10CC i Langesund

10CC er ein av mine "guilty pleasures" på musikkfronten. Eg vaks opp med albumet Bloody Tourists pga mi 11 år eldre storesøster, og har alltid elska det.

Eg kjøpte meg ein PS4 denne veka, og testa m.a. om Singstar-mikrofonane fungerte til denne, og då måtte eg titte innom Singstar Store - der fann eg Dreadlock Holiday, og måtte berre laste den ned!

To dagar seinare (i dag) slapp så Wrightegaarden dei første bookingane til sumarens konsertar, og mellom Hellbillies og Postgirobygget har dei funne plass til 10CC. Etter tre år i Bamble har eg enda ikkje vore på nokre av konsertane på Wrightegaarden (!), men kanskje denne skal bli den første?

Så, eg går til Youtube og blir påmint om at tida har gått sidan 70-talet... Her er 10CC live i 2011:



Dei var utvilsamt litt kulare på Top Of The Pops i 1978:




Men uansett, musikken er bra, så kanskje det blir ein liten nostalgitripp til Langesund neste sumar!?

Då eg var 10 år i Narvik var det ikkje lett å forestille seg at dette bandet kom til å spela konsertar 35 år seinare - omtrent i bakgården min.




Her er Bloody Tourists:



Kommentarer