Innlegg

Viser innlegg fra september, 2016

Ein rommann på Kiwi

Bilde
I dag opplevde eg noko som eg har lyst til å fortelja om - ikkje fordi eg er overraska, eller at det er noko spesielt med det som skjedde, men fordi det fortel noko om ei menneskegruppe som får mykje pepper og hat.

Det var fredag ettermiddag, eg hadde henta minsta på SFO, og på veg heim var vi innom den lokale Kiwibutikken for å få med oss det vi trengte til fredagstacoen, og litt fredagssnacks. Utanfor inngangen sat som vanleg ein mann i femtiåra. Han har sittet der i fleire veker med ein pappkopp, og eg antar at han er av romfolk eller ein vanleg mann frå Romania som har kome til Noreg for å tigge og overleve.



Eg har aldri gjeve han nokre pengar - ein av grunnane er at eg uhyre sjeldan har nokre pengar på meg, og definitivt ikkje småpengar. Eg er vel heller ikkje tilhengjar av tiggarkulturen, sjølv om eg vil forsvara retten deira til å tigge. Eg bidrar ikkje til kulturen, men det har hendt eg har gjeve andre tiggarar noko å eta frå handleposen min. Sidan han sit der dag etter dag re…