Den arrogante norske kyrkja

I dag datt det ned i postkassa brev frå Den Norske Kirke, Bamble Menighet adressert til treåringen min. 

WTF, tenkjer eg. Here we go again. Det er invitasjon til poden for å få den såkalla fireårsboka.

Jasså, seier du kanskje. Det er vel ikkje noko å hisse seg opp over?
Jo det er faktisk det! Eg synst det er noko forbaska drit at dottera mi står i den databasen som ho tydelegvis gjer. 

"Dette registeret viser oss hvem som er døpt, og hvem som har en eller begge foreldrene som medlem i kirken" står det. Minsta er i INGEN av desse kategoriane. Kvifor i svarte er ho då i registeret?

Ho er ikkje døypt, og verken eg eller mora hennes er medlem i statskyrkja. Ikkje er storesøstera døypt, heller. Kvifor er då minsta mi der? Gjev dei berre faen i å ha eit riktig register? Kopierer dei berre folkeregisteret? Dei får pengar frå staten basert på medlemstalet. Er dette måten dei opprettheld det høge medlemstalet? 



Kva ville folk sagt om ungane deira automatisk blei registrert i medlemsregisteret til ein muslimsk organisasjon? Eller Humanetisk Forbund? Det hadde blitt ramaskrik! Men fordi det er kyrkja, så er det greit?

NEI DET ER IKKJE DET!

For the record: Eg er ikkje nokon fanatisk hedning. Eg har, som dei fleste andre, mange vener som er kristne. Eg har familie og vener som er prestar, til og med. Alle er fine folk, og eg respekterer livssynet deira, på same vis som eg respekterer livssynet til muslimar, hinduar og andre. Størstepia på åtte seier ho er kristen, og har fått vera med på kristne aktivitetar her i bygda saman med venninner.  Eg er likevel trygg på at ho finn ut kva som er rett med tid og stunder. Men om ho likevel ynskjer å døypa seg når ho kan velja det sjølv, så får ho også lov til det. Det er hennes liv og hennes livssyn.

Eg er sjølv døypt, og eg sang i Narvik Guttekor og var i kyrkja på korøving kvar veke i mange år. Eg valde imidlertid å ikkje konfirmere meg, og eg troppa sjølv opp på kontoret til sognepresten og melde meg ut av statskyrkja då eg var 16. Det høyrer med til historia at det ikkje gjekk i orden før etter mange år med masing. 

Eg er altså ikkje forbanna på kristne og livssynet deira, men eg er forbanna på den haldninga som medlemsorganisasjonen Den Norske Kirke har til oss som ikkje ynskjer å vera med! 

På same vis som kristne foreldre vel å døypa ungane sine og melda dei inn i statskyrkja, så forventar eg at eg kan velja det BORT for mine barn! Og det skal ikkje måtte vera eit aktivt val ein må gjera når ungen blir fire!

Det er arrogant av kyrkja. Ganske enkelt arrogant! På mandag skal eg ringja dei og melda henne ut og få svar på korleis ho hamna der.

Kommentarer

  1. Veldig spent på å høre hva kirka svarer til dette.
    Jeg er helt enig i at det ikke er greit at hun finnes i et register der hun ikke skulle vært.
    Her er det noe som skurrer.
    Vi fikk jo også dette brevet men da begge barn og jeg selv er medlem av statskirka så er det helt naturlig og en helt annen sak.
    Om faren er medlem eller ikke, ja se det har jeg faktisk aldri spurt om.
    Det har jeg aldri en gang tenkt over før nå----------------

    SvarSlett

Legg inn en kommentar