Bomtur

Onsdag, og eg har vore på Feiringklinikken til den planlagte angiografien på den andre kransarterien som viste teikn til forkalking. Vi har berre ein bil i familien vår, så det var ikkje aktuelt å ta denne. Fruen må ha bil til henting og levering i barnehagen. Eg vurderte å leige bil, men då hadde eg måtta reist tysdag kveld pga rushtida inn til Oslo om morgonen. Så då fann eg ut at det var like greit å ta morgonbussen. Den samme avgangen med Sørlandsekspressen som eg plar ta når eg skal på jobb i Oslo.

Starta med lokalbuss klokka 06:10. Den var sjølvsagt tre minutt forsinka, og eg har i utgangspunktet 7 minutt å gå på for å ta meg frå busstoppet på Rugtvedt kryss til Rugtvedt terminal, så då blei eg passe nervøs for ikkje å rekke det. Sørlandsekspressen var imidlertid litt forsinka som vanleg, så det gjekk bra.

To timar og tjue minutt i slumreland, så var eg framme på bussterminalen. Der måtte eg vente 1 time og 20 minutt på Gjøviksbussen som skulle ta meg til Feiring. Bah. Ikkje fekk eg lov til å verken spise eller drikke kaffi før inngrepet. Eg skeia kraftig ut med ein halvliter Villa Farris i staden! Sugar in the morning!

Bussen gjekk presis, og halvanna time på E6 gjekk ganske greit. Fem timar og førti minutt etter at eg dro heimefrå, rusla eg ned bakken til klinikken og blei plassert på venterom saman med ein annan gæmlis.

Feiringklinikken er skikkeleg på landet!

Etter ei stund blei eg henta av sjukepleiar, og den vanlege runden med EKG, blodtrykksmåling og innsetting av veneflon var eit faktum. Etter ei stund tilbake på venterommet blei eg så ringt opp og bedt om å møta opp hos legen. Vel framme på kontoret blei eg så spurt om korleis det gjekk, og eg sa det som det var - eg er i betre form enn før det førre inngrepet. Eg har vore og gått og løpt i lysløypa kvar dag sidan eit par dagar etter at kom heim, og sist helg var eg på treningssamling i karate på Os utanfor Bergen.

Jasså, sa legen då. Ja men då trur eg berre du kan dra heim.
Hæ??

  • Den første tanken som slo meg er: Å nei! Har eg reist heile den lange vegen forgjeves??
  • Den andre tanken som slo meg er Å nei! Tone kjem til å få hetta dersom dei ikkje gjev meg ein stent.
  • Den tredje tanken som slo meg er: Å nei, så flaut. Alle venene mine må jo tru eg er ein hypokonder eller noko slikt, som lagar så mykje styr for ingenting.
  • Den fjerde tanken som slo meg er heldigvis: Hurra! Det er som eg trur. Eg er ikkje så sjuk som eg var redd for. - Og det visste eg jo. 

Ein litan usikkerheit er jo der: Burde dei ikkje ta ein titt, i det minste? Sidan eg likevel er der? Dei sa for tre veker sidan at dei måtte ha meg inn så dei kunne måle trykket på den sida av arterien som er bak der innsnevringa er. Kvifor vil dei ikkje no?

Jo, sa legen. If it works, don't fix it. Eg har jo ingen symptom no, og det er ingen grunn til å tru at den skal tettes igjen i første omgang. Ein viss risiko er det også ved eit slikt inngrep, og sidan innsnevringa er der arterien delar seg, er det enda meir problematisk å setja stent. Så når ein veier for og i mot i mitt tilfelle, er det beste at eg drar heim. Så rekvirerte han ein belastningstest på Telemark Sjukehus seinare i haust som oppfylgjing. og sendte meg på dør.
Deretter blei eg geleida inn til overvåkningsposten av den same fantastisk hyggelege sjukepleiaren som sist eg var der, fekk eit par brødskiver og ein kaffikopp, fekk dratt ut veneflonen og så fekk eg vita at bussen gjekk om ein og ein halv time.

Ringjer Tone. Ho er overraska over at eg ringjer så raskt. Eg hadde sendt melding då eg gjekk til legen. Eg forklarer situasjonen, og ho reagerer omtrent som venta. Ho er ikkje heilt nøgd, men bestemmer seg til slutt for at det er gode nyhende. Og det er jo det det er!

Jaja. Sju timar til eg kunne vera heime. Tre, dersom eg hadde hatt bil... Angra litt. Venta på bussen. Tok ein selfie på busstoppet.



Satte meg på bussen. Bra sete, ikkje fullt. Eg har blitt proff busspassasjer sidan eg starta å vekependle til Oslo for over to år sidan!. Eg veit kva eg kan forvente og kva eg er nøgd med. Ein toseter aleina er aldri feil.  Eg døser bort igjen før vi er ute på E6, men vaknar brått i det ei dame ristar i meg og seier med lys stemme "Nå er vi fraaaamme!". 
WTF? Eg ser ut, og ser avgangshallen på Gardermoen.
Eg skal til Oslo, ditt nek! har eg lyst til å rope etter dustedama, men ho var allereie ute av bussdøra.

Får ikkje sove meir, og høyrar på musikk fram til vi er i Oslo. Eg har sjekka busstider, og ser at eg har sjans til å rekke Konkurrenten sin avgang klokka 17. Klokka 16:50 står vi i kø i Vålerengatunnelen. Eg gir halvvegs opp. Så løsnar det, og bussen kjem fram til bussterminalen to minutt på. Eg rekk bussen, og slepp å venta ein time og eit kvarter på neste. Den dyraste billetten til Sørlandsekspressen kostar 60 kroner mindre enn den eg betalar hos konkurrenten, men eg ventar ikkje ein ekstra time for å spare skattebetalarane for 60 kroner. Sorry!

Tre timar seinare sit eg i sofaen heime. 14 timar etter at eg dro. Rimeleg sliten, men i grunnen nøgd. Eg er hjartesjuk, men ikkje SÅ hjartesjuk! Det kjennest ikkje som bomtur.

Kommentarer