Fridom på 14 fot

Skumgummimadrassen var hard. Dyna var klumpete. Det var tidleg om morgenen. Eg var ein elleveåring som vakna tidleg pga varmen på rommet mitt. Det var ingen vits i å  liggja lenger. Eg klødde på eit nytt knippe med myggstikk. Vinduet måtte stå oppe om natta pga varmen, men det tydde også fritt fram for myggen.

Det var enda lenge til mamma og pappa stod opp, men det var berre ein ting som stod i hodet mitt - å koma meg ut i båten! Eg trur neppe eg rakk å spise noko. Eg heiv på meg ein shorts og sprang dei 50 metrane ned i fjæra, og dro inn båten frå fortøyninga. Medan eg dro inn tauet måtte eg fjerne tang som hadde hekta seg i tauet sidan kvelden før. Lukta av den våte brune tanga er god. Då baugen dunka i fjærsteinane hoppa eg ombord, skøyv frå, tilta ned den 6-hesters Yamaha-motoren. Båten var knall raud, 14 fot og heilt åpen. Den var fridomskjensle.



Eg vart fødd ein vårdag i april i Narvik i Nordland som attpåklatt i ein familie som no talte fem. Året var 1970, og mamma og pappa hadde ein grei økonomi sidan begge jobba, så dei hadde både bil og hyttetomt, og den sumaren stod hytta på Hekkelstrand mellom Ballangen og Kjeldebotn ferdig.

Foreldra mine var lærarar, og nytte godt av ein lang sumarferie. Det tydde at vi tilbrakte svært mykje av sumarhalvåret på hytta, og ho blei min andre heim. 

Minnene er fulle av varme, lyse sumardagar. Alle dei kalde, kjipe sumardagane som eg veit var mange, er borte. Dei som var, blei tilbragt med kortspel eller bøker og teikneseriar foran peisen, eller eg kledde på meg regntøy og dro ut i båten likevel! 

Den første tida hadde vi ein robåt på deling med gudforeldra mine som hadde hytta ved sidan av. Eg var ikkje gamal nok til å byrja på skulen, då eg første gong blei sendt ut aleina i den båten - utan redningsvest. Pappa knytte eit langt tau i baugen så han kunne dra meg inn til land dersom eg mista årene.

Det var utruleg stas då vi fekk den nye raude båten. Ei 14-fots Rana Plast jolle. Eg er usikker på kor gamal eg var, men det må ha vore ca 1978. Vi henta den i Ballangen på ein av dei fantastiske sumardagane. Eg hugsar varmen strålte frå det soloppvarma raude skroget som låg på land hos forhandlararen. Båten blei sjøsatt, motor blei skrudd fast og vi tøffa snart utover til hytta. Med 6 hestar til rådighet tok det si tid. Det er ei mil frå Ballangen til Hekkelstrand. Eg var i himmelen! 

Etter kvart byrja eg å mase om større motor - og overbygg foran - og ratt! For det såg jo mykje tøffare ut! Men pappa brydde seg ikkje om mine ynske. Han ville berre ha ein båt for å koma ut og fiske. Han hadde liten forståelse for mitt ynskje om meir fart og komfort. 

Men fiske gjorde vi - så og seia kvar dag. Sei, torsk, lyr, hyse - i kilovis. Det var som regel ikkje spørsmål OM vi fekk fisk - men kor stor - og kor mange. 

Nordpå er fjordane som regel heilt klare, og ein kan sjå botn på  mykje djupare vatn enn sørpå. Årsaka er kaldare vatn og difor mindre algevekst. Noko av det mest spennande eg kunne gjera var å speide etter steinbit som låg og solte seg på sandbotnen. Nokre gonger fanga vi steinbit med lodd. Det var eit tungt lodd med skarpe pinnar med mothaker på under. Dei blei senka ned i vatnet, og så var det om å gjera å sikte og sleppe loddet slik at det traff steinbiten. Det var viktig med godt samarbeid mellom den som styrte loddet og den som rodde. Var vi så heldige å treffa, satte mothakene seg fast i det seige steinbitskinnet. - Steinbitskinn er så kraftig at det blei brukt til sko og klær i gamle dagar. - Når vi drog opp steinbiten, som gjerne var ein meter lang, tung og sinna, så var det med skrekkblanda fryd vi dro fisken oppi båten og passa tærne for dei fryktinngytande tennene som vi hadde høyrd kunne knuse kva som helst. 

Låg eg lenger ute og fiska, eller berre dreiv med straumen hendte det at eg plutseleg kunne høyra lyden av nisa som kom opp og blåste luft. Det var eit ganske vanleg syn, men alltid spennande og eksotisk! Fleire gonger kom ho opp berre nokre få meter frå båten. 

Eg var mykje ute med båten - aleina. Heile dagane, gjerne. Eg hadde jo som oftast ingen å leike med då vi var på hytta. Det var ingen ungar i dei få hyttene som var i nærleiken, og foreldra mine såg det ikkje som noko oppgåve å aktivisere meg. Eg kan i grunnen ikkje hugsa så mange andre aktivitetar eg dreiv med, og eg kan ikkje hugsa at eg kjeda meg. 

Eg dro sjølvsagt også gjerne ut saman med pappa og fiska. Det var ofte om kvelden eller natta. Då kom vi heim i 1-2 tida på natta - i fullt solskinn, Eg sløyde fisken i fjæra, medan pappa drog båten ut til fortøyninga. Mamma var også med nokre gonger, men eg trur ho som regel satt heime i hytta og leste eller løyste kryssord. 

I løpet av heile oppveksten min hadde eg sjølvsagt aldri rednings- eller flytevest... Uansett kor dårleg vær det var. Eg eigde det ganske enkelt ikkje. Snakk om galskap! Som 10-åring tok eg med nevøen min på 3 ut i båten med mora si velsignign - sjølvsagt utan vest. Eg hugsar han skreik av skrekk, men var det nokre vaksne som gjorde noko? Neida. Det er neppe tilfeldig at han i dag er forskar på terrorisme!

Som tenåring var eg på fleire hytteturar saman med kompisar, og vi var også mykje ute i båten - i all slags vær. Det var med livet som innsats ved eit par høve. Det kan eg fortelja no når mamma og pappa er borte.

Så flytta eg frå Narvik til Oslo. Hytteturane blei sjeldne. Kanskje nokre dagar i året. Men den roen som senka seg i sjela då eg faktisk kom dit og kunne setja meg og sjå ut av vindauget i stua var ikkje til å ta feil av. Eg høyrde heime der. 

I 2001 var eg på ein av mine siste fisketurar med pappa på hytta. Eg var nordover berre eit par veker den sumaren. Mamma hadde gått bort i 2000 og det var ikkje lett for pappa. Det var stort sett berre drittvær heile tida, men vi fekk eit par dagar med pent vær og då dro vi på havet og fiska. Ein av nevøene mine var også med. 

I alle år hadde pappa snakka om den kveita han drøymde om å fange, men som tilsynelatande berre blei med draumen. På denne  eine fisketuren som eg fekk i 2001 - då slo den endeleg til. Pappa fekk kveita si. Ikkje ei 200-kilos, men ei pen 15-kilos! 

Eg er så glad for at eg fekk oppleva det saman med pappa, samstundes som eg veit at det var ambivalent for han, fordi han gjerne skulle delt det med mamma. Men det er eit godt minne uansett!

To år seinare var også pappa borte.

Hytta blei overtatt av ei av søstrene mine, Eg har besøkt hytta berre ein gong sidan. Det er plutseleg 10 år sidan, og no i 2015 skal ho seljast... 
Det er trist, men uunngåeleg. Eg kan jo framleis besøke staden, og det kjem eg sikkert til å gjera, men livet har gått vidare, og sånn må det vera. 

No bur eg slik til ved kysten av Telemark at eg har nesten like fin sjøutsikt frå stuevindauget som eg hadde på hytta, og denne sumaren får eg endeleg båt. Når det endeleg er realitet, og det ikkje er så lenge til eg kan leggja ut på vatnet - i ein rask båt med både overbygg og ratt, så har eg veldig nær kontakt med han elleveåringen som stod opp med hundre myggstikk og sprang ned i fjæra til den raude båten. Det kjennest veldig, veldig rett.

Eg har til og med fått båtplass rett nedanfor huset. Det er ikkje 50 meter, men det er kanskje 200 meter! Eg kan løpe ned stien ein varm morgon og leggja utpå før kona og ungane har vakna om eg vil! 
Gjett om eg vil...?

Kommentarer