Innlegg

Viser innlegg fra desember, 2015

Krafta vaknar! (Spoilers)

Bilde
No har eg masa om The Force Awakens i lang tid på Facebook, og også i bloggen min.

Tenkjer eg må skriva litt om opplevinga mi i dag! Advarsel! Spoilers ahead!

Møtte opp på Majorstua i god tid og spiste burger med selskapet mitt på Valkyrien burger, før vi rusla bort til Colosseum.


Så utruleg artig med alt dei hadde gjort med dekorasjonar og annan moro. Dei tilsette i kiosken cosplaya så godt dei kunne, så eg handla godteri av Leia.

Så var det å finna seg til rette midt på rad 3 og ta på briller. Først to briljante trailere, før Lucasarts-logoen kom på skjermen. Første runde med frysninger!

Full rulle fra start! Det blei klart at dette ikkje var barnefilm som episode 1 var. Kylo Ren er ingen snill onkel. Finn og Poe sine karakterar blei fort etablert, og Rey gjorde eit godt førsteinntrykk som berre blei betre og betre utover i filmen. Det er litt typisk Star Wars å kaste karakterar inn i handlinga utan at ein eigentleg får vita noko om historia deira, og sånn er det med desse også. Vi …

Star Wars og meg

Bilde
I skrivande stund er det berre eit par dagar til premiera på Star Wars - The Force Awakens. Eg veit ingenting om korleis filmen er, men gler meg som ein unge - og håpar den er bra.

Eg gler meg som ein unge - nærmast bokstaveleg talt...
1977  Då Star Wars (ANH) kom ut i USA var eg sju år. Eg hugsar ikkje korleis eg lærte om det, men eg var fullstendig hekta frå første stund. Då filmen kom til Ankeret kino i Narvik på nyåret i 1978 (Den hadde premiere 2. juledag 1977 i Noreg) kan eg hugsa at eg stod fjetra framfor plakaten som hang i ein monter utanfor kinoen.
Slukøra såg eg på den vesle papirlappen der det var trykt "12 år". Eg var nesten 8. Det fanst ikkje sjans i havet for at eg ville få sjå filmen på kino.

Eg var aktiv kinogjenger. Fem-kinoen var eit begrep i Narvik. Då gjekk det nye og gamle filmar for barn. Johnny Weissmüller som Tarzan og Lyn Gordon i sort-kvitt. Dei blei sendt om igjen og om igjen, og vi gjekk og såg dei. Fem kroner kosta billetten. Vi fekk med ein tik…

Fleire piller mot misantropi

Bilde
I går kom eg med eit hjartesukk i bloggen. Den var meint som ein plass der eg skulle samle desse pillene mine mot misantropien som slår meg i magen med jamne mellomrom.



Eg kjem jo over slike flotte statusar som dei eg delte i går også - og delar dei gjerne på veggen min - men Facebook er så flyktig. Etter å ha delt nokre bilda av ungane, nokre artige kattevideoar og den siste til Foo Fighers så er den fine statusen gjerne gløymd.

Kanskje eg kan bruke bloggen til å ta vare på nokre av desse? Ikkje berre hovudinnlegget, men også slik at ein kan gå inn og lesa alle dei fine støttekommentarane frå alle dei vanlege fine folka som trass alt finst her i landet - og i utlandet.

Her er eit utval:

"Ikke draper alle nettsider og kommentarfelt du finner med fremmedfientlig ræl. Kom heller til meg kjære kjellerrebell, så skal du få en klem. For det tror jeg virkelig du trenger"

Jeg blir så sint. Sånn innerst til beinet. Sint og skuffet og oppgitt og maktesløs og alle slags følelser jeg ikk…

Piller mot misantropi

Bilde
Kommentarfeltet på Facebook og spesielt i norske media har alltid vore full av dritt. I lang tid har spesielt romfolk fått hatet kasta etter seg,

Men i haust og vinter meiner eg å ha merka eit oppsving i talet på usaklege og hatefulle kommentarar i takt med aukinga av flyktningestraumen. Det verkar som det er meir stuereint å koma med dei mest horrible karakteristikkane av flyktningar.


Martin Luther King sa for 50 år sidan:

History will have to record that the greatest tragedy of this period of social transition was not the strident clamor of the bad people, but the appalling silence of the good people.
Altså: Den største tragedien er ikkje alle som er slemme, men alle dei gode som ikkje seier frå at det ikkje er greit.

Eg skal ikkje samanlikne situasjonen i Noreg i dag med rasediskrimineringsstoda i USA på 60-talet, men poenget er likevel det same. Eg VEIT at fleirtalet ikkje tenkjer slik så mange i kommentarfelta gjer, men det synast så sjeldan, fordi alle dei gode folka ikkje orkar …

10CC i Langesund

Bilde
10CC er ein av mine "guilty pleasures" på musikkfronten. Eg vaks opp med albumet Bloody Tourists pga mi 11 år eldre storesøster, og har alltid elska det.

Eg kjøpte meg ein PS4 denne veka, og testa m.a. om Singstar-mikrofonane fungerte til denne, og då måtte eg titte innom Singstar Store - der fann eg Dreadlock Holiday, og måtte berre laste den ned!

To dagar seinare (i dag) slapp så Wrightegaarden dei første bookingane til sumarens konsertar, og mellom Hellbillies og Postgirobygget har dei funne plass til 10CC. Etter tre år i Bamble har eg enda ikkje vore på nokre av konsertane på Wrightegaarden (!), men kanskje denne skal bli den første?

Så, eg går til Youtube og blir påmint om at tida har gått sidan 70-talet... Her er 10CC live i 2011:



Dei var utvilsamt litt kulare på Top Of The Pops i 1978:




Men uansett, musikken er bra, så kanskje det blir ein liten nostalgitripp til Langesund neste sumar!?

Då eg var 10 år i Narvik var det ikkje lett å forestille seg at dette bandet kom ti…