Det låg på Gamnes i Karlsøy kommune i Troms. 

Ernst vaks opp i huset lengst vekk


Wilfred var fiskar med eiga skøyte og var mykje borte. Heime var det mor Nanna Petrea som var sjef. Ein kan tenkja seg at ho må ha vore ei myndig dame som var så mykje aleina med 6 søner med ganske stort aldersspenn. Eldste bror Arnold var 16 år eldre enn Ernst. 

Det var eit nøysamt liv som unge, men han fekk god skulegang, og var flink og spesielt glad i matematikk og historie. I grunnskulen var det nynorsk som var hovudmål på den tida. 

Som tenåring var han på fiske, som det sikkert var forventa av han, og han fekk mellom anna  hyre på ein båt som dreiv med håkjerringfiske i Barentshavet.

Han blei likevel ikkje fiskar som faren sin. Eldste bror dreiv med fiske og hadde eigen båt, men ingen av brørne vart fiskarar.  Ernst flytta etter kvart til Tromsø på femtitalet og byrja på lærarskulen.

På lærarskulen fekk han gode vener og der møtte han Brit Lajla frå Narvik. Søt musikk oppstod og etter at studiene var over søkte dei seg jobb på same skule, gifta seg og hamna på ein skule på Helgeland.

Det gjekk ikkje lenge før dei blei foreldre til vesle Tone, og etter eit år på Helgeland flytta dei til heimbyen til Brit Lajla der dei blei buande resten av livet.

Pappa blei raskt ein respektert lærar i Narvik. Det er svært mange i Narvik som har hatt han som lærar  i løpet av dei godt og vel 40 åra han jobba i skulen. Dei siste åra han jobba i grunnskulen var han undervisningsinspektør og hadde utallige vikartimar på den gamle rødskola i Narvik. Han var ein populær vikar fordi han ofte fortalte historier frå norrøn mytologi og kongesogene heller enn å undervise i faget klassen skulle hatt...
Dei siste yrkesaktive åra hans var han lærar på forkurset til høgskulen i Narvik.

Frå han ganske ung, i alle fall sidan han gjekk på lærarskulen i Tromsø, dreiv Ernst med akvarellmaling, og det var nok den viktigaste interessa han hadde utanom familien. Han stamma i rett linje frå Elias Figenschou (1599-1660) som var ein av Noregs framste barokkmalarar på 1600-talet og som malte det som reknast som Noregs første landskapsmaleri; Halsnøy kloster.

Halsnøy kloster (1656)

Ernst var ein aktiv kunstnar heilt til han døydde, og var med på mange utstillingar både separat, saman med andre og deltok også på mange juryerte utstillingar som "Nordnorsken". Han var aktivt medlem i Narvik Kunstforening i alle år, og stilte også gjerne opp for kunstnerkollegene sine.

Han malte nesten utelukkande landskap - basert på ekte landskap, men gjerne frå eige hode. Med åra blei akvarellane mindre og mindre figurative, sjølv om han malte landskap. Han var veldig oppteken av lys.




Ernst og Brit Lajla budde på loftet i huset til svigerforeldra hans den første tida i Narvik, men i 1957 stod huset deira ferdig. Det hadde han teikna og delvis bygd sjølv. Det blei bygd på tomta til svigerforeldra, heilt inntil huset som stod der frå før. I 1959 blei han så far til datter nummer to, Siri. og 10 år seinare, på ein ferietur på vestlandet skjedde det noko som førte til at underteikna, attpåklatt Holger kom til verda i 1970. Eg blei døpt same dag som storesøster Tone blei konfirmert.

Berre sju år seinare, i 1977, var Ernst blitt bestefar, og i løpet av fem år var han blitt bestefar til tre før han hadde fylt femti. Han har blitt bestefar til sju, og (foreløpig) oldefar til fire.
Han døydde dessverre fleire år før dei siste to barnebarna kom til verda, som er mine to jenter, og det vil alltid vera trist å tenkje på at dei aldri fekk møta han.

Ei tid på 80-talet prøvde han å leva av å vera kunstnar. Eg trur han var utbrent på jobben og måtte satse på noko anna.  Han leigde eit atelier med plass til utstilling og brukte dagane der til maling, mens Brit Lajla stod for mesteparten av inntekta i familien. Han hadde også utsmykningsoppdrag med eit stort bilde av akryl laga for Vinmonopolet i Narvik som det største og mest innbringande.
I 1987 flytta han til Oslo og gjekk på Oslo Tegne- og maleskole for å få ekstra input og mulighet til å utvikle seg som kunstnar.


Han var også ein habil skribent og skreiv både dikt og små historier som blei publisert hist og her.
Denne novella han skreiv blei publisert i tidsskriftet Vinduet i 1959.



Han var kjent som ein stabeis, med fantastisk ståpåvilje. Om han fekk for seg korleis eit prosjekt skulle gjennomførast var det lite som kunne stoppe han. Han var t.d. over 60 år då han fekk for seg at han skulle lage eit spor i støa å dra båten opp til naustet i, slik at han kunne greie å sjøsetja og ta opp båten aleina. Til det prosjektet skaffa han seg ein haug med kjempetunge jernbanesviller, og dei drog han ned på eiga hand frå parkeringsplassen til støa. Han ba sjeldan nokon om hjelp.
Han fekk ofte gode og mindre gode idear som han gjennomførte med stor entusiasme og stort sett med hell.

Etter at han hadde tatt etterutdanning i Trondheim på 80-talet fann han t.d. ut at han skulle sykle heim til Narvik i staden for å ta tog og buss. Han hadde ikkje sykla på mange år, men kjøpte seg ein standard racersykkel og sykla dei 900 kilometrane heim utan å klage ein einaste gong.

Sjølv om han var akademiker av yrke, var han glad i å bruke henda og hadde mangfoldige evner og kunnskaper i praktisk gjennomføring av byggeprosjekt.

Eg har allereie nemnt at han delvis teikna og bygde sjølv huset deira, som stod ferdig då han var 26. På sekstitalet byrja dei å leite etter hyttetomt og endte opp med å kjøpe ei tomt på Hekkelstrand i Ballangen. Der bygde han ei flott hytte med fantastisk utsikt til Ofotfjorden som stod ferdig sumaren 1970, det året eg vart fødd. Med to lærarar som foreldre blei det lange skuleferiar som i stor grad blei tilbrakt på hytta på Hekkelstrand, i tillegg til dei fleste helgene i sumarhalvåret. Fantastiske minne om ein stad som delvis har forma meg som menneske. Strandliv, fisketurar, kortspel og grilling.



Han var ikkje berre glad i livet ved sjøen, men også på fjellet. I 1979 då mi mormor døydde overtok vi den gamle hytta til min morfar Henry som låg ved Skogvannet, ei mil frå svenskegrensa. Det var ei gamal og lita hytte bygd tidleg på 1900-talet som m.a. blei brukt som varmestue av tyske soldatar under byggjinga av Bjørnfjellvegen som blei gjort av sovjetiske krigsfangar. Tomta låg akkurat der leira til krigsfangane låg, og eg leika mellom spor etter fangebrakker.

Det gjekk ikkje lenge etter at pappa overtok hytta at dei bestemte at ho måtte oppgraderast. Dvs at den gamle hytta blei rivd, og ei ny bygd eit stykke bortanfor der den gamle stod. Denne hytta blei ikkje brukt like mykje som den andre ved sjøen, men påske, seinsumar og haust var vi mykje der. Den blei brukt som utgangspunkt for utallige fjellturar med fiske eller molteplukking som mål. Eg har også fantastiske minne frå fiske med jolla i Skogvannet.

Hytta ved Skogvannet - Bilde tatt i 2015

I tillegg til eigne byggeprosjekt deltok han også veldig aktivt i andre sine, når f.eks døtrene bygde hus. Han var aldri vanskeleg å be om hjelp, og fann mykje glede i praktisk arbeid. Noko eg kjenner meg sjølv igjen i.

Pappa var glad i fjellturar, og gjekk ofte aleina eller saman med familien lange turar på Store Haugfjell, Næverfjell, Kopparfjellet og områda rundt. Han blei lommekjent i dei fjella.
Han gjekk ofte til eit lite vatn der han opprinneleg ikkje trudde det var fisk, fordi det var lite og han hadde aldri sett eit vak der. Ein gong han gjekk forbi prøvde han likevel nokre kast, og då fekk han ein ørret på godt over kiloet. "Lillevannet" blei ein slags familiehemmelighet, for når vi gjekk dit og fiska var det ikkje alltid vi fekk noko, men når vi fekk fisk var det utelukkande fisk på over kiloet, opp mot to kilo. Han fortalte ingen andre kor det vatnet låg.



Fiske i sjøen var likevel hovudaktivitet. Tidleg og seint. Tusenvis av torsk, sei, hyse, lyr og makrell blei dratt opp. Vi hadde som regel fisk i frysaren heile vinteren etter ein sumar og haust med fisking på hytta. Han drøymde alltid om storkveita, og med jamne mellomrom fiska han med agn og line for å prøve å få ho, men åra gjekk og ho tok ikkje åtet. Frustrasjonen var stor når dei på nabohytta hadde "søringa" på besøk som var ute og fiska og fekk kveite på stang.

Eit år etter at mamma døydde var eg på ferie heime i Narvik. Veret var dårleg. 10 grader, regn og skodde. Vi fekk berre eit par dagar på hytta med litt finare vær, og det blei ein fisketur med båten. Pappa, meg og min nevø Espen var utpå. Og på den eine fisketuren eg fekk den sumaren, og berre to år før pappa også døydde, då fekk han endeleg kveita. Vi hadde til og med kamera med. Det var ikkje STORkveita på 100 kg, men den var på over 15 kg, og smakte godt!



Pappa hadde ein annan hobby som han brukte mykje tid på i periodar. Han var ein god sjakkspelar og aktiv i Tromsø og Narvik Sjakklubb i lange periodar. Han lærte meg å spela då eg var liten, og eg var også ein aktiv spelar i nokre år, og vi reiste saman på sjakkturneringar. Han dreiv skolesjakkutvalget i Narvik Sjakklubb og er ansvarleg for at mange ungar i Narvik byrja å spela sjakk.

Pappa var med i regionsmesterskap og NM både individuelt og for lag og gjorde det nokonlunde bra.  Han delte interessa med broren sin Werner som var veldig aktiv sjakkspelar i Tromsø, og det var nok ein del broderleg kniving då pappa byrja konkurrere for Narvik Sjakklubb, medan Werner spelte for Tromsø. Allereie i 1960 var pappa nordnorsk mester. Mest sjakk blei det nok likevel spelt i stua. Han spelte nesten dagleg med ein av naboane, eller fekk besøk av nokon frå sjakklubben, og ikkje minst spelte han med meg og nevøane mine.  I 2004, eitt år etter at han døydde blei det arrangert ei Ernst Lockertsen Minneturnering i Narvik til minne om han.
Les om pappa sitt møte med sjakkspelarar på stranda i Vodice i dagens Kroatia i 1979 i magasinet Sjakk-posten.



Pappa vokste opp i ein konservativ og kristen familie. Brørne hans forblei konservative heile livet, og pappa heldt på barnetrua si heile livet, sjølv om han aldri hevda seg kristen eller sa noko då eg valde å ikkje konfirmere meg og melda meg ut av statskyrkja som 15-åring.

Både mamma og pappa engasjerte seg tungt i politisk arbeid på fritida frå 70-talet og til dei døydde. Eg trur mamma var den viktigaste drivkrafta, men pappa var også aktivt med. Både han og mamma var aktive i Nei Til Atomvåpen, og han satt som leiar i Narvik SV ein periode, som også mamma gjorde. Dei var begge ein naturleg del av eit miljø på venstresida og dei dreiv bokkafe saman med mange andre i fleire år på 80-talet.  Miljøkamp, solidaritet, antirasisme, kamp mot krig og urettferdighet. Alt dette var verdiar som var viktige i heimen eg vaks opp i. Eg vaks opp i fakkeltog og 1. mai-tog.

Mamma må ha hatt ei fantastisk påverkingskraft på pappa som hadde hatt ein så konservativ oppvekst, og eg tenkjer at familien hans må ha sett med undring på korleis han utvikla seg etter at han flytta heimefrå.



Pappa hadde også sine ting han sleit med. Dei siste åra, spesielt etter at mamma døydde, blei det mykje alkohol, og vi lærte også etter at han var gått bort at han var blitt speleavhengig. Han takla dårleg å bli enkemann, og han hadde slitt i fleire år før han pensjonerte seg med å motivere seg og prestere i lærarjobben sin. Han isolerte seg etter at mamma døydde og han flytta frå huset og inn i ei leilighet. Vi krangla dessverre ein del, men han stilte likevel alltid opp for vener og familie. Han stilte hytta på Hekkelstrand som sikkerhet utan å mukke då eg kjøpte mitt første hus.

Det var berre fire månader før pappa fekk kreftdiagnosen, og tre mnd etter det igjen var store, sterke pappa visna bort. Han hadde stor påverkingskraft på meg, og eg er nok pappa sin son - på godt og vondt. Eg kjenner igjen både positive og negative eigenskapar i meg sjølv som eg har etter han. Men det viktigste er det positive han har etterlatt seg. Det er det eg hugsar, og det er det eg tar med meg vidare, og det eg håpar han blir hugsa for.

Kommentarer