Retrospel

Litt nerding.
Eg lova i eit anna mimreinnlegg at eg skulle skriva litt om retrospeling.
Opp gjennom tidene har eg spelt mykje dataspel og tv-spel som det heitte ein gong i tida.
Eg hadde ein kompis med ein teknologisk interessert pappa. Han hadde med seg heim eit tv-spel ein gong, og det var vel det første møtet mitt med tv-spel. Det hadde pong, og nokre andre variantar av tilsvarande spel. Kontrollane var potentiometer. Ikkje noko anna. Men moro!


Ved neste korsveg ca 83 fekk eg min første datamaskin. Ein Sharp MZ-700. Kompisar hadde Commodore 64 og etter kvart Amstrad som hadde mykje betre grafikk, men det brydde eg meg ikkje om!


Nintendo Game & Watch var stort. Eg hadde eit spel, og spelte det konstant. Snoopy Tennis. Donkey Kong var kongen på haugen, på meir enn ein måte, men var for dyrt, så det måtte eg låne av ein kompis.



Eg spelte for øvrig bort all ukelønn og meir til på automatar på gatekjøkken. Klassikarar som Pacman på Villabyen gatekjøkken i Narvik og Asteroids i bordversjon på Havnekafeen!
På bakrommet på Rallarn Pub & Kro hadde dei m.a. Galaga og Centipede. Aller best var imidlertid Evas Gatekjøkken. Det hadde dei m.a. Pole Position og etter kvart det fantastiske Firefox, etter filmen ved same namn. Det brukte ekte film og var SÅ realistisk! :-P



Eg byrja å jobbe med PC då eg flytta til Oslo i 1989, men brukte ikkje PC til spel før eg kjøpte min første heimePC i 1991. Eit fartsmonster med 386SX- prosessor og 2MB ram... Sjølvsagt ikkje internett.  Det var enkle spel som gjekk til den, eg trur det som blei spelt mest på den var minesveiper! Eg hadde ein kollega som ga meg ein kopi av Doom , men eg hadde ikkje plass på den 40mb-harddisken til å installere det! PC-speling kom difor eigentleg ikkje i gang før 1996 då eg fekk min første PC med internett.



Eg er jo stor Star Wars-fan, og eitt av dei aller første spela eg skaffa meg var Tie Fighter. Og då Xwing vs Tiefighter kom i 1997 var eg solgt. Eg brukte nesten all ledig tid på det i lange tider, og  spelte det og Xwing Alliance regelmessig i 2-3 år. Eg har sidan installert og spelt Xwing Alliance med eit par års mellomrom sidan, og spelte det sist i fjor. Eg har prøvd mange andre spacesims, men har ikkje funne noko som kjem opp not opplevinga til dei gamle spela!
Det er ikkje eitt år sidan sist eg spelte Xwing Alliance. Framleis veldig moro, og om grafikken ikkje er 2014, så er spelopplevinga stor. Det er ingenting som slår ein spacesim som krev bruk av joystick!

Det var (er) også eit stort community basert på XvT. Eg var medlem i Tie Fighter Alliance i fleire år, og var leiar av den europeiske skvadronen ei stund. TFA eksisterer enda og det er framleis mange som spelar!



Rebellion er eit anna Star Wars spel som eg har brukt mykje tid på . Det kom også i 1997. Det er eit real time strategispel der ein kan velja mellom å spela Rebels eller Empire. Eg spelar konsekvent berre imperiet. Det gjeld også i XvT/Xwing Alliance. Imperiet har mykje kulare skip, og det er mykje meir moro å vera slem!

Rebellion har høg lærekurve, men er moro når ein kjem inn i det. Eg var sjukmeldt eit par veker i 97 med eit skada kne, og då spelte eg Rebellion frå morgon til kveld i dagesvis. Det tar relativt lang tid å fullføre, både single player og multiplayer. Eg har spelt ein runde med Rebellion også det siste året.

1997 var definitict eit bra spelår, for då kom også ein stor klassiker: Theme Hospital. Det er eit sjukehussimulatorspel med utruleg artig humor. Det har kome i versjonar for alle plattformar sidan, og er framleis spelt mykje.

I 2000 kom Noone Lives Forever (NOLF). Det var eit banebrytande FPS-spel. (First Person Shooter) med kvinneleg helt, bra speloppleving, god singleplayer og kjempebra multiplayer. Det kom ein glitrande oppfylgjar også. NOLF har eg spelt i seinare år også. No er grafikken datert, men moro likevel!

Eg fekk Playstation til 30-årsdagen min i 2000, og det første spelet eg kjøpte var Gran Turismo. Eg har ikkje spelt dei eldre spela i seinare tid, men har spelt alle og runda dei fleste, til og med det nyaste Gran Turismo 6.

I 2002 kjøpte eg mitt første FPS krigsspel. Battlefield 1942 var banebrytande for si tid, i og med at ein kunne løpe rundt og skyta folk, men også hoppe inn i og bruka kjøretøy, skip og fly. Battlefield-serien er ein av dei mest suksessfylte spelseriane, og eg har spelt alle fram til og med Battlefield 2, men har ikkje fulgt med etterpå. Eg har spelt Battlefield 1942 fleire gonger etterpå, og kjenner i skrivande stund at eg har litt lyst til å teste det igjen.



Eg er ellers ikkje så glad i FPS krigsspel i moderne setting. Eg foretrekk heilt klart krigsspel satt i WWII-univers. Eg har spelt mykje Call Of Duty på PS3, men Modern Warfare er ikkje så interessant, synst eg. Eg likar begrensinga som dei gamle våpna gir. Kanskje er eg berre gamal... :)

Eg har faktisk ikkje kjøpt eit PC-spel på lenge. Eg spelar klart oftast på PS3 no for tida. Når eg ein sjeldan gong spelar på PC'en innimellom er det med eitt unntak gamle spel eg spelar.
Unntaket er at eg har blitt utruleg glad i å spela War Thunder, eit flykamp"simulator"spel med fly frå WWII.

Som småbarnspappa og med krevjande jobb og mange hobbyar har ein slett ikkje tid til å spela alt, og då blir i alle fall eg ganske kresen på kva spel eg brukar tida mi på. Det er kanskje det som er årsaka til at eg gjerne spelar favorittspela mine frå gamalt av, heller enn å prøve nye. Eg veit fleire som har eit slikt tilhøve til bøker. Dei les så sjeldan at når dei faktisk les ei bok så er det bet
re å lesa ei bok ein har lest før og veit er bra, enn å " kaste bort tida" på å lesa ei bok som ein kanskje blir skuffa av.

Det er også eit aspekt ved å spela gamle spel som går på det å forbetre prestasjonane frå gamalt av, og/eller å utforska ei verd enda meir. Eg har returnert fleire gonger til t.d. Uncharted-serien på PS3 for å finna gløymde tokens og skaffe manglande trophies. Trophies er jo absolutt eit aspekt ved PS3-spel som gjer retrospeling attraktivt.

Det hender og at eg finn fram nettversjonar av gamle arcade-favorittar. 

Kommentarer