Innlegg

Viser innlegg fra november, 2015

Ei rar historie

Bilde
Her er ei rar historie eg har delt på Facebook før. men som fleire kanskje kan ha glede av For 30 år sidan, i 1985, kjøpte eg eit stereoanlegg. Eg var 15 år og hadde neppe spart, men det kan tenkjast at eg hadde tent nokre ekstra pengar.

Anlegget var rimeleg state-of-the-art til 1985 å vera, og det inkluderte m.a. eit par store Jamo-høgtalarar og golvstativ til desse. Høgtalarane likte eg svært godt og dei blei flittig brukt heilt til 2003 då vi flytta til Holmlia og dei svære høgtalarane ikkje fekk plass i stua lenger. Høgtalarane hamna dermed på loftet, og stativa blei gjeve til loppemarked ikkje så lenge etter.




I 2012, nesten 10 år seinare flytta eg frå Oslo til Stathelle i Telemark. Der fekk eg inreidd heimekontor og studio/mancave over garasjen, og endeleg kunne eg ta i bruk dei store gamle høgtalarane igjen!

Dermed fann eg høgtalarane frå restane av flyttelasset og bar dei ut i furtebua. Eg tenkte då at det eigentleg var innmari synd at eg hadde gjeve bort golvstativa, for d…