Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2015

Nytt år, nye sjansar - til sjukdom og skade!

Bilde
Er det ikkje typisk? Det har gått nesten fire månader sidan førre innlegg. Eg er ingen bloggar. Eg har ikkje drivkrafta som skal til. Eg orkar berre skriva når eg vil eller må.
Det er jo ikkje slik at eg ikkje har hatt tid og anledning. Eg har også fem påbyrja utkast til innlegg som eg ikkje har fullført.
Her er utkast nummer seks...

Det viktigaste som har skjedd sidan sist, skjedde heilt i starten av året. 6. januar stod eg opp kvart på seks om morgonen for å reise til Oslo som vanleg på ein tysdag. Eg såg fram til litt aleinatid utan ungemas etter den lange juleferien, og eg såg fram til karatetreninga om kvelden.

Lokalbussen var litt forseinka som vanleg, og eg hadde det travelt om eg skulle rekke Sørlandsekspressen frå Rugtvedt. Eg måtte løpe med sekken på ryggen. Over gangbrua over E18, men rett på andre sida var det stopp.

Pang, sa det.

Eg låg plutseleg og kava på bakken. Smerten var intens i høgre ankel, og eg brølte. Verkeleg brølte. Eg skjønte umiddelbart at ting ikkje var re…