Piller mot misantropi

Kommentarfeltet på Facebook og spesielt i norske media har alltid vore full av dritt. I lang tid har spesielt romfolk fått hatet kasta etter seg,

Men i haust og vinter meiner eg å ha merka eit oppsving i talet på usaklege og hatefulle kommentarar i takt med aukinga av flyktningestraumen. Det verkar som det er meir stuereint å koma med dei mest horrible karakteristikkane av flyktningar.


Martin Luther King sa for 50 år sidan:

History will have to record that the greatest tragedy of this period of social transition was not the strident clamor of the bad people, but the appalling silence of the good people.

Altså: Den største tragedien er ikkje alle som er slemme, men alle dei gode som ikkje seier frå at det ikkje er greit.

Eg skal ikkje samanlikne situasjonen i Noreg i dag med rasediskrimineringsstoda i USA på 60-talet, men poenget er likevel det same. Eg VEIT at fleirtalet ikkje tenkjer slik så mange i kommentarfelta gjer, men det synast så sjeldan, fordi alle dei gode folka ikkje orkar å ta inn over seg jævelskapen som er der, og det er forståeleg, men det gjer at idiotane sjeldan får svar på tiltale.



Eit kvart kommentarfelt blir eit ekkokammer for dei hatefulle, og for folk som meg - og ikkje minst dei som er offer - asylsøkjarar, muslimar, mørkhuda etc., ser det jo ut som at alle nordmenn er drittsekkar.

Personleg opplever eg å bli tiltakande deprimert og misantropisk jo meir eg ser hatet flomme i kommentarfelta - gjerne på saker som ikkje ein gong handlar om flyktningar eller innvandrarar. Det verkar som det er så mange som konstant går og tenkjer på dette, og som berre må spy ut drittmeldingar uansett kva det handlar om. Ein ting er at det kjem hatefulle kommentarar når ein asylsøkjar eller muslim har gjort noko kriminelt, men om han har gjort noko bra, så er det like mykje hat og mistru. Damned if you do, damned if you dont.

Så eg blir deppa. Berre spør kona. Det går inn på meg personleg. Eg er utstyrt med ei gjennomsnittleg mengde empati og har det eg vil kalle ei normal evne til å tenkje meg korleis det kan vera å vera forlate alt som er kjent for å søke lukka i eit framand land - til alt overmål eit mykje kaldare land med ein framand kultur, og der dei mest høgrøsta ikkje vil ha deg der. Ville ikkje det gjort noko med meg? Kvifor skulle det ikkje gjera noko med dei?

Eg oppretta denne bloggen i fjor for å klaga på at eg har fått litt hjerteproblem og har seinare brekt ein fot. Men eg har det jo eigentleg fullstendig konge her eg sit i forhold til dei fleste andre. Fy faen for ein sutrekopp eg er! Dei som kjem hit har mista/forlatt alt dei eig, har kanskje sett familie og vener bli drept. Og så er det vi som klagar over å måtte forhalda oss til dei? Kva faen er det med folk?

For 25 år sidan såg eg i grunnen lyst på framtida. Eg var viss på at den eldre framandfiendtlege generasjonen var på veg ut, og at sekularitet/opplysning/fred var framtida. Men no ser det verre ut, og eg forstår ikkje korleis dette kan skje.

Fienden til fredeligheten er ekstremistane. Islamistane og dei høgreekstreme har same interesse av å plante hatet og frykta i befolkninga som for kort tid sidan ikkje var der - eller i det minste ikkje like framtredande.

9/11. 22/7. Paris. Trollhättan. Jævelskap.
Kvar og ein av dei store hendingane er ille i seg sjølv. Dei er lammande. Det er vanskeleg å ta inn over seg galskapen som ligg bak. Men eg finn at det inderlege hatet eg ser blant vanlege folk i kommentarfeltet til lokalavisene er endra tyngre. Dei

Men mine piller mot misantropien er alle dei som faktisk seier frå. Dei som postar slike statusar som Geir, her, og alle som delar den. Kvar gong nokon seier frå. Kvar gong eg ser nokon seia i mot nokon som skriv noko hatefullt, kvar og ein av dei er medisin mot misantropien.

Nyhetene i dag 08.12.15. Dagen jeg våknet. Jeg kan ikke sove. Jeg kan ikke sitte stille å se dette skje. Flere...
Posted by Geir Tangen on 8. desember 2015


Og hurra! I løpet av den tida eg har brukt på å skriva dette innlegget har enda ein meldt seg på - med omtrent samme agenda. Ingebrigt Steen Jensen har lova å ta opp kampen mot hatet.
Eg er med han. Bli med du også. Saman er vi sterke, og kvar og ein av oss blir små piller mot misantropien som så mange av oss føler.



ET ENKELT, ANTI-RASISTISK, ANTI-FREMMEDFRYKT OG ANTI-HAT PROSJEKT PÅ FACEBOOK. Fra og med i morges kommenterer jeg...
Posted by Ingebrigt Steen Jensen on 10. desember 2015

Kommentarer