Meg og musikken

Eg har drive med musikk sidan eg var ein neve stor. Eg vaks opp med eldre søstre og fekk tidleg inn musikken. The Beatles var favoritt heilt frå starten. Også Bee Gees, Pink Floyd og Queen. I fjerde-femte klasse byrja eg på gitarkurs med svigerbroren min sin frykteleg tungspilte halvakustiske gitar. Eg kan enda hugsa gitarlæraren sine desperate forsøk på å stemme den.
Men den såg veldig kul ut, og det var jo sjølvsagt det viktigaste!

Etter å ha lært å mestre både Tom Dooley og Lille Vackra Anna frå Lillebjørns gitarbok byrja eg å lage låtar på eiga hand. Klassikarar som "Rock, rock, rock" såg dagens lys, men eg blei ikkje oppdaga.

Eg og nokre kompisar hadde som mål å bli det nye Beatles - i ei tid då "alle" var Kiss-fans.

I femte og sjette klasse var det opptreden saman med eit par kompisar på klasseavslutningar med Beatleslåtar. From Me To You i femte, og A Hard Days Night i sjette.

Då eg byrja på ungdomsskulen i sjuande møtte eg nye folk som fekk mykje å seia for utviklinga mi, og eg byrja å spela i mitt første riktige band: Disel. Eg oppdaga også at dei låtideane eg hadde i hodet blei til virkelighet når eg samarbeida med Knut Einar. Vi spelte ei blanding av coverlåtar og eigne låtar i ei rekke med bandkonstellasjonar fram til vi gjekk på vidaregåande. Vi spelte på store og små scener, og blei intervjua og spelt i NRK Radio av Steinar Fjeld. Det innslaget skulle eg likt å høyra igjen!

Så blei det slutt på samarbeidet med Knut Einar. Vi blei faktisk skikkeleg uvener og snakka ikkje med kvarandre i over to år, trass i at vi gjekk i samme klasse. Då blei det også slutt på låtskrivinga. Eg fann ikkje noko nytt band på lenge, men dreiv som DJ, og hadde ei kort periode ei rappegruppe som mellom anna deltok og blei nummer to i rappekonkurranse på Rock Mot Rus på Andøya i 1987!

DJ Zip. (Foto: Kjetil Moe)

Då eg var ferdig på vidaregåande flytta eg til Oslo, og der hadde eg ingen musikervener den første tida. Eg hadde alt mogleg anna å driva med, så musikken blei lagt på hylla ein periode. Eg var imidlertid aktiv som sjåfør og turneleiar for Abra Kadavra, ein gjeng med gamle bekjente frå Narvik. I seine nachspieltimar i øvingslokalet med dei, hendte det ofte at eg hamna med hendene i ein bass, og det opplevde eg som å koma heim! Eg hadde kjempa med gitaren i alle år, og så viste det seg at det er bassist eg er!

Eg kjøpte meg snart ein bass, og fekk straks plass i eit band. Det blei berre ein spelejobb på Musikkens Dag med dette bandet, men det førte til at eg blei kjent med gutta i Fuzzbaby, og der blei eg verande i eit par år. Det var lenge eit bra band med store ambisjonar. Dei hadde gjeve ut ein EP før eg kom inn, og hadde mykje av det som skulle til for å få det til. Dei to gitaristane i bandet var også låtskrivarar, og dei stod for alle låtane. Eg bidro med utvikling og arrangering av låtane i øvingslokalet - som vi forresten delte med Raga Rockers!

Vokalist Lars i Fuzzbaby forlot bandet til fordel for skriving og fluefiske (!) og bandet blei historie. Etter nokre månader satte eg annonse i bladet Musikkpraksis og fekk kontakt med gutta i bandet Piggyback i starten av 1999. Dei hadde booka ein gig på Pigalle i juni saman med eit par andre band, men mangla enda bassist!



Bandet var i utgangspunktet litt for mjukt i kantane for min smak, basert på demoen dei presenterte, men eg høyrde eit fantastisk potensial, og blei med. Det var ei strålande oppleving veldig lenge. Mange flotte gigs, ein EP og eit par singlar. Dette var i tida då det tok av med musikk på nett, og eg jobba med internett, så eg skaffa oss mykje god PR over nett. I Piggyback var det Tommy Ottosen som var låtskrivar for det aller meste. Han er i seinare tid blitt kjent som Tommy Tokyo, og han er ein fin, men spesiell fyr som ikkje lar seg styre av andre i nokon grad. Heller ikkje på den tida. Det medførte nokre spesielle situasjonar og eit ganske høgt konfliktnivå. Det kulminerte på ei øving før jul i 2001 då eg i frustrasjon heiv bassen i golvet og sprang bort for å slå Tommy. Eg er ein uhyre roleg og lite valdeleg person, så når det hadde gått så langt, fann eg ut at det var på tide å avslutte det kapitlet. Eg er likevel stolt av det vi fekk til, og det er nok det nærmaste eg har vore å gjera suksess med musikken.




Det siste tradisjonelle bandprosjektet eg var involvert i, var Dawn Of Ages. Eit kortliva bandprosjekt med berre ein konsert på Skuret på merittlista. Då det bandet kræsja, var eg demotivert for vidare satsing på musikk. Det var blitt 2004, og eg satsa på andre hobbyar i ein lang periode. Så blei eg pappa i 2006, og tida ein hadde til rådighet på fritida blei borte.



Det var først då vi dro i gang jubileumsfest for Russ-89 og russebandet Snorkelfjord Forbund av 1989 og Konditori blei gjenforent at eg kom i gang igjen. Tord, vokalisten i russebandet og eg hadde det så moro at vi heldt fram på eiga hand, og prosjektet kjent som Kustus blei realitet.

Kustus var basert på ukentlege treff i heimestudioet mitt, utan ambisjonar om å spela konsertar. Vi er begge inspirert av same type musikk, og vi likar også begge å leika oss med visuelle utrrykk, så vi hadde ein idé om å gje ut enkeltlåtar etter kvart, og lage musikkvideoar også.  Som sagt, så gjort. I 2011 ga vi ut Tenke På Det, og i 2012 ga vi ut Putekrig.



Så blei det endringar igjen. Eg flytta frå Oslo til Stathelle i mai 2012, og Tord blei pappa igjen. Det har gjort at samarbeidet om nye låtar og videoar dessverre har stagnert.
Alt ligg eigentleg svært godt til rette for å gjera nye ting, for eg har sidan eg flytta til Stathelle fått etablert heimestudio i eit anneks over garasjen, og det er jo eigentleg draumen som har blitt verkeleg! Eg kan gå ut og lage musikk når eg vil, og gjer det til ein viss grad - men alt for lite. Kvifor?

Eg har innsett at eg er avhengig av å samarbeida med andre for å koma nokon veg med musikkprosjekt. Eg er for kritisk på eiga hand, og eg treng nokon til å vera med og høyra på i det minste, og skjæra gjennom og seia "dette er bra" og "dette er dårleg", og ha nokon å kaste ball med om nye idear.

Tone som eg har vore kjærast med i over 12 år er eigentleg ein betre musiker enn meg, og vi har dei siste månadene endeleg byrja å spela meir saman. Det er utruleg moro, og det gjer at musikken er meir til stades i det daglege, sidan vi begge kan prioritere det midt i dei daglege gjeremåla og pass av ungane. Det er (foreløpig) på eit lite ambisiøst nivå. Eg spelar akustisk gitar og bass, og Tone spelar akustisk gitar. Tone syng, og eg korar. Foreløpig berre coverlåtar.
Då vi gifta oss i august, stod vi sjølve for underhaldninga og spelte tre låtar. Det var veldig moro, om enn ikkje så bra som vi sjølve hadde håpa...


Musikken er veldig viktig for meg, og eg har meir lyst til å spela i band igjen også, no. Kjensla av å stå på scena er noko eg saknar. Eg vil også ha meir Kustus, og spela meir med Tone. Kan eg få Tord oftare på besøk i studio? Kan eg finna nokre fleire å spela med her i Grenland?  Det er dessverre ingen av dei eg har blitt kjent med etter at eg flytta hit som har evner og/eller lyst til det same som eg, så eg er avhengig av å treffa nokre andre musikarar her nede. Men kor?

Kommentarer