Open og personleg jobbsøknad

No har eg gått arbeidsledig i fem månader, og eg kan avsløre med ein gong: naving er ekstremt oppskrytt. Det er berre så vidt det går rundt, og er øydeleggjande for sjølvtillit og motivasjon.

Eg har runda 47 år og har vore i arbeid nesten uavbrutt sidan eg gjekk ut av ålmennfagleg vgs i 1989. Eg flytta til Oslo som engasjert og gira målmann og jobba først på kontoret til Norsk Målungdom eit par år der eg var redaktør i medlemsbladet, laga flygeblad og laga mellom anna organisasjonens første medlemsdatabase. Lønn blei tatt ut etter behov, og eg tok strøjobbar ved sidan av for å betale husleige.

Slik kan ein imidlertid ikkje leva i all æva, så i 1991 søkte eg på jobb i Markedsdistribusjon AS der eg skulle jobbe med å handtere databasar for abonnentar. Imidlertid blei satsinga på eigen programvare i firmaet lagt ned og eg blei satt til andre oppgåver i distribusjonen og i trykkeriet vi delte lokaler med. Hamna for det meste i produksjon og transport etter kvart, inntil eg blei sagt opp pga nedbemanning.

Då var det blitt 1993 og eg starta enkeltmannsforetak og køyrde budbil i Oslo og etter kvart blomstertransport. Det var på ingen måte lukrativt og då min dåverande sambuar var ferdig med utdanninga si i 1994, slutta eg med budbilfirmaet. Vi flytta til Troms og ho byrja å jobbe som lærar på ein fådelt skule, medan eg tok transportfag VKI, og sertifikat for trailer og buss for å ha noko å gjera.



I 1995 då skulen var over gjekk også forholdet nedenom, og eg flytta tilbake til Oslo. Der byrja eg å jobbe som lastebilsjåfør. Først for ein lastebileiar som hadde bilar i teneste for Freia og Tollpost Globe, men etter kvart blei eg tilsett i Torgersen & CO, ein grossist som leverte varer til kioskar, bensinstasjonar, storkjøkken, barnehagar, etc.

I 1995 oppdaga eg også internett, og det blei umiddelbart klart at det var noko eg ville jobbe med i framtida. Eg har drive med data som hobby sidan eg var 13 år og fekk min første heimedatamaskin og har vore hobby og leik i alle år.

I slutten av 1996 kom eg på nett heime med 33.6-modem og eg brukte kveldar og netter til å læra meg internetteknologi, og å lage heimesider. I 1998 hadde eg fått sjølvtillit nok til å prøve å skaffe meg jobb i bransjen, og eg laga ei jobbsøkeside på nett og sendte den til bedrifter som søkte etter folk på newsgroups. På andre forsøk fekk eg napp. Eg blei innkalt til intervju i ei nyoppstarta bedrift som var ute etter sin første tilsette i tillegg til dei to gründarane. Eg gjekk med på lav lønn i ei prøvetid og starta opp i juni 1998. Etter berre to månader blei lønna mi dobla og eg blei fast tilsett.



Via samanslåingar med andre bedrifter og gjennom ei frisk satsing i dotcom-tida gjekk vi frå tre til 43 tilsette i 2001, og ned til 23 i Pixelduck AS. I 2002 var imidlertid lufta gått ut av dotcom-ballongen og firmaet blei slått konkurs. Det var for mange tilsette, for dyre avtalar og for få kundar.
Boet blei kjøpt opp av eit Monacobasert selskap, og eit nytt selskap blei starta opp. Fem av dei tilsette blei tilbudt jobb i det nye selskapet Zetta AS, deriblant eg, og vi flytta til nye lokaler på Skøyen.

Etter eit turbulent første år byrja vi å tene pengar og mange gode år fulgte i ei relativt lita bedrift med mykje å gjera og solide tal på bunnlinja. Eg trivdes utruleg godt i jobben min og hadde veldig gode kolleger og spennande prosjekt å jobbe med. Jobba også mykje med intern utvikling, og etter at Zetta kjøpte opp content management-verktøyet til Pixelduck som eg hadde vore med å utvikle, blei eg sjefsutviklar av dette. Eg arbeidde også med utvikling av modulane til dette, spesielt med ehandels-modulen som handterte ordre, betalingsløysingar m.m.

I løpet av desse åra var eg blitt pappa til to, og eg og sambuaren min ville flytte ut av Oslo og nærmare familien hennes i Grenland. Vi fann difor hus på Stathelle i Bamble, og flytta dit i 2012. Eg heldt likevel på jobben i Zetta og pendla inn og jobba i Oslo to dagar i veka og hadde heimekontor dei andre tre dagane. Dette fungerte fint lenge.
Så byrja pila peike nedover for Zetta. Vi mista nokre store kundar som vi ikkje greidde å erstatte. Ansvaret blei tyngre og tynge å bæra. Det blei vanskelegare å jobbe heimefrå, og i 2014 var eg 1% frå å få eit hjarteinfarkt - til alt overmål tre dagar etter bryllupet mitt.

Eg lot imidlertid ikkje det stoppe meg eller få meg til å gjera nokre endringar, men problema fortsatte og presset blei større og større. Eg gjekk til slutt på ein alvorleg smell og blei omsider sjukmeldt med depresjon/utbrenthet som diagnose. Det var i januar 2016.
Etter nokre månader med gradert sjukemelding blei eg og ein til til slutt sagt opp pga nedbemanning. Eventyret var over, og det var alvorleg trist, men også ein lettelse. Lojaliteten eg følte, og presset til å prestere kunne opphøre. Eg kunne endeleg starte på nytt - i nærmiljøet der eg bur no.

Eg arbeidde så ut oppseiingstida mi i Zetta, og har vore arbeidsledig sidan. Eg gjer framleis nokre oppdrag og småprosjekt for Zetta, men eg ynskjer ikkje å halda fram med det lenge. Eg ynskjer meg ein jobb som gjerne er IT-relatert, men ikkje med koding av same type som eg har gjort i 19 år.

Så kva vil eg då? Kva slags jobb passar for meg? Kva slags jobbar søkjer eg på?
Eg veit ærleg talt ikkje. Eg er open for det aller, aller meste!

Først og framst er lokasjon viktig. Eg ser etter jobb i ein radius frå Bamble til Larvik på nordsida og Kragerø i sør, og Porsgrunn/Skien i aust.

Det eg verkeleg kan er internett og sosiale medier. Eg er kreativ, skapande, iderik, musikalsk, lojal, påståeleg, snill, inkluderande, morosam.
Eg har leiareigenskaper og kan vera strukturert. Eg er god med språk og tekst. Eg har sans for design og godt språk både på bokmål, nynorsk og engelsk. Eg kan også gjera meg forstått på tysk.

Eg har også utvikla private internettprosjekt på si i mange år. Eg utvikla og driv framleis Noregs største portal for akvarieinteresserte, Akvaforum.no. Eg lagar t-skjorter som eg sel i ein nettbutikk og driv til og med eit lite plateselskap der eg gjev ut eigen og andre sin musikk.

Eg har holdt i alle delar av prosjekt i Zetta. Frå å vera med i salsmøte, skrive delar av tilbod, estimere tidsbruk, utvikle løysinga, spesifisere og kjøpe inn servere, installere serverprogramvare og setja opp backuprutinar. Kvalitetssikre og ferdigstille internettløsning iht til alle gjeldande standardar og søkemototoroptimalisere, gjerne i samarbeid med tredjepartsleverandør. Til slutt setja i produksjon og etterpå vidareutvikle løysinga for kunden.

Eg kan prate med folk, og snakkar språket både til teknologane og sluttbrukarane.

Eg driv med fotografi, og lagar videoar og musikk og musikkvideoar på fritida. Eg kan bruka alle moglege slags digitale verktøy og det eg eventuelt ikkje kan frå før, kan eg Google meg fram til kunnskap om. Eg er veldig god med bilderedigering i Photoshop, og eg spelar dataspel. Mest på Playstation 4 dei seinare åra. Eg er dessutan ein stor Star Wars-nerd!

Eg har jobba stort sett aleina i mange år no, og det gjorde meg til slutt sjuk. Eg treng kolleger. Eg treng å kunne lade batteria på jobb. Gjera ting som gjev meg energi, ikkje tappar meg for energi.

Eg er ikkje redd for å ta i eit tak, og sett pris på manuelt arbeid også. Eg er praktisk anlagt og er ein god hobbyhandverkar. Eg fører mitt eige regnskap i enkeltmannsforetaket mitt. Eg er ein stor ressurs i rett bedrift. Eg er ein potet. Eg kan verkeleg brukast til det aller meste.

Eg trur kanskje stillinga eg vil ha ikkje blir utlyst fordi den er vanskeleg å definere. Kanskje treng du som les dette ein tilsett i bedriften din som kan ta på seg mange ulike hattar etter behov. Ein som stiller opp der det trengs? Ein med stor breddekunnskap? Ein som kan handtere sosiale medier, tekst, annonser, men også andre delar av drifta? Ein konsulent?

Der har du meg! 
Ta gjerne kontakt. Telefonnummeret mitt er 91 83 20 51

- Og har du ikkje jobb til meg, kan du kanskje vera snill å dela denne sida med nokon som kanskje har det? :-D

Kommentarer

  1. Holger og jeg går mange år tilbake i tid, da jeg laget video og han holdt på med musikk. Det var ungdomsklubben Apollo hvor han var leder og dj. Dette var 1983 -86 og gjennom han fikk jeg det siste og det beste, men der jeg lekte og ble underholdt, arrangerte han, planla og bidro.
    Vi var russ sammen, han som redaktør og utgiver av russetida, jeg som vokalist i russebandet og underholdningsserie i russestyret.
    Og det var nettopp et 20 årsjubileum for russen som førte oss sammen igjen etter, ja 20 år. Vi dro det i gang og organiserte det hele, han ble med i 2009 versjonen av russebandet og jeg ble med i musikkprosjektet hans Kustus.
    "Holger er jo perfekt match for deg. Du kan ingenting og han kan alt!" sa en kompis og det stemmer faktisk! Med Holger har jeg fått utløp for ideer jeg trodde var umulig å gjennomføre, jeg har fått en sparringspartner og rådgiver. Lurer jeg på noe data, musikk, video, Internett relatert, så er det han jeg melder og ringer.

    Jeg var forlover til Holger og har fulgt han i årene før og etter bryllupet og det er nå merkelig hvilke veier livet tar. Fra pur lykke og glede til utfordringer fra en annen dimensjon!

    Det jeg nå ser og erfarer, er at Holger er tilbake igjen! Humoren, glimt i øyet. Energien, latteren, bitende kommentarer og engasjementet!
    Jeg var Holgers "best man" i bryllupet, men jeg vet ingen som er en bedre mann enn Holger!

    Han er lojal til tusen, arbeidssom og kan så utrolig mye!! Han er en skikkelig nerd, keitete til tider, men om et år har han tatt svart belte i karate, så kick ass!!

    Med Holger får du It konsulenten, doern i kommunikasjonsavdelingen. Han lager presentasjoner, videoer og musikk og hever uttrykket i firmaet ditt betraktelig med noen tasteklikk!

    Jeg håper Holger kommer inn i en stor organisasjon som vet å verdsette hans evner og person!

    Med vyrdnad

    Tord Næss
    Lundekroken 5
    1396 Billingstad
    Tlf 98102098

    SvarSlett

Legg inn en kommentar