Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2015

Fridom på 14 fot

Bilde
Skumgummimadrassen var hard. Dyna var klumpete. Det var tidleg om morgenen. Eg var ein elleveåring som vakna tidleg pga varmen på rommet mitt. Det var ingen vits i å  liggja lenger. Eg klødde på eit nytt knippe med myggstikk. Vinduet måtte stå oppe om natta pga varmen, men det tydde også fritt fram for myggen.
Det var enda lenge til mamma og pappa stod opp, men det var berre ein ting som stod i hodet mitt - å koma meg ut i båten! Eg trur neppe eg rakk å spise noko. Eg heiv på meg ein shorts og sprang dei 50 metrane ned i fjæra, og dro inn båten frå fortøyninga. Medan eg dro inn tauet måtte eg fjerne tang som hadde hekta seg i tauet sidan kvelden før. Lukta av den våte brune tanga er god. Då baugen dunka i fjærsteinane hoppa eg ombord, skøyv frå, tilta ned den 6-hesters Yamaha-motoren. Båten var knall raud, 14 fot og heilt åpen. Den var fridomskjensle.



Eg vart fødd ein vårdag i april i Narvik i Nordland som attpåklatt i ein familie som no talte fem. Året var 1970, og mamma og pappa ha…

Vi har kjøpt oss dromedille!

Bilde
Det er tre år sidan familien flytta frå Oslo til Stathelle i Telemark. Etter 23 år i Oslo var eg klar for å flytte på meg og verkeleggjera draumen om enebolig med sjøutsikt, og kanskje båt på havet.

Dei første sumarane hadde eg nok anna å gjera i hus og heim, og vi prioriterte ikkje båt. Vi titta ut på fjorden utanfor vindauget og drøymde oss bort i dyre båtar, men gjorde ikkje noko med det.

I fjor var eg imidlertid med ein kompis som hadde kjøpt seg ein 10-fots alubåt med fem hestar påhengsmotor, og då skjønte eg at det var tullete å ikkje ha båt. Det er betre med 10 fot og å koma seg utpå enn å ikkje koma seg utpå i det heile tatt!!

Draumen om ein båt til hundretusen får vente. Vi stila i staden ned og byrja i vår å sjå etter gamle båtar. Det finst mange gode båtar der ute som ikkje ser ut som all verda, men som flyt og har fasilitetane ein treng. Eg registrerte ein Finn-agent og har sjekka alt av båtar i vår prisklasse som har dukka dei siste par månadene. Vi hadde fylgjande krav:

1…

Bestefars historie frå 1940

Bilde
I dag trigga eit spørsmål frå ei skulejente på Facebook om Narvik under 2. verdskrig meg til å søkje litt informasjon som eg lurte på. Eg hadde funne fram Bjørn Bjørnsen si bok "Narvik 1940" på Universitetsbiblioteket. Det er fullt mogleg å lesa boka i nettlesaren dersom ein har norsk IP, og ein kan til og med søkje i boka. Eg las boka då eg var 12-13 år, men har ikkje lese den sidan.

Eit innfall gjorde at eg søkte på namnet til bestefaren min Henry Johnsen, og fann namnet hans i oversikta over kjelder, og kjelda var eit skriv frå 1962: NSB-Narvik distrikt under krig og okkupasjon 1940-1945.

Eg søkte og fann også dette skrivet. Og der fann skildringa under. Eg kjente til nokre små delar av historia, men mykje av dette var heilt ukjent for meg! Veldig moro for meg, sjølv om det ikkje er noko spektakulært ved historia. Andre har sjølvsagt mykje meir spennande historier frå denne tida. Det er imidlertid ikkje så viktig. Det som er viktig er at eg lærte litt meir av historia til…