Kvifor ikkje Supertorsdag?

Etter å ha flytta til "bygda" har vi fått ei ny utfordring som vi har sloppe å forhalda oss til før.

Åtteåringen kom for ei tid tilbake gledesstrålande heim og spurte om ho kunne vera med venninna si på Supertorsdag! Vi skal bake og lage mat! Supertorsdag høyrast jo gøy ut, det synst jo eg også. Eg måtte svare fort, så eg sa ja på rappen, sjølv om eg mistenkte kva det er.
Ho dro dit og koste seg masse.

Så kva ER Supertorsdag?
Supertorsdag er eit arrangement som Betania i Stathelle har kvar torsdag for barn mellom 5 og 12 år.

Vi møtes hver torsdag kl. 18.00 i salen til samling hvor vi synger, leker litt og har en andakt, før vi går i ulike interessegrupper. 
Vi har følgende interessegrupper barna kan være med på: 
NonStop (dans) | Mat & hobby | Royal Rangers (speider) | Sport & Spill

Det høyrast jo greit ut, og ungane elskar det. Halve klassen til åtteåringen plar vera der kvar torsdag.
For eit par dagar sidan kom ho så heim og spurte om ho kunne vera med dit igjen. Denne gongen visste eg litt meir, og fekk henne til å bli heime saman med nabojenta, så vi kan snakke om det seinare.

Kvifor det? Kvifor likar eg ikkje at ho går på Supertorsdag? Dette er tankar som eg må tenkje gjennom før eg kan snakke med henne om kvifor ho ikkje får dra dit.

Problema er fylgjande:
1) Dette er eit kristent arrangement. Sjølv om det er flotte aktivitetar som dans og matlaging, så er det pakka inn med innlagt andakt, forkynnelse og dermed ein heilt klar agenda.

2) Det er naturleg for oss å engasjere oss på eit eller anna nivå i aktivitetane som ungane er med på - ikkje minst for å bli kjent med dei vaksne og få eit inntrykk av korleis dei har det der. Det er av naturlege årsaker heilt uaktuelt for oss å engasjere oss i dette.

3) Det største problemet er at dette er Betania, og Betania er ein del av pinsebevegelsen i Noreg. Det er ein menighet med bokstavtru på bibelen, altså at som står der er sant, og dei har såleis eit konservativt syn på viktige saker, og dei har t.d. vore berykta for å ha prøvd å "kurere" homofili, dei er mot homofilt partnerskap, og har eit konservativt syn på sex og samliv, som t.d. tyder at dei er mot sex før ekteskapet.
Det har visstnok vore ein gjengs praksis i pinsebevegelsen å tolerere homofile i menigheten, så lenge dei lever i sølibat... Artiklar som dette seier meg i grunnen alt eg treng vita om kva haldningar som finst i Pinsebevegelsen, og det som har kome fram om t.d. pinsemenigheten i Knutby etter drapa der i 2004 gjer heller ikkje skepsisen min mindre.

Eg har respekt for dei kristne. Ein skal få lov til å tru det ein vil, men eg har eit stort problem med dei kristne som ikkje aksepterer legninga til mange vener og familiemedlemer, og det synet dei har kan eg ganske enkelt ikkje akseptere at dei formidlar til ungane mine!

Åtteåringen min er inneforstått med, og synst det er heilt naturleg at nokre av dei ho kjenner har kjærast av samme kjønn. Ho har aldri synst det er rart eller feil, og det er eg stolt av. Kvifor skulle ho tenkja noko anna? Ho har jo ikkje opplevd noko anna!
Det er ikkje lenge sidan ho blei fortalt at det faktisk finst mange folk som ikkje aksepterer at andre er homofile, og då blei ho regelrett sjokkert og lei seg! Skrekkscenarioet er at ho skal koma heim frå møter i denne menigheten med nye idear om at homofili er "feil", og det vil eg ganske enkelt ikkje risikere. For alt eg veit veks ho opp og oppdagar at ho er sjølv er homofil!

Betania Stathelle har også eit utstrakt samarbeid med menigheten Livets Vann. På heimesidene deira finn eg m.a. seminar om såkalla Intelligent Design. Dette er emne som eg overhodet ikkje kan akseptere at ungane mine får opplæring i som sanningar.

Åtteåringen seier sjølv at ho trur på gud, og det har eg ikkje noko problem med. Eg fortel ho sjølvsagt at eg ikkje trur på gud, og kvifor, men ho skal få ha si eiga oppfatning. Dersom ho vel å døypa seg når ho blir vaksen, så er det hennes val, og eg kjem til å respektere det, men eg kjem sjølvsagt også til å gjera alt eg kan for å overtyda henne om kva eg meiner er riktig.

Eg kan hugsa at eg sjølv rekna meg som kristen då eg var unge. Mest fordi det var vanleg. Eg fann likevel ut på eiga hand at det ikkje kan finnast nokon gud, og eg troppa personleg opp på menighetskontoret og meldte meg ut av statskyrkja då eg var 16.

Eg håpar inderleg at ungane mine veks opp til å bli tolerante menneske med respekt for alle andre menneske og livssyn, men med null respekt for dei som ikkje respekterer andre, og utan at dei forklarer naturen med noko anna enn vitenskap.

Difor får heller ikkje ungane mine dra på Supertorsdag, uansett kor mange av venene deira som går der, og kor moro dei har det.

Kommentarer