Driv kyrkja med medlemsjuks?

Eg frusta i førre innlegg over at minstepia mi tydelegvis figurerer i Den Norske Kyrkja (DNK) sitt medlemsregister trass i at eg var sikker på at både eg og Tone var utmeldt.

Der tok eg feil gitt. Eg sendte ein litt hissig men hyggeleg mail til Bamble Menighetskontor med spørsmål om korleis dette kunne ha seg, og fekk svar etter eit par dagar frå ei hyggeleg og ganske audmjuk dame som beklaga, men kunne melda at Tone framleis stod som medlem i statskyrkja.
Sukk... Ho har berre meldt seg ut to gonger før. Kan det vera riktig at det skal vera så jævla vanskeleg å melda seg ut?

Eg opplevde jo også det same. Eg troppa opp på kontoret til Narvik Menighet i 1986 og sa eg ville melda meg ut. Det var ikkje berre eit skjema eg måtte fylla ut då. Eg måtte faktisk inn og snakke med sognepresten først! Han ville altså forsikre meg om at eg fullt forsto implikasjonane ved å melda meg ut. Anyways, skjema fylt og levert, og eg trudde alt var ok.



Tidleg på 90-talet fekk eg imidlertid brev frå DNK, og då skjønte eg at eg framleis måtte stå som medlem.
 Beklager, sa dei. Det stemmer. Du står framleis som medlem. Men no skal vi melda deg ut.
Takk skarru faen mæ ha, sa eg.
Seinare har eg sjekka og det er riktig. No er eg faktisk utmeldt, og har heldigvis vore det i alle fall 20 år.

Tone, derimot, har no meldt seg ut for tredje gong. Denne gongen pr e-post, og ho blei lova stadfesting av utmelding i posten. Vel og bra, men det var på tide, og vi skal definitivt sjekke igjen, for ein kan tydelegvis aldri vera trygg,

Det er ikkje tvil i mi sjel om at DNK spekulerer i dette. Det er viktig for dei å oppretthalda eit høgt medlemstal. Det er jo medlemstalet som m.a. avgjer kor mykje av skattepengane våre dei får.

Kvifor er ikkje medlemskap i DNK noko ein handterer personleg, på same vis som mitt medlemskap i Human-Etisk Forbund er noko eg sjølv administrerer? Eg må jo betale medlemsavgift til HEF. Eg lurar på kor mange medlemer DNK hadde hatt dersom medlemskap var avhengig av at medlemene betalte litt for medlemskapet? Ikkje slik som det er no, at det ikkje kostar nokonting, og dei som faktisk ynskjer å melda seg ut blir aktivt motarbeidd.

Det er definitivt noko uggent med heile opplegget. Er det medvite? Er det juks?

Kommentarer