Krafta vaknar! (Spoilers)

No har eg masa om The Force Awakens i lang tid på Facebook, og også i bloggen min.

Tenkjer eg må skriva litt om opplevinga mi i dag! Advarsel! Spoilers ahead!

Møtte opp på Majorstua i god tid og spiste burger med selskapet mitt på Valkyrien burger, før vi rusla bort til Colosseum.


Så utruleg artig med alt dei hadde gjort med dekorasjonar og annan moro. Dei tilsette i kiosken cosplaya så godt dei kunne, så eg handla godteri av Leia.

Så var det å finna seg til rette midt på rad 3 og ta på briller. Først to briljante trailere, før Lucasarts-logoen kom på skjermen. Første runde med frysninger!

Full rulle fra start! Det blei klart at dette ikkje var barnefilm som episode 1 var. Kylo Ren er ingen snill onkel. Finn og Poe sine karakterar blei fort etablert, og Rey gjorde eit godt førsteinntrykk som berre blei betre og betre utover i filmen. Det er litt typisk Star Wars å kaste karakterar inn i handlinga utan at ein eigentleg får vita noko om historia deira, og sånn er det med desse også. Vi får sikkert vita meir i seinare filmar. I alle fall om Rey sin bakgrunn.

Castinga er rimeleg briljant, etter mitt syn, og det var rørande å sjå Han Solo og Chewie igjen. I god gamal stil!

Det tekniske var rimeleg perfekt etter mitt syn.
Fantastisk bra CGI som var fullstendig state-of-the-art, i motsetning til det som var i episode 1-3. CGI-karakterane var fullstendig troverdige, og kombinert med fysiske modellar var det ein godt blanda miks. Ein må sjølvsagt spesielt nemne Lupita Nyong'o som Maz Kanata. Finaste cgi-karakteren sidan Gollum! Og Gollum sjølv, Andy Serkis innfridde sjølvsagt som mr bad guy himself; Snokes. Blir spennande å sjå meir av han i ep. 8!

Eg såg 3D-versjonen, og dette var ein rimeleg perfekt 3D-film etter mi meining. Dei beste 3D-filmane er dei filmane du gløymer er i 3D, men som samstundes gir ei betre oppleving fordi det er 3D. Eg vel alltid 3D om eg kan, men opplever at omtrent 30% av 3D-filmane eg ser er betre i 2D, på grunn av opplevinga blir rotete, og for intens. Nokre filmar har for mykje dybde i 3D, og effekten blir for sterk. Det opplevde eg t.d. under den ellers eminente traileren til Independence Day som dei viste i dag. Det er too much. Samme har eg opplevd med t.d. World War Z, Edge Of Tomorrow og Brave!
Men The Force Awakens leverte ei fin oppleving i 3D!

Historia er ellers perfekt bygd opp - og bygd litt over samme lest som ep. 4 A New Hope - den originale Star Wars-filmen. Det er umogleg å ikkje kjenne igjen ein del element, men eg synst det var eit lurt trekk for å knytte historia tilbake til originalen.



Eit par gonger satt eg berre og glisa, og tenkte kor fantastisk det er å sjå ein heilt ny Star Wars-film med så mykje kjent, men der ein ikkje veit noko om kva som kjem til å skje! Det skjer ikkje ofte! Det er 38 år sidan eg har hatt den opplevinga, men då eg var 13 kunne eg ikkje reflektere over det!

Eg må sjølvsagt nemne scena som ingen likar - men som eg halvvegs forventa på førehand. Eg rekna med at minst ein av karakterane ville måtte bøte med livet, og det var eigentleg naturleg at det var Han himself. Ei fantastisk bra scene som var dramatisk så det holdt, men ikkje overraskande.
Det blir veldig spennande å sjå utviklinga til Solo jr etter denne filmen!



Det er sjølvsagt alltid detaljar å peike på. Nokre ting er rare, som at Rey taklar The Force så fort, og greier å vinne over Kylo Ren i den spektakulære lyssabelduellen, at Finn overlevde duellen sin, og ikkje minst at Leia har holdt ut med C-3PO i meir enn 30 år... Men, eg har lært at det er stygt å peike, og det er ikkje vanskeleg å finna hol i manus i den gamle trilogien også. Det er ikkje pga at alt er korrekt at vi elskar denne filmserien og universet!

TFA bydde også på nokre scener som viste nærmast heilt ny filmteknikk som eg ikkje har sett før. Spesielt under romkampane, og heilt konkret under The First Order sitt åtak på Maz Kanata sitt slott. Der var det ei panorering som fulgte ein karakter på bakken (trur det var Finn) og ein X-wing i 360 grader. Då utbraut eg "wow" heilt spontant.

Eg skal definitivt sjå filmen igjen på kino før den blir tatt av plakaten - kanskje i jula eller på nyåret. Då i 2D.





Kommentarer